Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krossen på Dragseidet



År 997 stemnde Olav Trygvason bøndene i fylka Romsdal, Sunnmøre, Fjordane og Sogn til ting på Dragseidet. Dei fekk valet mellom å la seg døypa eller å halda slag. Bøndene våga ikkje å ta til våpen. Dei valde dåp og kristendom. I 1913 vart det reist ein steinkross til minne om hendinga. Kring 4000 menneske var tilstades.

Krossen på Dragseidet med utsyn nordover. Dei fire hjørnesteinane symboliserer dei fire fylka som møtte på eit ting med Olav Trygvason i året 997: Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal.

Krossen på Dragseidet med utsyn nordover. Dei fire hjørnesteinane symboliserer dei fire fylka som møtte på eit ting med Olav Trygvason i året 997: Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Nord på Dragseidet
Krossen på Dragseidet står tett attmed ein bekk, eit stykke nord på eidet. Her er godt utsyn mot Vanylvgapet og landet og øyane nordafor. Vegen går forbi på vestsida. Vegvesenet har laga til parkeringsplass med benker, låge murar og hellegangar, og sett opp informasjon. Eit stykke oppi skråninga på austsida er det laga til for framsyning av sogespel.

Seks meter
Krossen er av hoggen gråstein, kring seks meter høg og fundamentert i betong. Han er sett saman av 3 stykke, det eine frå foten opp til armane, det andre: armane eller tverrstykket, og det tredje: toppstykket. På tverrstykket står innhogge:
HER KRISTNET OLAV 4 FYLKER * 997
Nede ved foten står innhogge: REIST * 1913. Over årstalet 1913 er festa ei koparplate med denne teksten: Reist etter upptak av * Nordstrand ungdomslag av NKUF * 1913
Nokon må i ettertid ha kome til at noko meir burde koma med på steinen, enn berre årstalet.

Om hendinga hjå Snorre
Den islandske sogeskrivaren Snorre Sturlason (1179-1241) skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane i Hårfagreætta fram til slaget på Re i 1177. I soga om Olav Trygvason, konge 995-1000, står det om hendinga på Dragseidet:

Same hausten [997] stemnde kong Olav bøndene til tings frå 4 fylke på Stad på Dragseid; der skulde det koma folk frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre og Romsdal. Kong Olav for dit med mykje folk, som han hadde hatt med seg frå austanfrå [Austlandet] , og dei som var komne til han i Hordaland og Rogaland.

Då kong Olav kom til tinget der, baud han dei kristendomen, der, som andre stader, og for di kongen hadde ein stor herstyrke der, vart dei skræmde. På slutten av talen si baud kongen dei to vilkår, anten at dei skulle ta mot kristendomen og la seg døypa, eller at dei skulde halda slag med han. Men då bøndene såg at det ikkje råd for dei å slost med kongen, så vart det avgjort at alt folket ville la seg kristna.

Eldre trekross
I 1913 var Wilhelm Kvalheim lærar og kyrkjesongar på Nordstranda (Leikanger) på Stadlandet. Han skreiv eit langt stykke tilFjordenes Blad (05.07.1913) om avdukinga av steinkrossen. Han fortel at krossen vart sett opp på same staden som det tidlegare hadde stått ein trekross. Denne krossen var borte i 1913, men gamle folk kunne minnast ein høg trekross frå barndomen. Dei kunne fortelja at krossen hadde rotna ned, men at folk hadde skore bort stykke av adelsveden og brukt til skospararar.

Dei var heilt sikre på kvar trekrossen hadde stått og påviste staden. Og rett nok, då dei tok til å grava, kom det for dagen fire heller i krins og ei i botn.

Tanke om ny kross i fleire år
Bygda Drage ligg på sørsida av Dragseidet, Nordstranda (Leikanger) på nordsida. Kvalheim fortel at ungdomslaga på Drage og Nordstranda i fleire år hadde snakka om å reisa ein ny kross der den gamle trekrossen hadde stått. Sokneprest Nybø sette fart i planane. Men det var "Nordstrandingane" som tok det tyngste taket, i fylgje Kvalheim.

Kristelege ungdomslag
Dei ungdomslaga Kvalheim nemner, var kristelege ungdomslag, tilslutta Norges kristelege ungdomsforbund (NKUF). Kvalheim var sjølv aktiv i ungdomsforbundet. I 1913 skipa forbundet til ungdomsstemne på Stadlandet, søndag 29. juni. Avdukinga av den nye krossen på Dragseidet var hovudpost på programmet.

Prosesjon
Fleire tusen menneske var tilstades. Klokka 4 om ettermiddagen sette eit svært tog seg i rørsle frå kyrkja på Leikanger. Fremst gjekk kring 30 soldatar av Nordfjord bataljon under det norske flagget. Deretter fylgde hormusikken frå "Skram" (Måløy), så tre prestar i ornat, kyrkjesongarar og andre framfor dei to ungdomslaga, begge under faner. Toget fylgde den gamle, delvis steinlagde pilegrimsvegen frå Mellomalderen, som går opp like ovanom kyrkja.

Frisk nordavind
På begge sider av krossen blafra norske flagg i den friske nordavinden. Soldatane stod æresvakt medan sokneprest Nybø heldt avdukingstalen. Då duken fall, vart "hattar og huvor" tekne av og soldatane stod i "giv agt". Sersjant Stokkenes ropa eit "Live Olav Trygvasons minne" før æresvakta marsjerte bort.

Mange talar og telegram
Presten Hognestad tala om Olav Trygvason og Olav den heilage, om krossen i stein, i flagget og i hjarta. Lærar Kvalheim helsa frå ungdomen i Nordfjord, og tala om norskdom og kristendom. Deretter vart det lese opp fleire telegram, mellom anna frå kong Haakon. Til slutta vart det ropa leve for kongen og fedrelandet. Eit stort kor frå Stadlandet og eit frå Måløy song mellom talane. Heilt til slutt las stemnelyden trudomsartiklane og Fadervår i kor, og stemde i songen O, tænk naar engang samles skal."

Sluttord
Wilhelm Kvaleheim sluttar stykket sitt med desse orda: "Dermed var denne merkjelege, stemningsrike og minnerike stemna slutt. Ein kan trygt segja at ei større og gildare stemna hev aldri vore halde paa desse kantar, og maken fær me kanskje aldri heller. Ein times tid atter stemnde 25 motorskøytor, fullasta av folk yver Vanylvsgapet. Likeeins yver Sildagapet. Og einsleg stod steinkrossen att paa Dragseidet:"

Målstrid
Alle tykte vel om at det vart reist ein ny kross på Dragseidet. Derimot mislika fleire at innskrifta var skriven på "dansk-norsk". Wilhelm Kvalheim var målmann og sa tydeleg frå i stykket sitt at innskrifta burde vore på "heilnorsk". Om nokre år trudde han at alle ville meina det, og at innskrifta ville bli endra.

Militærmannen Edvard Os frå Nordfjordeid, i 1913 busett i Oslo, var ein annan som rykte ut mot målforma. "Falden er Olav Trygvason. Danskar styrer "Ormen Lange", var overskrifta på eit harmdirrande innlegg i Fjordenes Blad 17. juli. Han viste til at dei "fire fylka", Sogn, Fjordane, Møre og Romsdal vart rekna for å vera dei "raudaste landslutor" på "maalkartet". Berre nokre få kyrkjer hadde enno ikkje teke Blix-salmane i bruk. Han undrast på om ingen av dei 4000 kjende harmen "gløda i barmen" då dei fekk sjå innskrifta.

Fjordenes Tidende kunne ei tid etter opplysa at det var "Befolkningen" i Selje som hadde valt målforma. Fjordenes Blad kommenterte med dette spørsmålet: "Ja, er det no so sikkert at "befolkningen" har vore raadført um det?"

I 2006 står innskrifta på krossen som i 1913, men det vart språkleg likestilling på Dragseidet i 1919. Då vart det avduka ein bautastein på Kongshaugen litt lenger oppe på Dragseidet, der det står innhogge:
OLAV TRYGVESSON NOREGS KONGE 997

kjelder:

Fjordenes Blad. 05.07, 08.07, 17.07.1913. Sturlason, Snorre: Kongesogur. 1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR