Kulturhistorisk leksikon

Monument (237)

  • Hårfagre-parken på kongsgarden Husabø i Leikanger

    Liten park til minne om stor konge – Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike. Hårfagre-parken har adresse Strandavegen; eit kort stykke frå kaien på Leikanger. Systrond sogelag opna parken og avduka minnestein hausten 2015. På steinen står skrive: HARALD HÅRFAGRE norsk konge med røter i Sogn TIL MINNE.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Tre kunstverk av Skule Waksvik i Aurland

    Sogn og Fjordane har minst sju arbeid av bilethoggaren Skule Waksvik. Tre av dei er å sjå i Aurland kommune; tre dyreskulpturar; eit reinsdyr, ein bjørnunge og ei geit. Dei har fått sin plass på Aurlandsvangen, i Flåm og i Undredal, til kveik både for fastbuande og tilreisande.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minne om omkomne på Stadhavet

    Sommaren 2010 fekk fjellet Kjeringa ytst på Statlandet (Vestkapp) eit nytt landemerke: - ein vêrradar forma som ei kule plassert på eit oppmurt fundament/hus. Ved sida av inngangsdøra finn vi eit metallskilt med diktet Stadhavet. Det er sett til minne om omkomne på Stadhavet.

  • Minnestein over Bernt Askevold

    Like ved kyrkja på Askvoll står ein nær 3 meter høg minnestein over Bernt Askevold. På baksida er innhogge: "Venner paa begge sider av havet reiste dette minne". Askevold utvandra til Amerika i 1873, tok teologisk utdanning og var prest i fleire kyrkjelydar. Han kom heim att i 1922 og budde dei siste leveåra i Askvoll.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Gjelsviksteinen

    Professor Nikolaus Gjelsvik (1866-1938) var fødd på garden Gjelsvik i Vevring kommune, no Askvoll kommune. Han vert rekna som ein dei største juristane landet har fostra. Gjelsvik la og ned eit stort arbeid i målrørsla, ungdomslagsrørsla og fråhaldsrørsla. I 1941 reiste folket i Sunnfjord ein minnestein på fødestaden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein over Christen Jenssøn

    Kring 1950 kom det for dagen ein stor hellestein med gamal innskrift på kyrkjegarden ved Askvoll kyrkje. Dei innhogde bokstavane CIS passa med Christen Jenssøn, prest i Askvoll 1636-1653, og forfattar av den fyrste ordboka med ord frå norsk talemål. No står steinen ved kyrkja som minnestein over Christen Jenssøn og ordboka hans.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein i Vadheim over falne i krigen 1940-1945

    To ungdommar frå Vadheim sette livet til under krigen 1940-1945. Begge omkom i krigsforlis, den eine om bord på panserskipet Eidsvold i norsk farvatn, den andre om bord på lasteskipet Polarland utanfor den nordamerikanske austkysten. Etter krigen reiste ungdomen i Vadheim ein minnestein over dei.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minnestein om dødsulukke i Fresvik

    I 1904 skjedde ei stygg arbeidsulukke i Fresvik. Anna Thorkildsen fekk ei tung grasrodde (ein rund høyball) over seg som kosta henne livet. Ei tid etter vart det sett opp ein stein på ulukkesstaden ssom mange år seinare ramla over ende. I 2001 gjenoppdaga skuleelevar minnesteinen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein over korporal Kolbjørn K. Bolstad

    To frå Sogn og Fjordane fall under frigjeringa av Finnmark vinteren 1944/1945. Den eine var Oskar Dale frå Arnafjord i Vik, den andre Kolbjørn K. Bolstad frå Oppstryn. Bolstad vart gravlagd ved kyrkja i heimbygda si 14. august 1945. Tre år seinare reiste bygda ein minnestein på grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck

    Minnesteinen over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck står på den gamle futegarden Alvera i Lavik der Holck budde heile sitt vaksne liv. Steinen vart reist i 1914 i samband med hundreårsjubileet for Grunnlova. Det er ein "fager stein, hoggen i gamalkorde-form."

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Krigsminnesmerke på Svalbard

    Svalbard hadde 26 falne i krigsåra 1940-1945. Ein av dei var fødd i Solund og to var frå Davik. Like etter krigen vitja H.K.H. Kronprins Olav øygruppa. Hovudærendet hans var å avduka eit krigsminnesmerke. Det skjedde 7. august 1949.

  • Minnestein over Andreas B. Vamraak

    Andreas B. Vamraak (1861-1936) var fødd på garden Vamråk i Høyanger. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1880 og var lærar til 1931, frå 1893 i heimekommunen på Kyrkjebø. Vamraak var aktivt med i politisk arbeid, målrørsla og ungdomslagsrørsla. I 1938 vart det avduka ein minnestein over han på Kyrkjebø.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minnestein over Olav Sande

    LÆRAR - OLAV SANDE - 1850-1927 - TONESKALD, SEGNSAMLAR - DIKTAR OG MÅLMANN. Dette er innskrifta på Olav Sande-støtta i gardstunet på Sande i Høyanger. Sande var fødd i Høyanger, men budde mesteparten av livet sitt i Leikanger der han og ligg gravlagd.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minnestein over falne frå Hornindal

    På kyrkjegarden ved Hornindal kyrkje står to minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Den eine står til minne om dei tre ungdommane frå Hornindal som sette livet til. Den andre står på grava til ein av dei falne. Fellessteinen vart vart avduka i 1962.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Minnestein over Henrik Mohn Dahl og Mette Mohn Dahl

    17. mai 1914. "Dagen var høgtidsam og gild i alle maatar. Veret var vakkert og nokolunde blankt. Ein høveleg vindpust som so vidt fekk flaggi til å breida seg ut. Og flaggi var i aar mange, fleire enn nokon gong før." Det var denne dagen det var avdukingshøgtid på Helgheim, Sogndal folkehøgskule.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Island - Ingolv Arnarson-minnesmerket på Ingolvshøgdi

    Ingolv Arnarson frå Dalsfjorden i Sunnfjord var den fyrste landnàmsmannen på Island. Etter Landnàmabok kom han til Island i 874. Det finst tre Ingolv-minnesmerke: eitt i Noreg og to på Island. Det eine minnesmerket på Island, reist i 1974, står på Ingolvshøgdi på sørkysten der Ingolv gjekk i land.

  • Minnestein over Bertel Kaale

    Bertel Andreas Kaale (1887-1939) frå Breim var styrar på Nordfjord folkehøgskule på Vereide i Gloppen i åra 1922-1938. Elevlaget ved skulen reiste ein minnestein over han i 1947. Steinen står i skuletunet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein over bondetalsmann på Gaularfjellet

    Åtte dagar før jul 1706 var to menn på veg over Gaularfjellet. Dei skulle til Kristiania og klaga over hardt skatte- og avgiftspress. Ved Skarvatnet kom dei ut for ein voldsam snøstorm, og den eine, Hugleik Tungøen, sette livet til. Reisefelagen, Johannes Qvamme, berga livet. I 1961 vart det avduka ein minnestein om den tragiske hendinga.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane

    Sogn og Fjordane har to minnesteinar fylket sjølv har medverka til å få reist. Ein står i Holmen i Balestrand, reist i 1911 til minne om ein prest og ein fylkesmann som var med og skipa Fylkesbaatane. Det var på nære nippet at steinen vart flytta same sommaren han var komen opp, - på grunn av to bokstavar i innskrifta.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Minnestein over falne ved Davik kyrkje

    17. mai 2000 blei det avduka ein minnestein ved Davik kyrkje over tre menn som miste livet i verdskrigen 1939-1945. To sette livet til på ein britisk/norsk ekspedisjon til Svalbard i mai 1942. Den tredje omkom då skipet han var ombord på sokk etter torpedering på veg frå England til Oslo. Det var Davik sokneråd som reiste steinen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestein i Ålfoten over Rasmus Nyvoll

    Rasmus Nyvoll, fødd 1909 i Ålfoten, fall i kampane i Italia i 1944. I 1951 vart det avduka ein minnestein over han ved Ålfoten kyrkje. Det var ungdomslaget og skyttarlaget som gjekk i brodden for arbeidet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minne om Justismordet i Gaular

    Ved Viksdalen kyrkje står ein gravstein som skil seg ut frå alle dei andre. Ikkje i materiale eller form, men ved innskrifta: "MIKAL G. HETLE (---) Skuldlaust dømd i 1907. Frikjent 7. april 1943. (---)" Gravsteinen er også eit vitnemål om Justismordet i Gaular - eit av dei verste justismord i norsk rettshistorie.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Bautastein over falne i sjøslag ved Alvøen 1808

    Ved Korskyrkja i Bergen står ein bautastein over fem marinegastar som fall i kamp mot eit engelsk krigsskip i 1808. To var sogningar. Minnesteinen vart avduka 16. mai 1893.

  • Gamalost-bautaen i Vik

    Folk som kjem køyrande ned frå Vikafjellet mot Vik, treffer øvst i bygda på eit skilt som ynskjer velkomen til, "-heimstaden til det einaste gamalost-ysteriet i verda". Dette unike produksjonsanlegget ligg heilt nede i sentrum. Rett utanfor står ein bautastein over ein ost, -kan henda den einaste i sitt slag i heile verda den òg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Statuen over brødrene Sars

    Ved Florø by sitt 100-årsjubileum 16. mai 1960 vart det avduka ei dobbeltbyste av brødrene Johan Ernst og Georg Ossian Sars. Den står på ein steinsokkel i byparken, og er utført av bilethoggaren Eilif Mikkelsen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Måløyraidet - Martin Linge-monumentet

    Martin Linge, skodespelar og offiser, fall i det britisk-norske raidet mot Måløy 3. juledag 1941. Han vart gravlagt under full tysk honnør på kyrkjegarden i Måløy 4. januar 1942. I 1946 vart grava hans flytta til Oslo. Det er reist tre Martin Linge-minnesmerke, - på grava hans, på Sunnmøre i bygda han vart fødd og voks opp og i Måløy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Monument over sjøfolk ved sjømannskyrkja i London

    Under fyrste verdskrigen 1914-1918 omkom over 2000 norske sjøfolk som fylgje av torpedering, minesprenging eller andre krigshandlingar. Fleire var heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Norges Rederiforbund reiste i 1927 ein minnestein ved den norske sjømannskyrkja i London.

  • Minnestein om vegbygging i Lifjorden

    Vegen frå Risnes i Lifjorden til kommunesenteret på Hyllestad vart bygd i fleire etappar. Arbeidet byrja i 1902 og heldt på til 1923. Seinare har det vore utvidingsarbeid. I år 2000 vart det reist ein stein til minne om vegbusen og den fyrste bygdevegen i Lifjorden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Minnestein over Kristen Nystad

    Kristen Nystad fødd på Sørstranda i Gloppen omkom då panserskipet "Norge" gjekk ned på hamna i Narvik 9. april 1940. I 1951 reiste bygdefolket minnestein over han ved den gamle kyrkja på Gimmestad.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein om gardbrukarar i Eitorn

    Ved Skorane i Eitorn står ein vel tre meter høg bautaliknande stein av etter måten ny dato. Den siste brukaren på garden sette han opp kring 1950. På sida som vender oppover, mot gardstunet, er der ei uvanleg fin og forseggjort innskrift.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Minnestein over diktarpresten Claus Frimann

    Claus Frimann, fødd 1746, var prest i Davik i 42 år. Han er omtala som diktarpresten i Nordfjord, best kjend for boka Almuens sanger, og særleg visa Den norske fisker. I 1936 reiste kyrkjelyden i Davik ein minnestein over den vidgjetne diktarpresten sin.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnesmerke over Gulbrand Lunde

    Gulbrand Lunde var ein av dei mest sentrale mennene i Nasjonal Samling si politiske verksemd. Han omkom i ei drukningsulukke på Nordmøre hausten 1942 og vart gravlagd i Vik i Sogn. I august 1943 vart det reist minnestein over han og kona ved ulukkestaden. Bautasteinen vart smadra av heimevernstyrkar i 1945.

  • Schreuder-monumentet i Afrika

    Misjonsbiskop Hans Paludan Smith Schreuder (1817-1882), fødd i Sogndal, var den fyrste norske misjonæren i Afrika. Han tok til med misjonsarbeid i Zululand i 1850 og arbeidde mellom zuluane til han døydde i 1882. Hausten 1915 vart det reist eit monument på grava hans i Untunjambili. Monumentet vart vigsla våren etter.

  • Minnestein om vegbygging i Henjadalen

    På ei lita flate knapt 10 meter frå vegen inne i Henjadalen, står det ein uvanleg minnestein. Det var Norsk Arbeidstjeneste (AT) som reiste han i 1944, til minne om sitt eige arbeid med å byggja den om lag 5 km lange vegen opp til stølen Flyane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Minnesmerke ved Breim kyrkje over falne i krigen 1940-1945

    Fire menn frå den tidlegare kommunen Breim i Nordfjord sette livet til under krigen 1940-1945. I 1942 vart det reist ein minnestein over to av dei ved Breim kyrkje på Re, i 1948 over dei to andre.

  • Steinstolpen i Bygstad

    Ved Liagjerdet i Bygstad er ein stein brukt som telegrafstolpe. Det er ikkje noko uvanleg i og for seg, tilsvarande finn ein fleire stader rundt om i landet, men for gamle "graffarar" og telefonarbeidarar har nett denne steinen fått stor symbolverdi.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Kong Sverre-skulpturen på Leikanger

    Kong Sverre (ca. 1151-1202) og birkebeinarane hans var aldri på godfot med sogningane. Midtvinters 1183 drap sogndølene syslemennene hans og nekta seinare å bøta drapa. Sverre hevna seg året etter med å svi av gardane deira. Same året vann han slaget ved Fimreite mot kong Magnus Erlingsson. Mange sogningar slost på Magnus si side. 11. mai 2002 heldt kunstnaren Stig Eikaas avdukingstalen for sitt eige kunstverk - Kong Sverre - utanfor hovudinngangen på Leikanger Fjord Hotel.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Monumentet over falne på Bømoen

    Etter mobiliseringa 9. april 1940 møtte innrullerte mannskap i Fjordane Regiment (IR 10) på Bømoen på Voss. Nær 5000 var med i kampane i Valdres. Fleire av regimentmannskapa vart seinare med i motstandsrørsla. Straks etter krigen vart det reist eit æresminne på Bømoen over falne frå Fjordane regiment.

  • Minnestein om ulukke på vegen Voss-Gudvangen

    Ein julidag i året 1896 for ein hesteskyss med 3 menneske utfor vegen og ned i Oppheimsvatnet. To amerikanske turistar drukna. Fjorten dagar seinare kom den svensk/norske kongen Oscar II forbi på veg til Sogn. Han stogga på ulukkestaden og høyrde om den tragiske ulukka. Kongen vart så gripen at han ba amtmann Worsøe i fylgjet sitt om å reisa ein minnestein.

  • Ytrehornsnakken - og bautaen der

    Frå Ytrehornsnakken er det eit storfelt utsyn innover hornindalsbygda og nedover sjølve vatnet med grendene ikring. Denne fjelltoppen peika seg difor naturleg ut som veteplass då Håkon den gode skulle skipe eit nasjonalt varslingssystem på 900-talet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Minnestein på Sande over falne i krigen 1940-1945

    To ungdommar frå Gaular miste livet i kampane mot dei tyske invasjonsstyrkane ved Flå og ved Dokka. Dei fall same dagen, 25. april 1940. Begge blei gravlagde heimanfrå. I 1948 reiste bygdefolket ein minnestein over dei på Sande.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Minnestein over falne frå Høyanger

    Rett nedom det gamle posthuset i Høyanger står ein minnestein over fem som sette livet til i krigsåra 1940-1945. To sat i tysk fangenskap, tre var sjøfolk i utanriksfart. Minnesteinen vart avduka 7. juni 1947.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Wergeland-støtta på Verkland

    "Glem ei, du er støv! Glem ei, du er mere enn støv!" Med desse orda frå Henrik Wergeland let Dagne Groven Myhren duken falla av minnesmerket over diktaren på ættegarden Verkland. Ein vakker og velforma naturstein kom til syne for dei om lag 200 frammøtte. Dagen var laurdag 12. juli 1975.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein over Dannebrogsmann Hans Lem

    Ved Årdal kyrkje på Tangen står det fleire minnesteinar. Lem-steinen vart reist i 1903 til minne om ein namngjeten årdøl frå krigen mot Sverige i åra 1807-1814. På steinen står: Minne * um den * gjæve * løytnant * H. S. Lem * Fyrste * mann * paa * skansen * Riddar * av * Dannebrog.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Minnestein om utvandring frå Stryn

    25. juni 2000 var ein stor "utvandringsdag" på Fjelli. Fleire hundre menneske var tilstades. Det var urframføring av eit utvandringsspel ved Sølvbergnausta, tilskiping i ungdomshuset Fjellvarden med mange programinnslag, m.a. foredrag om utvandringa frå Stryn av emigrasjonsforskar Rasmus Sunde, og, det vart avduka ein minnestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over utflyttar frå Fresvik til Voss

    Kring 1660 reiste Mads Torbjørnson Hov frå Fresvik til Voss. Han kom til garden Sæve ved giftarmål med enkja Torbjørg. Mads Sæve var lensmann i åra 1668-1707. I 1921 var det stort slektstemne på Sæve, og det blei avduka ein minnestein over ættefaren og innflyttaren Mads Torbjørnson Sæve.

  • Minnestein over lege Einar Djuvstein - omkom ved Irma-forliset 1944

    Under andre verdskrigen vart hurtigruteskipet "Irma" og lastebåten "Henry" torpederte på Hustadvika av to norske torpedobåtar under norsk kommando. Ein stad mellom 61 og 65 menneske omkom. I Randabygda står det minnestein over ein som kom bort. I 2002 avduka kong Harald V eit minnesmerke om tragedien.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Peter Andreas Blix

    Arkitekt og ingeniør Peter Andreas Blix (1831-1901) berga i 1880-åra Hove steinkyrkje og Hopperstad stavkyrkje frå å bli nedrivne. Blix var ein av pionerane i det norske kulturminnevernet. I 1981 blei det reist ein minnestein over han ved Hopstock Hotell i Vik.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestøtte om slaget ved Berby 1808 og Jo Lothe-visa

    I ufredsåra 1807-1814 var mannskap frå Sogn og Fjordane utkommandert til krigsteneste på Austlandet. Ein bergenhusisk grenaderbataljon kom til Østfold i 1808. Mange bergenhusingar var med i slaget ved Berby. Grenader John Lothe frå Eid skreiv ei forteljande vise om den bergenhusiske grenaderferda. I 1908 blei det reist ei minnestøtte ved Berby.

  • Årstal i stein i Tundalen

    Somme minnesteinar kan "stå" langt utanom allfarveg, og dei kan vera så anoyme, at ein må vita særskilt om dei. Som oftast er slike minnesmerke knytta til ei hending på staden. Ein minnestein av dette slaget finn me i Tundalen i Fresvik.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein over oberst Rasmus Hatledal

    Den 5. oktober 1991 vart det avduka ein minnestein over oberst Rasmus Hatledal ved ungdomshuset i Markane. Hatledal var generalstabssjef ved krigsutbrotet 9. april 1940. På steinen er også namna på soldatar som fall i krigane 1807-1814 og 1940-1945.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Leo Aarseth

    12. juni 1940 var Leo Aarseth frå Vevring lettmatros på tankskipet "Orkanger" på veg frå Abadan til Malta. Skipet vart torpedert, men mannskapet berga seg i livbåtane. Livbåten Leo var i blei smadra av ein torpedo. Han og fire andre miste livet. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein ved Vevring kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Heksemonumentet på Anda

    Søndag 10. juni 2002 vart det avduka ein skulptur på Anda til minne om hekseforfølgjingane. Minnesmerket, som har tittelen Heksemonumentet, er laga av Stig Eikaas. Torsdag 5. juni 2003 var det ny avduking på Anda, denne gongen av ei minneplate som er ein del av Heksemonumentet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein over skulestyrar Elias Ryssdal

    Firda vidaregåande skule på Sandane byrja som Firda gymnas i 1922. Den fyrste styraren var Elias Ryssdal. Ved 25-årshøgtida reiste elevar ein minnestein på grava hans. I 1997 vart steinen flytta til Firda vidaregåande skule.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Kloumann-skulpturen i Høyanger

    Svært få personar får oppleva å vera med på avduking av minnesmerke over seg sjølv. I Høyanger var det ei slik hending i 1929. Ingeniør Sigurd Kloumann, grunnleggjaren av industrisamfunnet og direktør ved industriverksemda NACO, var hovudperson under avdukinga av den seinare kalla Kloumann-skulpturen, - ei heidersgåve frå funksjonærar, arbeidarar, bygdefolk, fleire lag og foreiningar, og Høyanger kommune.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Thor Solberg-statuen

    På Florø Lufthamn står ei statue av ein tettbygd 40-åring. Mannen ser mot skyene, og er ved å fullføre sin ungdoms draum: Å flyge frå Amerika til Noreg over Leiv Eriksson sitt kjølvatn.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein i Nord-Norge over eidalæraren Ivar Hyldmo

    "Ivar Hyldmo var et strålende menneske, en fremragende lærer, og en stor offiser, en mann med helstøpt karakter, en personlighet av høyeste moral." Med desse orda avduka Henrik Stenwig i år 2000 eit minnesmerke over Ivar Hyldmo i Rådhusparken i Ballangen kommune. I åra 1923 til 1929 budde Hyldmo på Nordfjordeid.

