Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 05. oktober 2006

Sist oppdatert 18. februar 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over Gabriel Reed på Utvikfjellet



«Har du høyrt Gabriel Reed spele, av slåttane sine på fele? (..) Han tek deg med på fjellet på stemne, der vidda og stilla - deg dreg og deg femne.» Dette skreiv Elias Skinlo i ein prolog til ein heidersfest 22. februar 1947 for Gabriel Reed, læraren og klokkaren, gardbrukaren og bureisaren, ungdomslagsmannen og spelemannen, friluftsmennesket og idrettsmannen. Fleire lag gjekk saman om reisa han ein minnestein, og dei tykte ein haug på austsida av riksvegen på Utvikfjellet høvde godt.

Godt synleg på ein haug på austsida av riksvegen på Utvikfjellet står minnesteinen over Gabriel Reed. «Slå motoren av og gå opp og hels på Gabriel Reed,» skreiv Firda Tidend i julenummeret 1963. «Han var vel verd å helsa på i live.»

Godt synleg på ein haug på austsida av riksvegen på Utvikfjellet står minnesteinen over Gabriel Reed. «Slå motoren av og gå opp og hels på Gabriel Reed,» skreiv Firda Tidend i julenummeret 1963. «Han var vel verd å helsa på i live.»

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen
Minnesteinen over Gabriel Reed er ein naturleg forma stein som reiser seg 5-6 meter over jorda. Det innfelte portrettrelieffet, støypt i bronse, vart laga av kunstnaren Alv Nyland frå Breim. Under relieffet står:
GABRIEL REED * 1869 - 1957 * MINNAST SKAL DINE TRAUSTE TAK * FOR FELESPEL IDROTT * OG SKYTTARSAK

Amund Mork frå Stryn laga innskrifta og Jørgen Solheimsnes frå Jølster hogg ho inn i steinen.

Reist i 1963
Det var Utvik ungdomslag og Breim idrettslag som gjekk i brodden for å reisa steinen. Laga valde ei arbeidsnemnd med David Hjelle som formann. Dei valde å reisa steinen på ein haug på Utvikfjellet like ved riksvegen. Det var her Gabriel Reed skipa det første fjellstemnet med namnet Brekkestemna. Minnesteinen vart avduka søndag, 4. august 1963. Over 1000 menneske var tilstades.

Overskotsmenneske
Diktaren Olav A. Loen heldt avdukingstalen. Han fortalde om fleire sider ved Gabriel Reed. "Han var eit overskotsmenneske", sa talaren. Han "vart eit ideal og mønster for ungdomen, ikkje berre i Breim, men for store distrikt. Han var med og forma ut det Breim som vi møter i dag, ikkje berre i åndslivet, men også i idrett, sport, skyting, jordbruk og musikk. Det var ein mann med gode evner og stort framsyn."

Lærar og folketalar
Etter ein vinter på amtsskulen reiste Gabriel Reed til lærarskulen på Hamar. Han gjekk ut med beste karakter. Han kom attende til Breim og var mesteparten av sitt yrkesaktive liv lærar og klokkar i Breim. Elles var han ein mykje nytta folketalar.

Skyttar og idrettsutøvar
Gabriel Reed var aktiv skyttar i over 60 år. Jamvel i ein alder av 80 år møtte han på skyttarstemne. Han kom med i skyttarrørsla gjennom folkevæpningslaga som delvis vart skipa på politisk grunnlag i ti-åra før unionsoppløysinga i 1905. Han var med og skipa Nordfjord skyttarsamlag og var ei tid formann i Sogn og Fjordane Folkevæpningslag.

Det første idrettslaget i Breim, Breim Idrætsforening, vart skipa i 1899 med Gabriel Reed som føregangsmann. Han var sjølv aktiv medlem ein mannsalder. I åra på Hamar utvikla han seg som skeiseløpar, og arbeidde seinare ihuga for skeiseløp i Nordfjord. Han vart sjølv den første nordfjordmeisteren på skeiser.

Brekkestemna
Gabriel Reed var ein ivrig fjellvandrar. Sommaren 1897 fekk han ungdomar frå Breim med seg på søndagstur til Brekka, den høgaste staden på fjellovergangen på Utvikfjellet. Ungdomar frå Utvik møtte og fram. Denne samlinga vart opptakten til den årvisse Brekkestemna som vart halden første søndag i august kvart år.

Spelemann
Gabriel Reed var ein dugande spelemann på hardingfele. Han vart læremeister for mange unge i Breim og for fleire av dei beste spelemennene i Nordfjord. Deesutan komponerte han mange slåttar.

På avdukingshøgtida var det skipa til eit musikklag med spelemenn frå Utvik, Breim og Gloppen. Det var spelemannen og venen Per Støyva som stod for dette programinnslaget.

Med i ungdomslagsrørsla
På avdukingshøgtida helsa Hans Melheim helsa frå Firda Ungdomslag, samskipnaden for ungdomslaga i Nordfjord. Han sa mellom anna:
«I det frilynde ungdomsarbeidet kom Gabriel Reed tidleg med, og som formann i Breims ungdomslag gjennom mange år gjorde han eit utifrå godt arbeid. (..) Gabriel Reed vart snart vide kjent, ikkje minst i ungdomslaga våre der han ofte vart nytta. Som ein god talar og folkemusikar skapte han alltid stemning og høgtid over samkomene. I ord og tonar fekk Gabriel Reed det til å gløda i den vakne hugen, og det var nettopp det han ville, ja, at det skulle renna ein morgon blid med større hug.»

Bjørnejeger
Fjordabladet på Nordfjordeid hadde eit langt stykke om Gabriel Reed til 70-årsdagen hans, 12. november 1939. Signaturen "-d" fortel mellom anna ei noko spesiell soge om klokkaren på bjørnejakt:

"Ein laurdag ved nonsbil fekk han frettnad av at bjørn var på ferde. Han barst då avstad med rifla på nakken. Men fjellmarki var eit reint ulende, og det tok tid til å finna bjørnesporet. Det leid langt ut på sundagsmorgonen fyrr han kom skogkongen på skothald og kampen kunde taka til. Bjørnen, ein veldug rask, laut til pers for Reeds sikre skot.

Medan banemannen sit og pustar ut etter kampgiren, høyrer han omen av kyrkjeklokkene mellom fjelli, og djupt nede på speglklåre vatnet ser han kyrkjebåtar stemna mot kyrkja, der han som klokkar skulde vera med; men å nå fram var no umogeleg. Kyrkjelyd og prest venta vel og lenge, men ingen klokkar kom. Ein fekk greida seg med ein hjelpeklokkar. Venteleg vart reprimanden for "embedsforsømmelsen" sers lemepeleg då han fekk vita grunnen. Klokkaren hadde verna bygdi for eit fårleg skadedyr."

kjelder:

Firda Tidend. 23.07, 28.07, 08.08, julenummer 1963.
Fjordabladet. 09.08.1963.