Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Rå-data

Minnestøtte om slaget ved Berby 1808 og Jo Lothe-visa



I ufredsåra 1807-1814 var mannskap frå Sogn og Fjordane utkommandert til krigsteneste på Austlandet. Ein bergenhusisk grenaderbataljon kom til Østfold i 1808. Mange bergenhusingar var med i slaget ved Berby. Grenader John Lothe frå Eid skreiv ei forteljande vise om den bergenhusiske grenaderferda. I 1908 blei det reist ei minnestøtte ved Berby.

Minnestøtta ved Berby blei avduka på hundreårsdagen for slaget i 1808. På framsida står namna på dei militæravdelingane som var med, nemleg: <i>Grenaderbataljonen af Bergenhusiske nationale Infanteriregiment, Norske Jegerkorps, Søndenfjeldske gevorbne Infanteriregiment og Nordenfjeldske gevorbne Infanteriregiement  -  seierede i kampen for fedrelandet.</i> På baksida står: <i>Reist 12. sept. 1908.</i><br />

Minnestøtta ved Berby blei avduka på hundreårsdagen for slaget i 1808. På framsida står namna på dei militæravdelingane som var med, nemleg: Grenaderbataljonen af Bergenhusiske nationale Infanteriregiment, Norske Jegerkorps, Søndenfjeldske gevorbne Infanteriregiment og Nordenfjeldske gevorbne Infanteriregiement - seierede i kampen for fedrelandet. På baksida står: Reist 12. sept. 1908.

Eigar: Østfold fylkes billedarkiv.

Datering: 1908.

Fotograf: Ukjent.

Minnestøtta

Slaget ved Berby blei utkjempa 12. september 1908. Hundre år seinare, nøyaktig på dagen for trefninga, vart det avduka ei minnestøtte ved Berby. Minnesmerket er ein nær 6,5 m høg bautastein omkransa av fire kvadratisk plasserte hjørnesteinar.
Mykje folk var tilstades på avdukingshøgtida i 1909. Smålenenes Amtidstidende nemner særskilt ordføraren i Idd kommune, militære frå dei områda det var soldatar og offiserar frå i 1808, Brigadens musikkorps og skuleborn med norske flagg. Etter hovudtalen og avdukinga vart minnesmerket overlevert Idd kommune som ga lovnad om alltid å verna og hegna om det.

Bilete av Berby-støtta som blir reist.

Krigen og bataljonen frå Vestlandet

Danmark-Noreg kom i krig med Sverige ved krigserklæring 14.03.1808 etter å ha gått inn i allianse med Napoleon. Ein Bergenhusisk grenaderbataljon samansett av 4 kompani a 125 mann vart mobilisert straks etter. Det var mannskap frå Sogn og Fjordane i 3 av kompania. Bataljonen ekserserte i Bergen før styrken vart forflytta til Østfold sommaren 1808.

Fjerde-kompaniet var sentralt plassert i slaget ved Berby, og kommanderande sjef, oberst Krebs, var svært godt fornøgd med vestlendingane. I ein rapport skriv han: De ere så tapre og brave Folk, som ei vige et Hårbred, forinden den største Overmagt nøder dem dertil. Obersten melder om fleire døde og såra.

Bilete av omlag 21 Bergenhusiske grenaderar ved Berby vinteren 1808-1809.

Utover hausten stilna krigen av og etter våpenstillstand i desember heldt styrkane vakt i grenseområda. Vinteren 1808-1809 var ekstremt hard med mykje sjukdom og mange dødsfall. Oberstløytnant Torbjørn Synnestwedt melder om grufulle forhold: Forleden Dag døde 5 Grenaderer og ellers næsten daglig een på Stråe - en jammerlig Krig, som Foraaret neppe levnet mig Halvdelen Mandskaber.

Dei sanitære forholda var elendige. I ein vekerapport datert 27.12.1808 skriv oberstløytnant Synnestwedt: De Syge haves ei Plads til i Lazaretterne, maae derfor ligge i deres Qvarterer; man kan da lettelig forestille sig Smitten paa disse med Folk opfyldte Steder, hvis Qvarterer aldrig ere ledige og hvor Syge ligge blandt de Friske i deres egne Filler eller Værternes usle anstukne Sengklæder. Soldater og Almue maae saaledes omkomme.
Ved heimkomsten til Bergen i februar 1811 hadde bataljonen ialt 154 døde. Fleire hadde mista livet av sjukdom enn av krigshandlingar.

John Jakobson Lothe

Ein av grenaderane var John Jakobsen Lothe, fødd ca 1782 i Eid. Han reiste i ung alder til Bergen og vart bryggjesjauar. John Lothe var utteken til soldat i det gloppenske kompani og vart med i grenaderbataljonen til Østfold. Han var med i slaget ved Berby, og opplevde at sidekameraten Anders Frøyset frå Utvik vart skoten og mista livet. John Lothe vart buande i Bergen.

Vise på 47 vers om herferda

John Lothe var skrivefør. Han forfatta viser og vers. Den mest kjende visa i samtida og seinare handlar om herferda til Østfold. Visa var ferdig i 1811 då bataljonen var på heimveg, og vart fyrste gongen prenta i Kristiansand same året. Visa er på 47 vers og vart seinare vide kjend som Jo Lothe-visa. Ho står prenta i Årbok for Nordfjord 1951.

Bilete av tittelbladet til Jo Lothe-visa "En ny vise."

Mange minnesteinar i Sogn og Fjordane

Kringom i Sogn og Fjordane står mange steinar til minne om soldatar i ufredsåra 1807-1814. Dei fleste er reiste til minne om falne, men her er og steinar oppsette til minne om soldatar som kom heim med Dannebrogsordenen for særleg innsats på brystet. Med få unntak blei 1807-1814-minnesteinane reiste i 1914 i høve 100-årsjubileet for Grunnlova.

kjelder:

Barstad, H. J.: Bergenhusiske nationale Grenaderbataljon 1808-1811.Forsvarsdepartementet.
Lothe, Anders A.: John Jacobsen Lothe - forfattaren av Jo Lothe-visa. I Årbok for Nordfjord. 1951.
Bakke, Harald: Id Herred. En grænsebygds historie.1915.
Lothe, Hjalmar: Bergenhusgrenaderene i Østfold i krigsårene 1807-1814. I Wiwar, blad for Østfold historielag. Nr. 1. 1999.
Børke, Erling: Minnesmerker i Halden og på Fredriksten. 1981.

PERMANENT IDENTIFIKATOR