  • Utvandrarstøtta i Seimsdalen

    I 1994 reiste Årdal Sogelag ein minnestein over dei fyrste utvandrarane frå Årdal, Nils Torsteinson Seim og huslyden hans som budde i Seimsdalen. Reisinga var eitt av fleire tiltak i høve ei større 150-årsmarkering av utvandringa frå Sogn.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Minnestøtte over Torvald Lægreid

    Sjømannen Torvald Lægreid frå Årdalstangen omkom i krigsforlis under andre verdskrigen. I 1948 reiste bygdefolket ei minnestøtte over han. Ho står ved riksvegen, nær heimen hans i Vassbugen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Minnestein over årdøler i ufredsåra 1807-1814

    På ein grøn flekk like ved porten inn til Årdal kyrkje står ein høg bautastein. Innskrifta fortel at steinen vart reist i 1914 til minne om dei årdølene som stridde for Noreg i åra 1807-1814. Det har vore vanleg å ha markering ved steinen kvar 17. mai.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Minnestein over allierte flygarar på Moldøen

    Den 24. april 1945 gjekk 49 allierte fly til angrep på krigsmål i Måløy. Eitt fly vart skote ned og eitt styrta før det kom fram. Fire flygarar omkom. Sommaren 2000 vart det avduka ein minnestein over flygarane. Leif Åge Larsen var ei av eldsjelene bak.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnestein over falne ved Nord-Vågsøy kyrkje

    Sju menn frå tidlegare Nord-Vågsøy kommune fall under krigen 1940-1945. Søndag 16. september 1945 var det minnegudsteneste og 17. mai året etter samlast folk frå heile kommunen til avduking av minnestein. Minnesmerket stod fyrst ved skulen på Raudeberg, men vart seinare flytta til kyrkja.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnestøtte over falne på torget i Måløy

    Tidlegare Sør-Vågsøy kommune hadde 17 falne under andre verdskrigen. 16 sette livet til ved krigshandlingar på sjøen, ein i tysk krigsfangenskap. 17. mai 1946 vart det avduka ei minnestøtte over dei på torget i Måløy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Måløyraidet - Minnesmerket over falne allierte

    52 allierte miste livet i Måløyraidet 27. desember 1941. Minnesmerket over dei falne i den allierte angrepsstyrken vart avduka 30. august 1970. Det stod opphavleg på sørsida av Vågsøy ungdomsskule, men vart i 1994 flytta til krigsminneparken på Måløyna.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Fiskarminnesmerke ved Nord-Vågsøy kyrkje

    Ved Nord-Vågsøy kyrkje står eit minnesmerke over bortkomne fiskarar på havet. Det var bygdefolket som reiste det, i 1998.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnesmerke i Måløy over omkomne fiskarar

    I åra 1756-1955 kom i alt 84 fiskarar frå Sør-Vågsøy kommune bort på havet. I 1957 vart det avduka eit minnesmerke over dei attmed kyrkja i Måløy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnestein over Ingvald Vangsnes

    To menn frå Balestrand kommune mista livet i kamp mot dei tyske invasjonsstyrkane våren 1945. Den eine var Ingvald Vangsnes frå Vangsnes, den andre Georg Distad frå Fjærland. Ordføraren i Balestrand heldt minneord over dei i eit kommunestyremøte i august 1940. Ungdomslaget reiste ein minnestein over Ingvald Vangsnes i 1946.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Minnestein over Rasmus og Gyda Sindre

    Tett attmed kyrkja i Innvik står ein minnestein over bonde og stortingsmann Rasmus Sindre og kona Gyda. Han døydde i 1908, ho i 1946. Sambygdingar reiste steinen kort tid etter at Sindre døydde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein i Randabygda over bygdesoge-granskaren Jacob Aaland

    Jacob Aaland (1865-1950) er ein av dei tre store bygdebok-klassikarane i Sogn og Fjordane. Dei to andre er Albert Joleik (Sunnfjord) og Jon Laberg (Sogn). I Nordfjord har dei heidra Aaland med to minnesteinar, den eine i Randabygda, den andre på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein på Vangberg

    På haugen ovanom det eldste våningshuset på Markusbruket i Stryn står det ein «bauta», ein prismeforma stein med innskrift. Steinen vart avduka sommaren 1948. Det knyter seg eit krigsminne til minnesteinen. Og Bernhard Vangberg har fortalt om korleis det bar til at bautasteinen vart reist.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936

    Lodalsulukkene i 1905 og 1936 kravde 135 menneskeliv. Begge gongene rasa det veldige steinmassar frå Ramnefjellet ned i Lodalsvatnet som skapte enorme flodbylgjer. Gardane Nesdal og Bødal vart særleg hardt råka, men i 1936 gjekk det også med liv og eigedom på andre gardar. Til minne om ulukkene vart det sett opp 6 minnesmerke, men berre fem finst att. Det sjette vart teke av flodbylgja i 1936.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Hugleik Tungøen

    Øvst oppe i Oldedalen står det ein 3 meter høg minnestein tett i vegen attmed brua til garden Åbrekk. BONDEFØRARER HUGLEIK TUNGØEN DØD ÅRET 1706 står hogge inn med store bokstavar og tal. På ei innfelt bronseplate står det meir. Steinen vart reist året 1966.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Singersteinen på Hildeneset i Innvik

    Tysdag 23. juni 1936 var ein stor dag i indre Nordfjord med kongevitjing og opning av vegen Olden-Innvik. Vegen kunne opnast takka vere forskottering av den søkkrike amerikanaren William H. Singer. Dagen etter vart det avduka ein æresminnestein til ekteparet Singer frå vegarbeidarane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein ved Oppstryn kyrkje over falne 1940-1945

    Fem menn frå Oppstryn sette livet til i kampen for freden og fedrelandet i krigsåra 1940-1945. 17. mai 1946 vart det avduka ein minnestein over dei ved Oppstryn kyrkje på Fosnes.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Hans Schreuder - Zulufolkets apostel

    Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842. To år seinare sende selskapet ut den fyrste misjonæren sin, Hans Paludan Smith Schreuder. Han var fødd i Sogndal i 1817, og døydde i Afrika i 1882. I 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein ved Stedje kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein i Fardal om soldatar i ufredsåra 1807-1814

    Sogndal kommune har to minnesteinar over soldatar som var med i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står i Fardal på ein bergknaus nedmed sjøen på Storekleivi.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnesteinen på Lægreidplassen

    Sogndal kommune har tre minnesteinar over soldatar som var på grensevakt og stridde for fedrelandet i ufredsåra 1807-1814; - i Fardal, på kyrkjegarden ved Stedje kyrkje og på Lægreidplassen i Fjøra. Steinen i Fjøra er nærare åtte meter!

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein ved Stedje kyrkje - Nils Loftesnes

    I ufredsåra 1807-1814 var soldatar frå Vestlandet fleire gonger austover på grensevakt. Nils Loftesnes var ein av dei. Han var også utsending til Eidsvollforsamlinga 1814, vald av regimentet sitt, "2det bergenhusiske infanteriregiment." I 1914 reiste Sogndal kommune ein minnestein over eidsvollsmannen Nils Loftesnes.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestein over falne frå Selje

    Atten menneske frå Selje kommune omkom som følgje av andre verdskrigen. Mange var sjøfolk. Folket i Selje reiste minnestein over dei i 1947, og mellom 6 og 700 menneske var til stades ved avdukinga.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Minnesmerket over mannen som bygde Lærdal sjukehus

    I 1966 gjekk administrerande overlege Rolf I. Christophersen ved Lærdal sjukehus av for aldersgrensa. Christophersen døydde i 1982 og to år seinare vart det reist eit minnesmerke ved sjukehuset. På postamentet står skrive: Takk og vørdnad for di store livsgjerning for helseteneste og sjukehus frå 1922 til 1966.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Minnestein over Eidsvoll-mannen Peder Hjermann

    I byrjinga av april 1814 samlast 112 folkevalde utsendingar til riksforsamling på Eidsvoll. Tre av dei representerte Nordre Bergenhus Amt og det er reist minnesmerke over alle. Bonde Peder Hjermann frå Lærdal var ein av dei. Minnesteinen hans står på garden Stødno.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Far etter Bjørgvin-biskopar i Bisparøysi

    Frå Dale i Luster går ein gammal ferdselsveg opp Dalsdalen og over til Vigdal. Eit kort stykke før høgaste punktet, Storehaug, ligg Bisparøysi. Her er ein stor stein der det er rissa inn bokstavar og tal. JNB skal stå for biskop (J)ohan (N)ordahl (B)run som i 1806 fór framom denne staden og som seinare skulle få namnet Bisparøysi.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minnestein på Hafslo om soldatar i ufredsåra 1807-1814

    I Luster kommune står to minnesteinar over soldatar som var med i grensetraktene mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står ved Hafslo kyrkje, den andre ved skulen i Solvorn. Begge vart reiste til hundreårsjubileet for Eidsvoll-grunnlova i 1914.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minnestein om nødsår i Solvorn

    I Solvorn står det ein uvanleg minnestein. Han er på skap som ein beinknok. Det er innhogge eit årstal på steinen og ein figur som minner om eit bumerke, eller - kan det vera bokstavane - SL?

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minnestein i Solvorn om ufredsåra 1807-1814

    Til jubileumsåret for grunnlova i 1914 vart det reist vel tjue minnesmerke i Sogn og Fjordane. Halvparten er "bautasteinar" sette til minne om soldatar som var ute i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. I Luster kommune står to slike, den eine i Solvorn, truleg reist av ungdomslaget i 1914.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Wittgenstein-minnesmerket i Skjolden

    Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike bygde seg hytte på nordaustsida av Eidsvatnet i Skjolden og budde her periodevis i mange år frå 1914. I 1984 vart det reist eit minnesmerke ved riksvegen på sørvestsida av vatnet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minnesteinen over Audun Hugleikson

    "Namnet Audun Hugleikson rita i norsk gråstein for all framtid." Det var overskrifta i Firda på reportasjen frå avdukinga av minnesmerket på Ålhus i 1960. Dei måtte sperra riksvegen. Mellom 1500 og 2000 menneske var tilstades. Høgtida byrja med gudsteneste i Ålhus-kyrkja og slutta med middag på Skei Hotell.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein over Erik Kjøsnes

    Erik Kjøsnes frå Jølster var under krigen 1940-1945 busett i Bergen. Han kom med i motstandsrørsla, vart arrestert i 1941 og seinare send til Tyskland. Det siste ein veit om Erik Kjøsnes, er at han var med ein fangetransport for å koma unna russarane i 1945. 17. mai 1947 var det avduka ein minnestein over han ved Helgheim kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein over falne i Eivindvik

    Gulen kommune har fire minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Ein står på Byrknesøy, ein på kyrkjegarden ved Mjømna kyrkje, ein på gravstaden i Indre Oppedal, og ein ved kyrkja i Eivindvik. På minnesteinen i Eivindvik står 16 namn.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestein over bygdesogegranskaren Jacob Aaland

    Jacob Aaland (1865-1950) er ein av dei tre store bygdebok-klassikarane i Sogn og Fjordane. Dei to andre er Albert Joleik (Sunnfjord) og Jon Laberg (Sogn). I 1965 vart det det avduka ein minnestein over han på Nordfjord Folkemuseum.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein om vegen til Myklebustdalen i Breim

    Laurdag 3. september 1994 var det høgtidleg opning av vegen til Myklebustdalen, nøyaktig 100 år etter at vegen var ferdig. Samstundes vart det avduka ein minnestein med metallplate der det står: DALAVEGEN 1894-1994 FOR FRAMGANG OG UTVIKLING GJENNOM 100 ÅR

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein over Anna Vereide - søndagsskulearbeidar i Nordfjord

    Året 1895 var ein merkedag på garden Tystad i Gloppen. Då samlast born for fyrste gong til søndagsskule i Nordfjord. Anna Vereide var ei av fleire bak tiltaket. Fleire søndagskular følgde snart etter, - på Sandane, andre stader i Gloppen og vidare. Anna Vereide var heile tida ei drivkraft. I lange periodar VAR ho søndagsskulen i Nordfjord. Ho døydde i 1945, og to år seinare reiste søndagsskulekrinsen i Nordfjord ein minnestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Sunnfjord Folkehøgskule - minnestein om brannulukke

    "Minne um ulukka paa Solvang" står innhogge på ein stein på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Det var mellom klokka 1 og 2, natt til laurdag den 3. september 1910, den nye skuleheimen på "Søndfjords ungdomsskole" brann ned til grunnen. Seks menneske miste livet, - kona, fire born og svigermor til skulestyrar Rasmus Øvrelid. Minnesteinen står på grava deira.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Sunnfjord folkehøgskule - minnestein over skulestyrar

    På framsida (eller baksida) av den eldste bygningen på Sunnfjord Folkehøgskule står det ein bautastein. Steinen vart reist i 1933 til minne om Rasmus Øvrelid, skulestyrar på Sunnfjord ungdomsskule i åra 1903 - 1916.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Minnestøtte i Florø over falne i krigsåra 1939-1945

    I parken ved Florø kyrkje står eit ruvande minnesmerke over falne i krigsåra 1939-1945. "Våre falne fortener eit verdig minnesmerke", stod det i oppropet til folk om å yta pengar sommaren 1945, "komande ætter må minnast det dei gjorde og manast til dåd." Minnesmerket vart avduka søndag 11. august 1946 med kring 1500 menneske til stades.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnesteinen på Saltverkneset på Svanøy

    "Søndfjords Ungdom i det 20de aarhundre vil en gang ofre tid og arbeide for ved Svanøens strande at reise et minde over Hans Nielsen Hauge og hans ven, Ole Torjussen Svanøe." Dette skreiv Alhed Schou i 1912 i boka "Svanøen i Søndfjord", og i 1954 vart det reist eit minnesmerke, om enn ikkje av sunnfjord-ungdommen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein ved Stavang kyrkje over falne

    Attmed vegen inn til kyrkja i Stavang står ein minnestein over falne. Fem namn er innhogde i den vel to meter høge natursteinen. Tre av dei omkom i krigsforlis. Dei to andre døydde i fangenskap i Tyskland.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Sunnfjord folkehøgskule - minnestein over føregangsmann

    Sunnfjord folkehøgskule i Førde byrja i Naustdal i 1902. "Ungdomsskolen i Søndfjord" var overskrifta i ei kunngjering i desember 1901. Thorbjørn Horten (1844-1927) har blitt kalla far til skulen. Han var fødd i Aurland, men budde heile sitt vaksne liv i Sunnfjord, frå 1872 på garden Staviki i Stavang. I 1929 vart han heidra med minnestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein i Holmedal over falne i verdskrigen 1939-1945

    Seks menn frå Holmedal sokn (tidlegare Fjaler kommune, no Askvoll) sette livet til under verdskrigen 1939-1945: tre på norske handelsskip i utanriks fart, ein på panserskipet "Eidsvold" i Narvik, ein om bord på hurtigruteskipet "Irma", og ein i fangeleiren Sachsenhausen. Den 29. august 1947 vart det avduka ein minnestein over dei ved kyrkja i Holmedal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Landmarksteinen

    I Fjaler står ein minnestein over Johan Theodor Landmark, mannen som skipa Norges Bondelag i 1896. Steinen vart avduka sommaren 1937. Fredag 31. juli 2000 vart steinen flytta frå den opphavlege staden til Lillingstonheimen i same bygda. Straks etter kom det sterke innvendingar, og krav om at steinen måtte flyttast attende.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Æresminnet for Jakob Sande i Fjaler

    Framfor Fjaler ungdomsskule står ei byste av Jakob Sande. Det var frå fyrst av eit æresminne, ikkje ein minnestein. Jakob Sande var nemleg sjølv tilstades ved avdukinga. Æresminnet vart reist hausten 1966, året før diktaren døydde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Minnestein i Dale over falne 1940-1945

    Ved kyrkja i Dale står ein minnestein over falne i andre verdskrigen. Det er ti namn på steinen. Sju kom bort på sjøen. Minnesteinen vart avduka 15. mai 1947.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Bautastein på Nordfjordeid over falne i krigsåra 1807-1814

    I krigsåra 1807-1814 vart fleire hundre nordfjordingar innkalla til militærteneste. Mannskapa frå ytre Nordfjord gjorde teneste i sjøforsvaret. Soldatane frå dei midtre og indre delane av fjorden vart utskrivne til landforsvaret og desse var austpå i grensetraktene mot Sverige. Over 100 miste livet. Jonsokdagen 1914 vart det avduka ei minnestøtte på eksersisplassen på Nordfjordeid.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein på Åsebønakken

    Frå Spjuteneset på Nordsida av Hornindalsvatnet går det ein rygg opp mot Åsebønakken. Her var det vete og vetestove i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande systemet for varsling av ufred. I 1904 reiste dei ein minnestein på den gamle vetestaden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Overlege H. C. Wennevold - byste ved Nordfjord Sjukehus

    I 1936 opna Nordfjord Sjukehus, bygd av det amerikanske ekteparet Singer. Den fyrste overlegen var Hans Christian Wennevold. På 85-årsdagen heidra vener og pasientar han med ei byste, oppsett ved sjukehuset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Bautasteinen i Ålfoten

    Eit kort stykke nedanfor kyrkja i Ålfoten står ein 4,5 m høg stein til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814. Bygdefolket omtalar han som "Bautasteinen". Ålfoten Ungdomslag reiste steinen i 1914. Innskrifta er særs fint hoggen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestøtte ved Bremanger kyrkje over falne

    Ved Bremanger kyrkje på Bremangerlandet står ei minnestøtte over dei falne i andre verdskrigen frå tidlegare Bremanger kommune. Alle var med i kampen for Noregs fridom, - ein som flygar, dei tolv andre som sjøfolk. Mange var med i Englandsfarten. Minnestøtta vart reist i 1947.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestein over flysersjant Erling Julin Olsen

    På kyrkjegarden i Midtgulen står ein minnestein over Erling Julin Olsen. Steinen vart reist i 1947 av folket i Svelgen ved Svelgen turn- og idrettsforening. Olsen var krigsflygar og vart skoten ned under eit øvingstokt i England.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestein over Absalon Pederssøn Beyer

    Den kjende bergens-humanisten Absalon Pederssøn Beyer var sogning av fødsel. Han vart fødd i Aurland i 1528, og kom til Bergen seks år gamal. På 1980-talet reiste Aurland kommune ein minnestein over Absalon Pederssøn Beyer.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnesmerke over fylkesmann Christensen

    Sogn og Fjordane fylke har minnesmerke over to av fylkesmennene sine. Det eine står på grava til fylkesmann Hans Seip i Fjærland. Det andre står på jernbanestasjonen i Flåm, - ei bronsebyste til minne om Ingolf Elster Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane i åra 1910 - 1929.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnestein over Andrias Bryn i Gudvangen

    Tett attmed vegen i Gudvangen står ein minnestein over matros Andrias Bryn, fødd 1918. Han reiste til sjøs før krigsutbrotet i 1939 og miste livet i ei forferdeleg eksplosjonsulukke på hamna i Algér i juli 1943. Folket i Nærøydalen reiste minnesteinen i 1946.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnestein over gravlagde i Vangen kyrkje i Aurland

    I den katolske tida og lenge etter reformasjonen 1536, hende det at døde vart gravlagde under kyrkjegolvet. Vangen kyrkje i Aurland vart bygd på 1200-talet. Ved ein omfattande kyrkje-restaurering i 1926 vart gravlagde under kyrkjegolvet her tekne opp og flytta til ei fellesgrav på kyrkjegarden. Ein høg minnestein markerer grava.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Bautastein over brørne Asbjørn og Vemund Melvær

    Magnus og Marie Melvær miste begge sønene sine under krigen 1940-1945. Asbjørn, fødd 1908, døydde i fangenskap i Tyskland. Vemund, fødd 1922, omkom på flytokt over Nordsjøen. I 1947 blei det reist minnestein over dei på heimegarden Melvær.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein ved Askvoll kyrkje over falne 1940-1945

    På kyrkjegarden i Askvoll står ein minnestein med 16 namn, - alle frå Askvoll kommune som sette livet til under krigen 1940-1945. Minnesmerket vart avduka 17. mai 1956.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnestein på garden ytre Ålen over falne i krigen 1940-1945

    Eit kort stykke frå sjøen på garden ytre Ålen i Askvoll står ein minnestein over tre ungdommar som miste livet i krigen 1940-1945. Dei var alle medlemmer i Vevring Fiskarlag, og det var fiskarlaget som straks etter krigen gjekk i brodden for å reisa dei eit minne. Minnesteinen vart avduka i 1950.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen

    Hyen hadde kyrkje i mellomalderen - Kirkia i Hya. Ho stod på Bakken i Hope, rett opp frå Kyrkjevika. Ein reknar med at ho vart til nedfalls i tida etter Svartedauden kring midt på 1300-talet. I 1950 reiste Hyen sokneråd ein stein til minne om kyrkja og den gamle kyrkjestaden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein over Johannes P. Qvamme

    I øvre Oldedalen står to minnesteinar over to menn som begge gjorde ein stor innsats for folket i Indre Nordfjord i trengselåra kring 1700. Den eine var Hugleik Tungøen, den andre Johannes P. Qvamme. Minnesteinen over Johannes Qvamme vart avduka 24. juni 1995.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Henrik Angell

    Framfor omsorgssenteret i Dale i Luster står ein ruvande minnestein over ein mann som vart vide kjend for stor innsats innan idrett og friluftsliv, forsvarssak, målsak og den frilynde ungdomslagsrørsla. Henrik August Angell (1861-1922) vart fødd og voks opp i Luster. Familien flytta til Bergen då han var 10 år gamal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minnestein ved Minde i Innvik

    I Innvik sentrum står ein merkeleg stein. Han er ein snau meter høg. Oppå er der ein rund stein på storleik med ein fotball. Det er hogge inn fleire bokstavar og tal, mellom anna årstalet 1816.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Dannebrogsmann i Årdal

    Jølster har to Dannebrogsmenn, Nils Olsson Årdal og Per Kleppe. Dannebrogsmenn var soldatar som var med i "Svenskekrigen" 1807-1814 og som vart dekorert med den danske Dannebrogsordenen for særleg innsats. Begge Dannebrogsmennene i Jølster er heidra med kvar sin minnestein. Steinen over Nils Olsson Årdal vart reist i 1964.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein over Andreas Hesjedal

    Attmed kyrkja i Eikefjord står ein minnestein over Andreas Hesjedal som omkom i ei forferdeleg ulukke ved Florø 1. september 1945. Ein fullasta lekter med krigsammunisjon gjekk i lufta under arbeid med å dumpa sprengstoffet. 19 mann miste livet. Kameratar og ungdomslaget reiste steinen i 1947.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein over Hans Vigdal

    Ved Dale kyrkje står det ein vel 4 meter høg stein på ei av gravene. På steinen er det hogge inn HANS VIGDAL 1855-1903. Emnet til steinen vart kila ut or ei svær steinblokk som losna høgt oppe i Fivlenosi og rasa heilt ned i Dalsdalen. Vigdals Sva opp mot Store Skagastølstind har fått namnet sitt etter Hans Vigdal. Minnesteinen vart avduka 27. august 1903.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Prestesteinen i Leikanger

    Prestesteinen, med namnet på alle Leikangerprestane i perioden 1522-1975, står på ein liten parkeringsplass utanfor Leikanger kyrkje. Ein av dei, Erik Nordal, styrde embetet i 40 år. Steinen låg i årevis attmed eit uthus på prestegarden fordi folk ikkje blei einige om kvar han skulle stå. Natta til 17. mai 1961 ordna grønrussen opp.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Tolleiv-grava i Grønlid

    Tolleiv i Grønlid var ein einebuar og rudningsmann. Han grov grav til seg sjølv på Fresvikåsen. Seinare er det sett opp minnestein over han der.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Bautasteinen ved Fresvik kyrkje

    Ved kyrkja i Fresvik står det ein høg bautastein som vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Fridtjov-statuen på Vangsnes

    På Vangsnes står det ein kjempestatue av Fridtjov den frøkne. Denne statuen er ei gåve frå keisar Wilhelm II av Tyskland og vart avduka 31. juli 1913.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Skog og minnestein på Ersholmen

    På Ersholmen mellom fastlandet og Selja vart første freistnaden på skogplanting i Selje gjort av sokneprest Johan Daniel Stub Landmark i 1876.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Fiskarmonumentet i Bremanger

    I 1962 kasta Amanda Igland i Bremanger Fiskarkvinnelag fram tanken om å setja opp ei minneplate over omkomne på havet ved kyrkja på Hauge. Tanken fengde. To år seinare vart det avduka eit monument ved Bremanger kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnestein over Rasmus Flo

    Rasmus Flo (1851-1905) voks opp i grenda Flo i Stryn. Han gjekk lærarskulen på Stord og studerte språkfag ved universitetet i Oslo. Sidan arbeidde han som lærar i 10 år, deretter som skribent og nynorskforkjempar i hovudstaden. Han døydde i 1905, berre 54 år gamal. Straks etter tok folk i Flogrenda opp arbeidet med å reisa ein minnestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Minnestein over Abraham Folkestad

    Den 26. mai 1958 vart det avduka ein minnestein over sjømannsmisjon-mannen Abraham Folkestad i Folkestadbygda i Fjaler. Folkestad var ein av dei fyrste sekretærane i Den Norske Sjømannsmisjon og gjorde eit banebrytande arbeid i misjonen for sjøfolk i utlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni

    På Øyramarki på Lærdalsøyri står ein 6 meter høg bautastein, reist i 1902 til minne om ei militæravdeling i ufredsåra 1807-1814. Øyramarki var ekserserplass til 1874. Vegnamna Telthusvegen, Løytnant Lem-vegen og Kaptein Jürgensen-vegen er minne om militærtida på Lærdalsøyri.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Minnestein over falne på Borlaug

    Den 30. april 1940 sette ein tysk styrke seg fast ved Borlaug bru etter at ein norsk vaktstyrke hadde trekt seg tilbake tidlegare på dagen. Utan å vita dette kom ein lastebil med norske soldatar frå Valdres køyrande ned frå Filefjellet. Ei tysk mitraljøse opna eld og fire soldatar miste livet. 17. mai 1986 vart det avduka ein minnestein over dei.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Kong Sverre - Minnestein om slaget ved Fimreite

    Det gjekk hardt føre seg i Sogndal sommaren 1184. Kong Sverre og birkebeinarane hans kom på besøk for å krevja bot for at sogndølene hadde drepe sysselmannen hans eit halvt års tid i førevegen. Då dei nekta, svara Sverre med å svi av alle gardane oppover frå Sogndalsfjøra. Det var borgarkrig i landet. Fleire kongsemne konkurrerte om makta. Kong Magnus Erlingsson kom uforvarande på birkebeinarkongen, og det kom til kamp ved Fimreite. På dagen 800 år etter, avduka kong Olav V ein minnestein om sjøslaget.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Gulatingsminnet - Arbeidet for å reisa minnesmerke 1910-1940

    Tusenårsstaden Gulatinget på garden Flolid i Gulen vart offisielt opna laurdag 27. august 2005. Monumentet Tingveggen og Tinghella av kunstnaren Bård Breivik står både som minne og markering av Gulatinget. Det var stortingspresident Jørgen Kosmo som stod føre den høgtidlege opninga. Med dette var eit nær hundre år langt arbeid for å reisa eit Gulatingsminne kome til ende. Denne artikkelen handlar om arbeidet for å reisa eit minnesmerke om Gulatinget i åra 1910-1940.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Landskapsmålaren J.C. Dahl - statue i Bergen

    Landskapsmålaren J.C. Dahl er ein stad er omtala som "vor nationale malerkunsts fader". Dahl "høyrer til" Sogn og Fjordane på fleire måtar. Foreldra hans var frå Gulen, han gjorde fleire reiser i fylket og hadde opphald på garden Ytre Kroken i Luster. Godt kjende målarstykke med motiv frå Sogn og Fjordane er "Fra Fortundalen", "Fra Ytre Kroken" og "Vinter ved Sognefjorden". I 1902 vart det avduka ei statue av Dahl i Bergen.

  • Minnestein på Åsebønakken - smeden som laga innskrifta

    Åsebønakken ligg på nordsida av Hornindalsvatnet. Her var det vetestove og vete i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande systemet for varsling av ufred.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Markeringsstein for Tall Ships Races i Måløy

    Den 15. mai 2005 vart det avduka ein markeringsstein for ei maritim storhending i Måløy sommaren 2008. Byen er endepunkt på første "leg" i gigantregattaen Tall Ships' Races. Om lag 100 seglskuter er med og så mange som 50 000 menneske er venta til Måløy kvar dag arrangementet varer. "Det er sjøens OL som kjem til Måløy", sa ordførar Roger B. Silden då nedteljingsuret på markeringssteinen vart sett i gong 9. september 2005.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnestein om Oscar II i Fjærland

    Kong Oscar II var på besøk i Fjærland sommaren 1879. Dei som fylgde han fram til Bøyabreen og attende, ville ikkje ta i mot pengar for hjelpa. Kongen sende likevel ein pengesum ei tid etterpå. Fjærlendingane nytta pengane til å reisa ein minnestein om det kongelege besøket.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Klovsteinstøtta - minnestein om vegbyggjing og kjempekast

    Klovsteinstøtta står attmed vegen mellom Lærdalsøyri og Revsnes, om lag 3 km utover frå Erdal. Støtta vart oppsett då dei i 1960-åra bygde vegen ut til den nye ferjekaia på Revsnes. Mange år seinare skreiv Olav Handeland ein artikkel om denne spesielle minnesteinen iVegstubben, bladet til Statens Vegvesen - Sogn og Fjordane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Minnesteinar over Bolette Pavels Larsen

    Bergens-forfattarinna Bolette Christine Pavels Larsen døydde 8. desember 1904. Fru Pavels Larsen var fødd i Sogndal, budde i Bergen og var ein lang periode på årvisse sommarbesøk i Fjærland. I løpet av to år blei det reist to minnesteinar, - den eine i 1905 på grava hennar i Bergen, den andre i Fjærland to år seinare.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Hanen på Hanahaug

    Hanahaug er det lokale namnet på området ved båtstoppestaden i Leikanger kommune. Tidleg på 1900-talet var her dampskipsekspedisjon, post, rikstelefonstasjon, tingstove, handel, meieri, sardinfabrikk og hotell. Mykje av dette er borte, men noko har kome til, mellom anna ein hane på sokkel.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Olavsbautaen på Kongshaugen

    Kongshaugen heiter den runde haugen nokolunde midt på Dragseidet mellom Drage og Leikanger på Stadlandet. På haugen står Olavsbautaen, ein vel tre meter høg stein med innskrift frå 1919 og ei koparplate påsett i 1997. Steinen vart avduka under ei Olsokstemne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Krossen på Dragseidet

    År 997 stemnde Olav Trygvason bøndene i fylka Romsdal, Sunnmøre, Fjordane og Sogn til ting på Dragseidet. Dei fekk valet mellom å la seg døypa eller å halda slag. Bøndene våga ikkje å ta til våpen. Dei valde dåp og kristendom. I 1913 vart det reist ein steinkross til minne om hendinga. Kring 4000 menneske var tilstades.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Minnestein over Gabriel Reed på Utvikfjellet

    «Har du høyrt Gabriel Reed spele, av slåttane sine på fele? (..) Han tek deg med på fjellet på stemne, der vidda og stilla - deg dreg og deg femne.» Dette skreiv Elias Skinlo i ein prolog til ein heidersfest 22. februar 1947 for Gabriel Reed, læraren og klokkaren, gardbrukaren og bureisaren, ungdomslagsmannen og spelemannen, friluftsmennesket og idrettsmannen. Fleire lag gjekk saman om reisa han ein minnestein, og dei tykte ein haug på austsida av riksvegen på Utvikfjellet høvde godt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Sogn og Fjordane-Hebridene - Minne i Stornoway om skipsforlis

    28. juni 1904 forliste det danske emigrantskipet D/S Norge ved Rockall. 635 av 795 menneske omkom. Overlevande frå to livbåtar vart berga inn til Stornoway på Hebridene. På ei minnesamling i Stornoway, 28. juni 2004, vart det avduka ein minneplakett om den tragiske hendinga.

  • Geologisk park i Stryn - Luster kommune sin stein

    Onsdag 25. mai 2005 var ein geologisk merkedag i Sogn og Fjordane. Då vart det opna ein steinpark i Stryn med nasjonalstein, fylkesstein og ein stein frå kvar kommune. Luster sin stein er ei steinhelle frå Dalsdalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Nordsjøfarten - Minnesmerke i Scalloway

    Byen Scalloway på Shetland var i åra 1942 -1945 base i Nordsjøfarten (på Shetland kjend som The Shetland Bus), - den organiserte trafikken over Nordsjøen med agentar, utstyr, våpen og flyktningar. Det finst ei rekkje minnesmerke om denne farten, både i Noreg og på Shetland. I Scalloway er det fleire Shetland Bus-minnesmerke.

  • Minnesmerke over falne på Bryne - Jon Lemvik

    Hesten på sokkel ved Time rådhus på Bryne, er kommunen sitt minnesmerke over falne i andre verdskrigen. Ein av dei falne var innflyttar frå Årdal i Sogn. Jon Lemvik var fødd i Årdal i 1908 og gjekk på skule der. Då mora vart enkje i 1926, flytte ho med borna til Rogaland og busette seg i Time. I Årdal vart Jom Lemvik omtala som årdøl lenge etter han flytte frå bygda.

  • Nordsjøfarten - Shetland Bus-minnesmerke i Lunna

    Den organiserte motstandstrafikken mellom Noreg og Shetland under 2. verdskrigen er på Shetland kjend som The Shetland Bus operation. Lunna var operasjonsbase 1941-1942, Scalloway i åra 1942-1945. Det finst ei rekkje minnesmerke om denne farten, både i Noreg og på Shetland. Ei minneplate over operasjonsleiaren David Howarth står ved kyrkjegardsmuren i Lunna.

