Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. september 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i Vadheim over falne i krigen 1940-1945



To ungdommar frå Vadheim sette livet til under krigen 1940-1945. Begge omkom i krigsforlis, den eine om bord på panserskipet Eidsvold i norsk farvatn, den andre om bord på lasteskipet Polarland utanfor den nordamerikanske austkysten. Etter krigen reiste ungdomen i Vadheim ein minnestein over dei.

Minnesteinen i Vadheim over to falne i andre verdskrigen står i sentrum ved kaia og buss-stoppestaden. Framsida vender mot fjorden.

Minnesteinen i Vadheim over to falne i andre verdskrigen står i sentrum ved kaia og buss-stoppestaden. Framsida vender mot fjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen og innskrifta

Minnesteinen over dei to falne frå Vadheim står i sentrum ved kaia og buss-stoppestaden. Han er omlag 3 meter høg, 80 cm brei og 15 cm tjukk. På framsida, som vender mot fjorden, står med runeforma bokstavar:

DESSE FRÅ * VADHEIM * FALL I * FRIDOMSSTRIDEN * 1940 - 1945 * JOAKIM TVETERÅS * F. 28-4-1918. * GJEKK NED MED * "EIDSVOLL" * 9-4-1940 * PER OLAV * SØRBOTTEN * F. 4-7-1918. * GJEKK NED MED * "POLARLAND" * 4-1-1945.
På baksida står: REIST AV * UNGDOMEN * I VADHEIM * 16-9-1945

Per Olav Sørbotten

I bokverket Våre falne står fylgjande om Per Olav Sørbotten:

" - motorassistent, Kyrkjebø. Født 4. juli 1918 i Lavik, s. av lensmann Mathias Sørbotten, d. 1935, og Marie f. Saudal. Middelskole. Var på D/S Polarland, og omkom 4. januar 1945 da skipet ble torpedert dagen etter avgang fra Sydney, N.S., på reise til Philadelphia."

I boka Northraships flåte står dette om forliset: Lasteskipet D/S Polarland høyrde til reiarlaget Amlie & Amlie i Haugesund. 4. januar 1945 låg skipet i sikte av land utanfor Halifax i Kanada. Klokka 14.13 gjekk ubåt-alarmen, - eit kanadisk tankskip i nærleiken vart torpedert. Berre fem minutt seinare slo ein torpedo inn i Polarland med ein så destruktiv effekt at det tungt malmlasta skipet gjekk ned i løpet av 15 sekund. To mann fekk slengt seg opp på ein flåte og tre mann kom opp frå dragsuget og vart berga. Kapteinen og 17 mann omkom.

Merknad: Kjeldene samstavar ikkje om forliset. Opplysningane i Northraship-boka er rette.

Bilete av D/S "Polarland" av Haugesund.

Joakim Tveterås

Bokverket Våre falne i fire band inneheld korte biografiar om alle nordmenn som fall i verdskrigen 1939-1945. Av ein eller annan grunn er Joakim Tveterås ikkje komen med. Joakim Tveterås, fødd 28.09.1918 i Kyrkjebø kommune (no Høyanger), var son til gardbrukar Knut Tveterås (1893-1968) og Olga Nilsdotter Ytredal. Garden Ytredal ligg ved E 39, kring 2,5 km nord for Vadheim sentrum. 9. april 1940 var Joakim Tveterås om bord i panserskipet Eidsvold på vaktteneste i Ofotfjorden.

Begge panserskipa gjekk ned

Begge dei to norske panserskipa "Norge" og "Eidsvold", bygde i 1890-åra, vart søkkte ved Narvik 9. april 1940. I grålysinga stod tyske krigsskip inn Ofotfjorden. Dei vart stoppa av det norske panserskipet "Eidsvold". Tyskarane sende ein mann om bord for å forhandla. Men då nordmennene nekta å overgje seg, gjekk den tyske offiseren frå borde, sende opp eit raudt signallys, og før "Eidsvold" rakk å opna eld, vart det råka av tyske torpedoar. Skipet gjekk ned i løpet av 15 sekund og 175 mann omkom. Berre 6 vart berga.

Panserskipet "Norge" var lenger inne i hamnebassenget. Skipet oppdaga tyske krigsskip og opna eld utan å treffa. "Norge" vart straks etter råka av to tyske fulltreffarar, og skipet fekk same lagnad som "Eidsvold". Det gjekk ned i løpet av mindre enn eitt minutt. 101 mann miste livet, medan 90 vart berga.

Minnesteinen avduka hausten 1945

Ungdommen i Vadheim gjekk straks etter krigen i gang med å reisa ein minnestein i bygda. Dei valde ei nemnd til å stå føre arbeidet. Med i nemnda var Axel Heiberg Andersen (formann), Geirmund Markeset (sekretær), Kristian Skaar (kasserar), Georg Nesse og Olav Midtkandal. Emnet til steinen fann dei i ei vegskjering ved Ullebøen på vegen over til Guddal, og Karl Opseth frå Førde hogg inn skriftteikna.

Bilete av minnesteinen.

Pengane som skulle til skaffa dei ved innsamling, og det skulle gå betre enn dei sikkert hadde tenkt seg. Då dei kom til Ole N. Hovland (1871-1962), bonde på ein av dei fremste gardane og banksjef, spurde han kor mykje dei mangla. Han fekk greie på det og gav dei heile restbeløpet.

Bilete av baksida til minnesteinen.

I slutten av august sende nemnda brev til Kyrkjebø kommune der dei ba om løyve til å reisa steinen på taket av brannstasjonen i bygda, ein bygning med flatt tak også brukt som tilfluktsrom og delvis innbygd i terrenget. Kommunen svara ja, og tok samstundes på seg å kosta eit trappeanlegg opp til takplatået. Minnesteinen vart avduka 16. september, på dei "dei falne sin dag" denne hausten.

Markeringar ved minnesteinen

Bilete av merkering ved minnesteinen av dei falne.

Då kommunen gav løyve til å reisa steinen på taket av brannstasjonen, tok dei atterhald om flytting dersom det av ein eller annan grunn skulle verta naudsynt. Det vart det ei tid seinare. Minnesteinen vart då flytta til hagen ved den gamle kommunale dokterbustaden, eit stilreint hus oppsett i 1893 som no mellom anna vert nytta til ymse samkomer av bygdefolket. Det har alltid vore markeringar ved minnesteinen når det har vore runde år for krigsutbrotet eller fredsåret. Elles samlast folk ved minnesteinen kvar 1. og 17. mai.

Minnesteinen står pr. 2017 ved kaia og buss-stoppestaden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bind 1. Stavanger 1995.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte offensiv. 2. del. Oslo 1976.
Våre falne. Bind 4. Oslo 1948.
Opplysningar frå:
Odd Skaar, Vadheim, Høyanger.
Sverre Søgnen, Gol.
Høyanger kommune, kommunearkivet:
To saksdokument i formannskapsarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR