Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. januar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Christie-steinen i Måløy



Kristen J. Sunde (1861-1952), forretningsmann og politikar, var interessert i historie. Folk tok gjerne kontakt med han når dei fann eller visste om noko frå gamle dagar. Ein dag kom nokre karar og fortalde om ei steinhelle i ei båtstø på Sæterneset. Det var hogd inn bokstavar og teikn. I dag (2011) står denne steinhella oppsett i Sundeskogen i Måløy.

<p>Christie-steinen st&aring;r i Sunde-skogen, festa i ein betongfot attmed ein bergknaus.&nbsp;</p>

Christie-steinen står i Sunde-skogen, festa i ein betongfot attmed ein bergknaus. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010.

Fotograf: Hermund Kleppa

I Sundeskogen

Steinen står i Sundeskogen, som ligg mellom Gate 6a og Gate 6b. Det går ein sti mellom dei to gatene gjennom det vesle friområdet, som altså er kalla Sundeskogen etter Kristen J. Sunde. Han var ein ivrig skogplantar og ønskte å "kle fjellet". Går ein oppover stien frå Gate 6b, er det lettast å oppdage steinen, som ligg nokre meter til venstre for stien.

Laila Drage fortel

I måløyavisa Fjordenes Tidende sitt julenummer 1984 fortel Laila Drage om steinen. Ho kallar han Christie-steinen. Nedanfor tek vi med nokre avsnitt i artikkelen.

Folketradisjonen vil vite at det skal være Wilhelm Frimann Koren Christie som har hogd sine initialer inn i denne hella – en gang han steg i land her på Sæternes [sør i Måløy]. Det var kanskje mens han var sorenskriver i Nordhordland fra 1808, og før han dro til Eidsvoll i 1814, at han gjorde en seilas nordover leia og landet her ved Straumen [vestre sundet mellom Måløyna og Vågsøy, no attfylt]. Det ble sagt om Christie at han hadde for vane å skrible sine forbokstaver overalt, i både stein og tre.

Kristen Sunde ville at hans trofaste og alltid pliktoppfyllende sønn Nils skulle ha et stykke jord i den trivelige, lune Degnepollen [på fastlandsida av Ulvesundet], kanskje som en belønning for hans djerve innsats på sjøen, for stedet skulle bære navnet Fiskerliv.

Hit ble Christie-steinen, som hella er blitt kalt, fraktet av sterke menn (for den er svært tung). Og den ble plassert hit som en eiendommen tilliggende herlighet.

Nils har lenge lovet å vise meg Christie-steinen. Og i sommer [1984] kom vi oss endelig av sted til Fiskerliv, en fredelig og vakker oase inn mot Ivahavet [stadnamn]. Vi måtte lete lenge. men godt bortgjemt inne i skogen fant vi endelig, denne hemmelighetsfulle steinen.

Det er flere bokstaver risset inn på den ene flaten. (…) Hva helleristeren har ment med disse tegnene er ikke lett for oss i dag å å gjøre oss noen mening om. Det eneste som er noenlunde sikkert, mener Nils, er at det er W.F.K. Christie som har meislet dem inn.

Den seinare historia

Christie-steinen i Sundeskogen var i 1984 hjå Nils Sunde i Deknepollen. Kva tid steinen vart frakta over frå Sæterneset til Nils Sunde kjenner vi ikkje til. Vi kjenner heller ikkje til steinen si historie seinare, kva tid han vart frakta tilbake til Måløy og oppsett i Sundeskogen, kanskje på 80-talet. Steinen står der, støypt fast i betong, med sine løyndomsfulle teikn. Ein stad å gjera ein stogg, sjå og undrast, for folk som tek seg ein tur i Sundeskogen.

Christie - frå Norsk Allkunnebok:

Christie, Wilhelm Frimann Koren (1778-1849), fødd i Kristiansund, budde i København 1794-1808 som student og kansellist, i Bergen 1809-49 som sorenskrivar, stiftamtmann og tollskrivar. I Bergen var han med i klubben ”Quodlibet” som drøfta litterære og andre samtidsspørsmål, i 1814 sjølvstendepolitikk og grunnlov.

Han vart vald til Riksforsamlinga på Eidsvoll [1814], var fast sekretær i den og ein av førarane for sjølvstendepartiet. (..) Han var òg med på stortinga 1815-16 og 1818. (..)

For vår nasjonale kulturreising har Christie (..) gjort eit grunnleggjande arbeid. Han grunnla Bergens Museum 1825 og styrde det sjølv så lenge han levde. Han samla sjølv og fekk andre til å samla alle slags arkeologiske saker, gravminne og jordfunne ting, brev frå mellomalderen og gamla husbunad. Serleg la han stort arbeid i å samla norske bygdemålsord, gåter, ordlag og ordtøke og elles alle slag folkeminne.

 

kjelder:

Fjordenes Tidende, julenummer 1984.
Norsk Allkunnebok. Band 7, 1956.

Informasjon frå:
Liv Henjum, Vågsøy.