Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Far etter Bjørgvin-biskopar i Bisparøysi



Frå Dale i Luster går ein gammal ferdselsveg opp Dalsdalen og over til Vigdal. Eit kort stykke før høgaste punktet, Storehaug, ligg Bisparøysi. Her er ein stor stein der det er rissa inn bokstavar og tal. JNB skal stå for biskop (J)ohan (N)ordahl (B)run som i 1806 fór framom denne staden og som seinare skulle få namnet Bisparøysi.

Utsyn framover (nordover) i Dalsdalen. Lengst inn ligg garden Kilen. Den gamle ferdselsvegen over til Vigdal tek av eit kort stykke før Kilen, på vestsida av dalen (til venstre på biletet), opp lia, forbi stølen Kilali, og vidare nordover til høgste punktet Storehaug, attom høgdedraget midt i biletet.

Utsyn framover (nordover) i Dalsdalen. Lengst inn ligg garden Kilen. Den gamle ferdselsvegen over til Vigdal tek av eit kort stykke før Kilen, på vestsida av dalen (til venstre på biletet), opp lia, forbi stølen Kilali, og vidare nordover til høgste punktet Storehaug, attom høgdedraget midt i biletet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrift i stein

Bisparøysi ligg eit kort stykke sør for Storehaug, på stien mellom garden Kilen i Dalsdalen og Vigdalen. Ein stor stein stikk fram i ei røys nokre meter frå den gamle ferdselsvegen. Det er mange inskripsjonar i steinen, men ein har fått større merksemd enn dei andre, JNB 1806. Bokstavane står for Johan Nordahl Brun, biskop i Bergenhus Stift. I 1806 var han på visitas i prestegjelda Luster og Jostedal og nytta kortaste vegen frå Dale i Luster, opp Dalsdalen over til Vigdal og vidare til Jostedal.

Under innskrifta JNB 1806 står innhogge N 1824, eit synleg vitnemål om biskop Jacob Neuman si visitasreise i Jostedal år 1824. Med på denne turen var prosten i Luster, Edvard Qaale. Eit synleg minne om han er bokstavane EQ, rissa inn i steinen rett under biskop Neuman sin bokstav.

Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun (1745-1816) var biskop i 1804 - 1816. Brun voks opp i Klæbu i Sør-Trøndelag og tok teologisk eksamen i København 1767. Han var ein glødande patriot, noko som særleg kom til uttrykk i songen ''For Norges Kjæmpers Fødeland.'' Diktet vart sett på som opprørsk og ''farleg'' å prenta heilt til 1814.

I Bergen vart Brun ein åndeleg førar. Han var ein myndig prelat og mektig forkynnar, varm kristen og streng lutheranar. Han skreiv fleire salmar. Ei av dei beste kjende er ''Jesus lever gravi brast''. Brun vart bergenspatriot, og skreiv til ære for byen den enno mykje brukte songen ''Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde.''

''O Himmel ..!''

Biskop Nordahl Brun var på visitas i Hafslo, Luster og Jostedal hausten 1806. I vistasmeldinga si, skriv han også om turen frå Dale i Luster til prestegarden i Jostedal:
'' .. 5te [september] fra Lyster Kl. 6 ½. O Himmel hvilken Vei. Vi maatte gaae ¾ af disse saa kaldte 3 miile og kom først til Justdahls Præstegaard Kl. 6 ½ om Aftenen. Saa træt havde Jeg aldrig været. Her er jammerligt stygt. Elven selv er leergraa af Vandet fra Bræen.''

250-årsmarkering

Søndag 17. september 1995 skipa Luster Turlag til jubileumstur til Bisparøysi. Det var 250 år sidan JNB vart fødd. Nordahl-Bruun-kjennaren Jostein Myklebust frå Bergen var med og soknepresten i Luster, Geir Paulsen. Ved steinen i Bisparøysi las turleiaren opp frå visitasmeldinga, og Myklebust fortalde om JNB. Presten i fylgjet kledde på seg prestekjole som han med seg i ryggsekken og heldt andakt. Etterpå la Myklebust ned krans til minne om den frittalande bispen. Det vart sunge fleire JNB-salmar, opptrykte for høvet i gotisk trykk-skrift.

Lønning-initialar?

Nordahl Bruun var ikkje den einaste biskopen som fór vegen frå Luster forbi Bisparøysi til Jostedal. Innskrifta N 1823 rett under JNB-innskrifta kan tolkast som Neumann 1823, og at han ''skreiv seg inn i boka'' som forgjengaren.
Ein tredje Bjørgvin-biskop har vore vore på ''visitas'' i Bisparøysi i nyare tid. Då biskop Per Lønning (biskop i Bjørgvin 1987-1994) var på visitas i Luster siste gongen i 1994, ynskte han å ta ein fjelltur. Saman med tre yrkesbrør og kjentmannen Hans Fossøy, gjekk dei opp til Bisprøysi. Etterpå kom spørsmålet opp om det kunne vera ein tanke å hogga inn Lønning sine initialar, enten PL eller L og så årstalet i steinen. Det vart berre med tanken.

Biskop Neumann

Jacob Neumann (1772-1848) var biskop i Bergen 1822-1848. Han var rasjonalist og sterkt interessert i folkeopplysning og økonomisk framgang. Neumann gjorde mykje for å betra skulestellet, og fekk skipa mange leseselskap. Han var og sterkt interessert i fortidsminne og gav stiftsamtmann Christie god hjelp med å skipa Bergens Museum 1825. Neumann var óg fast medarbeidar i museet sitt fyrste tidsskrift Urda.

«de mange herlige store Scener»

Biskop Neumann vitja Jostedalen sommaren 1824. Han skreiv ei utførleg reiseskildring som året etter stod i skriftet Budstikken (også publisert på Jostedal historielag si heimeside pr 2017). Synet av Nigardsbreen gjorde sterkt inntrykk. Biskopen kunne ikkje minnast «at nogen nogen Aabenbaring i Naturen, af de mange herlige store Scener, den i saa riig Overflødighed fremstiller for Menneskets Øie, har gjort det dybe Indtryk paa mig, som Synet af denne Bræ.»

Biskop Neuman fortel også om Bisparøysi. «Hvile ved Bisperøsen» kan setjast som mellomtittel på avsnittet i reiseskildringa som handlar om Bisparøysi.

Paa Storhougen ligger den saa kaldte Bisperøse. At den har faaet dette Navn efter Biskopperne, som paa deres Visitats i Justedalen have, med andre Reisende, holdet her deres Rasttime, synes at ligge i selve Benævnelsen, men fra hvad Tid Navnet har taget sin Begyndelse, er ubekjendt; thi intet Menneske her veed af flere Biskopper at sige, der før mig have vovet sig paa denne besværlige Reise, end Nordal Brun, som i Aaret 1806 forsøgte paa og fuldendte lykkelig denne Vandring, dog med det let tilgivelige Løfte – aldrig at komme der mere!

Denne Bisperøse skulde efter Frokosten besigtiges. Det var en simpel Steendysse, ikke engang stor nok til at fortjene nogen Opmærksomhed. Imidlertid, saasom Brun havde i sin Tid lagt sin Steen i den, sa maatte jeg og lægge min; og nu blev Selskabet, under megen Gammen, enigt om at bære sammen af de omliggende Stene saa mange i Dyssen, at den omsider hævede sig pyramidalsk og anseelig i Veiret, og blev til et Tegn, der end langtfra faldt tydeligen i Øiet. Vore Skydsbønder, og min Bernt især, lode sig denne Sag være høilig magtpaaligende.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bjønnaposten. 1995, Gaupne.


Norsk Allkunnebok. Oslo 1949.


Jostedal historielag, heimeside:
Neumann, Jacob. (1824). Bemærkninger paa en Reise i Sogn og i Søndfjord 1823. Første Afdeling.Budstikken. Et Ugeblad af statistisk-oekonomisk og historisk Indhold, (nr. 47-53), 369-424.


Neumann, Jacob. (1824). Bemærkninger paa en Reise i Sogn og i Søndfjord 1823. Anden Afdeling.Budstikken. Et Ugeblad af statistisk-oekonomisk og historisk Indhold, (nr. 67-73), 529-584.

PERMANENT IDENTIFIKATOR