  • Vesle Daniel-skulpturen i Dale

    "Det er tre tankar som ligg til grunn for skulpturen av Vesle Daniel. Skulpturen skal minne oss og kommande generasjonar om eit av dei finaste sjømannsdikt vi har. Den skal også ære alle dei unge gutane som reiste til sjøs frå bygdene og byane her vest i landet, og samstundes er skulpturen reist til minne om diktaren Jakob Sande." (Herbjørn Sørebø)

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Minnestein om elveregulering

    Nede i Førde ved sørenden av Breimsvatnet står det oppsett tre steinar langs vegen, - lengst oppe ein gamal grensestein, deretter ein stor stein med Norges Vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) sitt merkeskilt, og lengst nede ein grensestein mellom to gardar. Denne artikkelen handlar om NVE-steinen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein om kvinnegraver på Skaim

    På nordsida av kyrkja på Aurlandsvangen står ein stein knytta til eit førhistorisk gravfunn på garden Skaim. Steinen er oppsett i seinare tid, men det har ikkje lukkast å få fatt i fullgode opplysningar om når steinen vart reist eller kvifor det vart gjort, heller ikkje kven som gjorde det.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnestein om folkeoppreist i Berlin

    Den 23. juli 1954 hadde avisa Fjordingen i Stryn bilete og omtale av ein minnestein i Vest-Tyskland. Folk i Vest-Berlin hadde reist steinen 17. juni 1954 - på eitt-årsdagen for ein stor oppreist i Aust-Tyskland 17. juni 1953. Steinen vart reist til til minne om sovjetiske offiserar og soldatar som var blitt skotne fordi dei nekta å skyta på fridomskjemparar.

  • Nordraak-bautaen i Berlin

    Komponisten Rikard Nordraak døydde og vart gravlagd i Berlin våren 1866. I 1906 vart det reist ein bautastein på grava hans. Diktaren Bjørnstjerne Bjørnson heldt avdukingstalen. I 1925 vart urna flytta heim til Noreg og sett ned på Vår Frelsers gravlund i hovudstaden.

  • Nordsjøfarten - Minnesmerke i Troms

    Seint om ettermiddagen, fredag 2. april 1943 blei åtte motstandsmenn avretta av tyskarane på skytebana på Grønnåsen nord på Tromsøya. Alle var motstandsmenn frå m/k Brattholm I som blei påteken i Toftefjord 30. mars. Jan Baalsrud var den einaste som greidde å koma seg unna. Det er reist to minnesmerke om Brattholm-tragedien, - i Tromsø og Toftefjord.

  • Skulptur av Pål Bårdsson - prest i Undredal og erkebiskop

    Mange kyrkjer har portrett av eigne prestar for fleire hundre år sidan. Ingen kjem opp mot kyrkja i Undredal. Undredølene kan skryta av å ha "bilete" av ein av prestane sine på 1300-talet, i form av ein skulptur i Nidarosdomen. Pål Bårdsson var ikkje prest i vanleg forstand. Han var ei tid tillagt inntektene av kyrkja.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnesmerke over Sogn og Fjordane-prest i Sør-Trøndelag

    Presten Niels Nielsen Dahl (1806-1854) var i 1832 kapellan hjå den vidgjetne namnebroren Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik og frå 1852 til 1854 sokneprest i Eid. Frå 1838 var han i 13 år kapellan i Melhus. Kyrkjelyden i Eid reiste minnesmerke på grava hans på 1800-talet. I Melhus reiste dei minnesmerke over Niels Dahl i 2004.

  • Vegminnestein i Standal - og kjelder til veghistorie

    I skiljet mellom Øvre Standal og Nedre Standal står ein vegminnestein. Det står innhogge årstalet 1904 på den og talet 230. Hausten 2003 sende Odd Standal i Florø eit fotografi av steinen til Fylkesarkivet saman med nokre opplysningar. Det vart starten på eit lite samarbeid som resulterte i ein artikkel om minnesteinen, om vegen til Øvre Standal og kvar det kan finnast skriftlege kjelder til veghistorisk kunnskap.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Minnestein over falne i Vik sentrum

    I Vik sentrum står ein minnestein over tre ungdommar som fall i 2. verdskrigen. Den eine var frå Arnafjord sokn, dei to andre frå Vik. Minnesteinen vart avduka 17. mai 1946.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • 1905 - Varde i Oldeskardet til minne om unionsoppløysinga

    I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om ein varde i Oldeskardet. Han vart reist på ei stemna i 1905 ei veke før folkerøystinga 13. august. Varden er på ein særskild måte ein minnevarde om unionsoppløysinga.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • 1905 - Christian Michelsen og Oscar II i Svormuseet

    I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om to arbeid av bilethoggaren Anders Svor, - ei byste av Christian Michelsen i bronse og eit portrett av Oscar II i tre, - begge i Svormuseet i Hornindal.

  • Tunold-steinen i Selje

    Kunstmålar Bernt Tunold, fødd i Selje 25. februar 1877, død i Bergen 23. januar 1946, vert rekna som ein av dei store kunstmålarane på Vestlandet. I 1951 vart det avduka minnestein over han i Selje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Minnestein på Hjelle om gravfunn frå vikingtida

    På Hjelle står ein ''bautastein'' på ein tilgrodd grusrygg mellom gardsvegen og riksvegen. Steinen vart truleg sett opp kort tid etter 1914, då det vart funne ei grav frå vikingtida her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein i utmarka over lærar Sigurd Huus

    Sommaren 2003 gjekk ei turgruppe i Naustdal til Reiakvamsstølen og Horstadstølen. På vegen stogga dei ved ein stein oppsett til minne om ein mykje avhalden lærar i bygda. Lærar Sigurd Huus døydde her 2. april 1967 på veg heim etter ein skitur.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Minnestøtte ved Gulsvik om krigshending

    Den 25. og 26. april 1940 gjekk tyske styrkar til åtak på ei norsk forsvarsstilling ved Gulsvik i Hallingdal. Ingvald Jakob Oppedal frå Viksdalen i Gaular var ein av tre nordmenn som fall i trefninga. I 1995 reiste Flå kommune ei støtte til minne om hendinga.

  • Minnestein over falne ved Rugsund kyrkje

    Den 19 år gamle Johan Friis frå Rugsund omkom i det fyrste norske krigsforliset etter at andre verdskrigen braut ut i 1939. I 1994 reiste Rugsund sokn minnestein over han og dei tre andre frå soknet som miste livet som fylgje av krigshendingar. Steinen står ved Rugsund kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Minnesmerke over museumsmannen - godseigar G. F. Heiberg

    Ved inngangen til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen står eit minnesmerke over grunnleggjaren, godseigar G. F. Heiberg. Minnesmerket vart avduka søndag 26. august 1951. Heidersmedlem i Sogn Historielag, Anders A. Skaasheim, heldt avdukingstalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minnestøtte over falne ved Hersvik kyrkje

    Ved kvar av dei tre kyrkjene i Solund står ei minnestøtte med namna på dei 16 sulingane som fall under andre verdskrigen. Fire av dei var frå Solund sokn. Støttene er heilt like og vart oppsette samtidig.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Minnestøtte over falne ved Husøy kyrkje i Straumen

    Ved kvar av dei tre kyrkjene i Solund står ei minnestøtte med namna på dei 16 sulingane som fall under andre verdskrigen. Fire av dei var frå Solund sokn. Støttene er heilt like og vart oppsette samtidig.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Minnestøtte over falne ved Solund kyrkje på Hardbakke

    Ved kvar av dei tre kyrkjene i Solund står ei minnestøtte med namna på dei 16 sulingane som fall under andre verdskrigen. Fire av dei var frå Solund sokn. Støttene er heilt like og vart oppsette samtidig.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Minnestein over kaptein Edvard Munch

    KAPTEIN EDVARD MUNCH. Namnet står på det fyrste gravminnet til venstre når ein går inn på kyrkjegarden ved Eid kyrkje frå sør. På baksida står at minnesteinen vart reist i 1883 av "befal og menige ved Fjordenes Bataljon." Steinen vart reist som minne over ein avhalden kompanisjef.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Kopi av Loen-krossen i Amerika

    Den 24. juni 1956 vart det avduka ein kopi av steinkrossen i Loen ved Augsburg Seminary i St. Paul, Minnesota. Krossen var ei gåve frå Firda Ungdomslag og folket i Nordfjord. Han vart laga på Nordmøre og avduka ved ei tilskiping på Austrheim i Gloppen 28. august 1955.

  • Fjordhest-statuen på Nordfjordeid

    Både Gloppen og Eid har fjordhesten i kommunevåpenet sitt. Men Eid har ein god del meir å visa til som fjordhestkommune enn Gloppen. Eid kommune har kontoret til Norges Fjordhestlag, Norsk Fjordhestsenter, og - ein fjordhest i naturleg storleik på sokkel.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Monument over falne nordfjordingar i verdskrigen 1939-1945

    På den gamle militærøvingsplassen på Nordfjordeid står monumentet "Mor Noreg". Det er laga av kunstnaren Dyre Vaa og reist til minne om dei nordfjordingane som fall i verdskrigen 1939-1945. Minnesmerket vart avduka 30. juli 1950.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein om utvandring på Hogrenning i Lodalen

    Sommaren 2002 var det stort slektsstemne på garden Hogrenning i Lodalen. Det vart avduka ein stein reist til minne om fem menn og ei kvinne som utvandra til Amerika. Ein av dei kom attende og vart bonde på heimegarden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Bauta over Stårheimsætta

    Like ved kyrkja på Stårheim står ein høg bautastein. På ei bronseplate er skrive kven støtta er reist til minne om og i tillegg er innhogd ein bispestav og eit sverd lagde i kross. Bygdefolket reiste steinen i 1960.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein om ufredsåra 1807-1814 i Randabygda

    I Nordfjord finst det tre minnesteinar om ufredsåra 1807-1814; på Nordfjordeid, i Ålfoten og i Randabygda. Steinen i Randabygda står attmed kyrkja. Han vart sett opp til minne om randabygdarane som var ute i krigsteneste mot Sverige.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Gjetarnamn i kleberstein

    Det går ei åre med spesielt mjuk stein gjennom fjella i Sør-Markane. Ho kjem att i Heggjabygda og går vidare til Sunnmøre. I området frå Langsethøgda mot Glitteregga finst det mange stader skore eller rissa inn bokstavar og tal. - Gjetargutane er meistrar for det meste, meiner Lars Hatledal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Sivle-minnesmerke utanom Sogn og Fjordane

    Det er reist minst seks minnesmerke over Per Sivle. Eitt står på fødestaden i Flåm, Aurland; dei fem andre på Stalheim, på Voss (2), på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, og på Nordhue ved Elverum. Det er skrive eigen artikkel om Sivle-steinen i Flåm. Denne artikkelen handlar om dei fem utanom Sogn og Fjordane.

  • Minnestein ved Leikanger kyrkje i Selje

    På kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje i Selje står ein minnestein til minne om bortkomne på havet og falne i krigen 1940-1945. Steinen vart fyrst reist til minne om bortkomne på havet og seinare også gjort til minnestein over falne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Haraldstøtta – med 29 fylkesteinar

    Våren 1955 var folkeskulane i Hjelmeland på skuletur til Haugesund. To reisemål vekte særleg undring, den nye Karmsundbrua (opna om hausten) og Haraldstøtta. Ei så stor bru var noko heilt nytt, men Haraldstøtta kjende skuleungane til. Dei hadde sett bilete, og både høyrt og lese om Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike og om slaget i Hafrsfjord i år 872.

  • Meiningar om vernehelgen på Veitastrondvegen

    Sommaren 2014 hende noko uvanleg på eit veganlegg i Sogn og Fjordane. Ein katolsk prest heldt messe. Han velsigna arbeidet og plasserte ein vernehelgen-figur ved tunnellopninga. Statens Vegvesen deltok i seremonien. Byggherren har ikkje vanskar med å knytta vernehelgen-saka til HMS-tenkinga; - arbeidet for å førebyggja arbeidsulukker. Men ikkje alle tykkjer det er greitt med ein «religiøs seremoni» ved eit offentleg vegprosjekt.

  • Minnestein over spelemannen Lars Hjellbakk

    «I dag er det Lars Hjellbakk vi heidrar for at han ved sitt virke både har teke vare på tradisjon og sjølvskapt musikk som bind gammalt og nytt saman til levande vitnemål om honndølenes tonekunst. Monumentet her skal vitna om dette. La duken falle.» Med desse orda slutta Rolf Myklebust avdukingstalen sin då minnesteinen over Lars Hjelbakk vart avduka, laurdag 5. juli 1978.

  • The Pencil Monument – minne om slaget ved Largs 1263

    «Medan bardagen [slaget] stod på, var stormen so hard at kong Håkon såg seg ikkje synt til å få folk i land. Men Ragnvald og Eiliv i Naustdal rodde på ei skute inn åt land. Eiliv for på land i ein båt; men Ragnvald veik attende til skipet sitt.» Slik står det i soga om Håkon Håkonsson, i skildringa av slaget ved Largs i Skottland, 2. oktober 1263. Det var fleire med frå Sogn og Fjordane. Sommaren 1912 avduka skottane eit minnesmerke.

  • Veghistorisk kulturminne ved Aurlandsfjorden

    På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får ikkje opplyst noko om ein godt synleg vegstubb langs fjorden her, ein veg som endar «i lause lufta».

  • Minnestein om vegutløysing til Kandal

    Kandalsbygda ligg på vestsida av Breimsvatnet. Her er tre matrikkelgardar, Indre -, Midtre og Ytre Kandal. Bygda fekk vegutløysing hausten 1969. Det er markert med ein høveleg stein med dato og årstal.

  • Heimevernet – skulptur på Skei

    I 1990 flytte Heimevernet, distrikt 10 Fjordane, frå Bergen til Skei i Jølster. Tre år etter overtok HV 10 ny fane og reiste ein skulptur ved stabskvarteret. Skulpturen var laga av bilethoggaren Nils Bruland. Heimevernet fekk kort levetid på Skei. I 2005 vart HV 10 avvikla og anlegget selt til privat kjøpar. Jølster kommune takka ja til å overta skulpturen.

  • Minnesmerke på Sunnmøre om rasulukker i Hornindal

    Vinteren 1964 miste sju menneske livet i snøras i Hornindalsfjella. Dei var med på anleggsarbeid for Tussa Kraft. Fire andre miste livet i andre ulukker under Tussa-utbygginga i åra 1958-1964. Ved Tussa Kraft sitt 50-årsjubuileum i 1999 vart det sett opp ein minnestein. Tre omkomne var frå Sogn og Fjordane.

  • Minnesmerke om krigsforlis på Hustadvika

    Den 16. september 2002 avduka Kong Harald V minnesmerket Stille rom på Romsdalskysten. ”Det er et sted for sorg, savn, ettertanke og forsoning”, står det på ei informasjonstavle. 65 menneske omkom då hurtigruteskipet ”Irma” og lastebåten ”Henry” vart torpederte vinteren 1944. Ein av dei var frå Sogn og Fjordane.

  • Minnestein over Jakob Sæthre – skulepioner frå Breim

    Psykisk utviklingshemma born på Vestlandet fekk sin første spesialskule i 1882. Jakob Sæthre frå Breim i Sogn og Fjordane starta skulen i Bergen. Skulen er no ein del av Statped Vest, ei statleg verksemd som gjev spesialpedagogisk støtteteneste. Statped Vest – Eikelund med adresse Paradis i Bergen, er vidareføring av tidlegare Eikelund off. spesialskole, grunnlagt 1882 som «Sæthres institutt for aandsvage Børn». Det står ein minnestein over grunnleggjaren i parken på området.

  • Kvernsteinen på Kvernaflu

    Den indre skipsleia frå Bergen til Sognefjorden har mange attraksjonar for turistar og andre reisande. På Kvernaflu (Kvennaflua), sør om Alværstraumen, står det ein kvernstein på stativ. Dette nokså spesielle seglmerket har si historie.

  • Hunden på Hundeskjeret

    Skipsleia Bergen-Sogn har mange attraksjonar for turistar og andre reisande. Strekninga frå Kvennafjorden nordover til innløpet av Sognefjorden har fleire svært smale stykke som vekkjer undring: at det er råd å manøvrera i stor fart i så trangt farvatn. Men somme stader sakkar båtane farten, forbi bryggjer og småbåtplassar. På det trongaste sør i Alværstraumen gjer dei det. Her fer båten forbi eit skjer der det står ein lyktestolpe og, ein hund.

  • Malla Moe-minnesteinen på Hafslo

    «Jo, min mening er at skal vi ære store menn og kvinners minne med en bautastein, bør Malla Moe ha sin. Og her bør Sogns kristne, og i første rekke ungdommen, gå til innsamling for nettopp å få reist en slik stein på Mo i Hafslo.»

  • Minnestein over dannebrogsmann Anders Ølmheim Flete

    Anders Ølmheim frå Sogndal prestegjeld var med i krigen mot Sverige i 1808. I trefninga ved Berby i Østfold 12. september, viste han slikt "Mod og Conduite" at han vart tildelt Dannebrogsordenen. I 1814 gifte han seg til garden Fletene i Fresvik, Leikanger prestegjeld. Han døydde i 1861. I 1946 reiste slekta ein minnestein over han i gardstunet på Fletene.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Bautasteinen på Antonshogen

    I Naustdal vart det i 1914 reist to bautasteinar til minne om dei soldatane frå Naustdal som var med i krigen 1807-1814. Den eine steinen står på Bervellene i Naustdal sentrum, den andre på Antonshogen på Fimland i Instedalen. Steinen på Fimland vart reist til minne om to brør frå Svorstølen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • 1905-minnestein i Ortnevik

    Utanfor daglegvare-butikken i Ortnevik står ein minnestein om unionsoppløysinga i 1905. I 1967 fekk Olav Fitje i oppdrag å samla opplysningar om denne steinen, som kan henda er den einaste i sitt slag i fylket. Han snakka med Kari Hovland, fødd i 1883.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Bautasteinen på Bervellene i Naustdal

    I Naustdal vart det i 1914 reist to bautasteinar til minne om dei frå bygda som var med i Napoleonskrigane 1807-1814. Den eine steinen står på Bervellene i Naustdal sentrum, den andre på Antonshogjen på Fimland.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • The Steine - minnestein om vikingtida i Dublin

    I Dublin står minnesmerket The STEINE, ein bauta reist til minne om ein annan stein, ein "standing stone" som stod omtrent på same staden frå 900- eller 1000-talet til fyrst på 1700-talet. Den opphavlege steinen var kan henda reist av viking-innbyggjarar i den irske hovudstaden. The STEINE har tilknyting til Sogn og Fjordane òg.

  • Sivlesteinen i Flåm

    Det er reist fleire minnesteinar over diktaren Per Sivle, - på grava hans i Drammen, på Stalheim, på Voss og i Elverum. I Aurland står to minnesteinar, den eine på Aurlandsvangen, den andre i Flåm. Sivlesteinen i Flåm vart avduka 17. mai 1948.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Minnesmerke ved Hyllestad kyrkje om krigsinnsats

    ”Innskrifta på steinen skal fortelja seinare generasjonar at ungdomen i 1940 viste mot og stilte opp til forsvar av sitt land 9. april 1940. Innskrifta skal bera ein bodskap til komande generasjonar: ”Vi skal tilgje, men ikkje gløyme.” Dette seier Hans Berge (1923-2005) mannen som reiste minnesteinen om krigsinnsats på plassen attmed Hyllestad kyrkje.

  • To minnesteinar om harde kår i dansketida

    Ein av bilvegane mellom Nordfjord og Sunnmøre går frå Heggjabygda i Eid til Austefjord og Volda. Osdal er fyrste garden over fylkesgrensa. I gardstunet står det ein minnestein om harde kår i dansketida på 1700-talet. På Rustøy i Oldedalen i Stryn står det ein liknande minnestein

  • Minnestein på kyrkjestad i Aurland

    Aurlandsvangen har ein gammal kyrkjestad oppe på Rygg. Kyrkjetufta og kyrkjegarden er framleis godt synleg. Olsokdagen 1956 vart det reist ein bautastein til minne om Ryggjakyrkja, ei kyrkje som stod der fram til ut på 1500-talet. Steinen har elles si eiga soge.

  • Minnestein over Eystein Gjelsvik

    ”Han var den fremste strateg og utøvar av bureisingsarbeidet i si tid.” Eystein Gjelsvik, jordbruksmann, fødd i Vevring, leiar for bureisingsselskapet Ny jord i over 30 år, frå 1917 til 1950. Sommaren 1955 reiste dei ein minnestein over Eystein Gjelsvik. Steinen står på på Moldstad på Smøla.

  • Minnestein over vegbyggjar Per A. Sægrov

    Sommaren 1975 reiste Jølster kommune ein minnestein på Kjøsnessanden. Dei ville heidra mannen som bygde den fyrste køyrevegen langs nordsida av Kjøsnesfjorden. Per A. Sægrov og vegarbeidarane hans bygde vegen i åra 1932-1938.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestøtte på Skei over tonekunstnaren Anders Viken

    Jonsokaftan 1998 vart tonekunstnaren Anders Viken heidra med minnestein. Det var Jølster kommune som på denne måten ønskte å markera hundreårsminnet for Anders Vikens fødsel. Minnesteinen står på plassen framfor Skei Hotell.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Astrup-steinen

    "NIKOLAI ASTRUP 1880-1928" Det står innhogge på Astrup-steinen i det gamle prestegardstunet på Ålhus. "Soleis skal óg han sjølv og livsverket hans for alltid vera innrissa i vårt og våre borns minne", sa lærar S. Sandnes i avdukingstalen sin, søndag 28. august 1938.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein over Gustav Indrebø

    Gustav Indrebø, filolog, stadnamnekspert, målgranskar og målreisingsmann, døydde i 1942, berre 53 år gamal. Han voks opp i Sunnfjord og hadde heile livet nær tilknytning til Jølster. I Florø er det ei "Professor Indrebøs gate". I Årdal i Jølster vart det i 1955 reist ein minnestein.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnestein over Dannebrogsmann i Dvergsdalen

    På den tidlegare bygselplassen Lyngneset under Dvergsdalen i Jølster står det ei minnestøtte over Dannebrogsmannen Per Kleppe. Per vart dekorert med eit heidersteikn av Dannebrogs-ordenen for ein særleg prestasjon i "Svenskekrigen" i 1808.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Christie-steinen i Måløy

    Kristen J. Sunde (1861-1952), forretningsmann og politikar, var interessert i historie. Folk tok gjerne kontakt med han når dei fann eller visste om noko frå gamle dagar. Ein dag kom nokre karar og fortalde om ei steinhelle i ei båtstø på Sæterneset. Det var hogd inn bokstavar og teikn. I dag (2011) står denne steinhella oppsett i Sundeskogen i Måløy.

  • Minnestein om mellomalderkyrkje i Hyen

    Ein av dei største minnesteinane i Sogn og Fjordane står i Hyen. Han vart reist i 1950 til minne om ei kyrkje ein reknar med stod her på 12- og 1300-talet. "Ei Kirkia i Hya" er nemnd i 1306, og stadnamna Kyrkjevika og Kyrkjeåkeren er teikn på kyrkje og kyrkjestad.

  • Minnestein over falne på Byrknesøy

    Ved skulen på Byrknesøy står eit minnesmerke over åtte menn som sette livet til i andre verdskrigen. Alle var frå Mjømna sokn. Minnestøtta vart avduka 17. mai 1946.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnestøtte på Bringelandsåsen over allierte flygarar

    Fredag 9. februar 1945 gjekk ein alliert flystyrke til åtak på tyske skip i Førdefjorden. Mange allierte fly blei skotne ned og 14 av dei allierte flymannskapa miste livet. Førti år etter blei det reist ein minnestein over dei på flyplassen på Bringelandsåsen.

  • Minnestein om brøytestikka

    På rasteplassen Svidalsneset attmed Jølstravatnet står det ein minnestein om "den første brøytestikka i Noreg". Det var vegoppsynsmann John G. Aase frå Skilbrei i Gaular som skal ha kome på ideen om å setja opp bøyelege brøytestikker for snøbrøyting med motorkøyretøy. Minnesteinen var avduka 4. juli 2008.

  • Minnesmerke om Havørn-ulukka i Hyllestad

    I sjutida om morgonen, tysdag 16. juni 1936, høyrde folk i Lifjorden flydur og eit forferdeleg brak frå fjellet Risnesnipa. Det var flyet "Havørn" som flaug rett inn i den stupbratte fjellveggen. Sju menneske omkom. Den 14. juni 2008 vart det avduka eit minnesmerke om den tragiske hendinga.

  • Minnestein over kompanisjef og kompani, 1807-1814

    I mars 1808 kom Noreg i krig med Sverige. Militære mannskap frå Vestlandet vart sende til grenseområda på Austlandet for å forsvara landet. Leirdalske lette infanterie-compagnie under kommando av kaptein Wilhelm Jürgensen kom i fleire trefningar med svenskane. I 1932 vart det reist ein minnestein over kompanisjefen og kompaniet hans. Minnesteinen står ved Hole kyrkje på Ringerike.

  • Steintreet - monument til minne om Martin Luther Storm

    "Di meir han hadde studert Storm, di meir hadde han sett det vonlause i å avbilde han berre i som ein byste. I staden måtte minnesteinen også tale om alt han hadde utført og stått for. Og steinen er verkeleg eit studium verd!" Det var avisa Firda som i 1978 skreiv dette etter avdukinga av monumentet Steintreet på Mo jordbruksskule.

  • Island - Minnestein om skogplanting

    I 1949 byrja eit samarbeid mellom Noreg og Island om skogreising. Skogplantarar frå Troms reiste til Island og planta skog og islandske skogplantarar reiste andre vegen. Seinare utveksla dei to landa skogplantarar fram til år 2000. Den norske ambassadøren på Island, Torgeir Anderssen-Rysst, hadde ei sentral rolle i tiltaket. I 1961 vart han heidra med minnestein på Island.

  • Island - Torfæus-minnesmerket på Karmøy

    I 1936 vart det reist minnesmerke over Tormod Torfæus (1636-1719), mannen som skreiv den fyrste noregssoga etter Snorre Sturlason si Heimskringla på 1200-talet. Torfæus arbeidde òg for å laga ein "Norges beskrivelse" og vende seg til mange prestar og andre for å få opplysningar om tilhøve rundt om i landet. Eit av dei best kjende svara - om Sogn - kom frå prost Ivar Erichsen Leganger i Vik.

  • Markeringsstein for Vakre vegars pris på Værlandet

    I 2003 vart øysamfunna Værlandet og Bulandet knytte saman med veg. To år seinare vart den nye vegen tildelt Vegdirektøren sin Vakre Vegars Pris. Prisen er markert med ein stasleg stein attmed vegen på Værlandet.

  • Minnesmerke over presten Niels Nielsen Dahl

    På 1800-talet var det uvanleg å reisa minnesmerke over folk. I Sogn og Fjordane kjenner me berre til fem. Eitt av dei, over soknepresten Niels Nielsen Dahl, står i Nordfjord. Innskrifta fortel at minnesmerket vart reist av "hans sørgende menighed". Dahl døydde i 1854 og hadde då vore prest i Eid prestegjeld i berre to år.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Minnestein over Matias og Marie Orheim

    Den blinde sjåaren brukte Arne Grimstad som tittel på minneskriftet om Matias Orheim som kom ut i 1964. Orheim vart blind i ung alder, men gav likevel ikkje opp livskallet sitt: Å forkynna Guds ord for land og folk, som talar, forfattar, komponist og musikkutøvar. Orheim og kona Marie døydde med få timars mellomrom i 1958. Fire år seinare reiste kristenfolket ein minnestein på grava deira.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Amerikansk krigsgrav - Bernt A. Fosnes frå Oppstryn

    Bernt A. Fosnes frå Stryn utvandra til Amerika i 1910. I eit brev heim til Stryn i 1917 fortel han at det er innført tvungen verneplikt og at han ventar på å verta innkalla. Eitt år seinare, den 30. november 1918, kunne Fjordenes Blad melda at Bernt Fosnes hadde falle i krigen. Han ligg gravlagd på ein amerikansk krigskyrkjegard i Frankrike.

  • Island - Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik

    I følgje Landnåmabok var Ingolv Arnarson den første landnåmsmannen (innvandraren) på Island. Ingolv kom frå "Fjordane". Han kom til Island året 874 og busette seg der Reykjavik no ligg. I 1924 vart det avduka eit Ingolv Arnarson-minnesmerke i Reykjavik, og i 1961 vart det reist ein kopi av monumentet i Rivedal i Sunnfjord.

  • Minnesmerke på Island - over falne nordmenn

    På ein kyrkjegard i Reykjavik står eit minnesmerke over nordmenn som fall på Island under verdskrigen 1939-1945. Ein av dei var Odd Batalden frå Florø. HM kronprins Olav avduka minnesmerket måndag 21. juli 1947.

  • Island - Minnesmerke over Ingolv Arnarson i Rivedal

    I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal.

  • Thorvaldsens Kristus-figur

    Florø fekk ny kyrkje i 1882 og ein skulptur i staden for altertavle; ei etterlikning av Bertel Thorvaldsen sin Kristus-figur i Vår Frue kirke i København. To andre kyrkjer i Sogn og Fjordane har den same figuren. Den dansk-islandske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen (1770-1844) sin Kristus-figur er elles godt kjend i bøker, på postkort, av til på eldre gravminne og som nipsgjenstand.

  • Minnesmerke over russiske krigsfangar

    Tretten russiske krigsfangar miste livet i Årdal under 2. verdskrigen. Dei vart gravlagde på krykjegarden ved Årdal kyrkje. I 1951 reiste bygdefolket eit minne over dei. Ei minneplate vart sett opp fleire år seinare.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Island - Snorre-monumentet på Reykholt

    "Han er framstilt som en solid skjegget bonde i vadmelskofte og rund hatt og med Heimskringla under venstre arm." Dette var landbruksmannen Olav Klokk sine ord om skulpturen av Snorre Sturlason på Reykholt i eit reisebrev frå Island sommaren 1947. Monumentet vart avduka 20. juli same året.

  • Minnestein over Jacob Walnum - prest og omstreifarmisjonær

    "Bysten gjengir noe av både den mildhet og sterke tro og vilje som preget presten og mennesket Walnum". Det skreiv Olav Bjørnstad i 1933 om minnesmerket over Jacob Rostrup Suur Walnum på grava hans i Oslo. Walnum sitt namn er framom alt knytta til Den norske omstreifermisjon.

  • Minnestein over falne i Matrefjella

    I slutten av andre verdskrigen var Bjørn West namnet på ein base for motstandsfolk i Matrefjella på grensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Kaptein Harald Rise frå Hyllestad var sjef. Den tyske okkupasjonsmakta kom på sporet av basen, og i trefningar i april/mai 1945 miste sju nordmenn livet. I 1949 vart det reist eit minnesmerke over dei falne soldatane.

  • Minnestein over Johannes Haarklou

    Johannes Haarklou (1847-1925), fødd på Hårklau i Haukedalen, er ein av dei mest allsidige komponistane Norge nokon gong har hatt. Han studerte m.a. i Tyskland og var organist i Kristiania i førti år. Sommaren 1927 vart det avduka ein minnestein over han på Hårklau.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Kvinner som berga liv - heidersminne om redningsdåd i 1885

    På Hellersøyna i Bulandet står to kvinner på sokkel. Den eine er Berte, den andre Hansine. I 1885 var dei med og berga sju skipbrotne menn frå eit skjer. Dei var begge i tjueåra. Ei tid etter vart dei tildelt den offentlege redningsmedalja. I 2007 vart dei heidra med eit kunstverk.

  • Politikonstabel Jahn Iver Kornbrekke - på minnemonument i Evje

    Natt til 16. august 1943 aksjonerte den tyske okkupasjonsmakta mot det norske politiet. 470 politimenn blei arresterte og dei fleste seinare deporterte til fangenskap i Tyskland. 13 miste livet. Jahn Ivar Kornbrekke frå Evje var ein av dei. Han tenestegjorde i Årdal då han vart arrestert. Namnet hans står på minnemonumentet over falne ved Evje kyrkje.

  • Minnesmerke om Blia-forliset

    Under krigen 1940-1945 var det heile tida illegal trafikk mellom Norge og England. Ikkje alle kom fram. I november 1941 forliste motorskøyta Blia i ein voldsom orkan. Alle 43 om bord omkom. To var frå Sogn og Fjordane. Femti år etter reiste Bømlo kommune ei minnestøtte om det verste forliset i Englandsfarten.

  • Tusenårsstein i Holsen

    Ved tusenårsskiftet 1900-2000 vart dei fleire stader reist tusenårssteinar. I Holsen reiste dei ein slik stein på tusenårsstaden i bygda, eit friområde nedom kyrkja mot vatnet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Minnestein over falne - frå Værlandet og Bulandet

    På kyrkjegarden på Værlandet står ein minnestein over falne frå Værlandet og Bulandet. Steinen står på grava til ein av dei, Bernt Myrvåg. Han fall i kampane på Walcheren i Nederland.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnesmerke over Anders Askevold

    Kunstmålaren Anders Askevold (1834-1900) er særleg kjend for dyremotiva sine."En specialist av rang i dyremaleriet", er karakteristikken i standardverket Norsk Kunsthistorie som kom ut i 1927. I 1934 vart det avduka eit minnesmerke over han på Korseberget i Askvoll.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll