Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. juli 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Island - Ingolv Arnarson-minnesmerket på Ingolvshøgdi



Ingolv Arnarson frå Dalsfjorden i Sunnfjord var den fyrste landnàmsmannen på Island. Etter Landnàmabok kom han til Island i 874. Det finst tre Ingolv-minnesmerke: eitt i Noreg og to på Island. Det eine minnesmerket på Island, reist i 1974, står på Ingolvshøgdi på sørkysten der Ingolv gjekk i land.

Frimerke, 1930.

Frimerke, 1930.

Steinen og innskrifta

Steinen på Ingolvshøgdi er ein naturleg forma stein av basalt, - ein mørk, vulkansk overflatebergart. Han er om lag 3 meter høg og har innskrift i to felt. Øvst står:
"INGÓLFUR * TÒK ÞAR LAND * ER NÙ HEITIR * INGÓLFSHÖFDI * Landnàmabok
Omsett til norsk: Ingolv gjekk i land der det no heiter Ingolvshøgdi. Landàmabok"
Merknad: Landnàmabok handlar om den fyrste busetjinga på Island.

Reist i høve 1100-årsjubileet

I 1974 markerte islendingane 1100-årsjubileet for den fyrste innvandringa ved ei rekkje tiltak. Tanken om å reisa ein minnestein på Ingolvshøgdi, der Ingolv gjekk i land i 874 og der han budde det fyrste året, kom frå bygdefolket i Öræfi. Dei sende framlegget sitt til den nasjonale jubileumsnemnda som tykte det var ein god ide.

Personopplysningar om Ingolv Arnarson

Ingolv Arnarson (Ørnsson) og syskenbarnet Leiv Rodmarson var frå Dalsfjorden i Sunnfjord men ætta frå Telemark. Dei var fostbrør som vil seia at dei hadde svore brorsband, ei sterk og bindande form for venskap. Fostbrørne var gode vener med sønene til Atle jarl i Gaular og drog på vikingferder saman med dei. Men dei vart uvener då både Leiv og Holmstein Atleson ville ha syster til Ingolv, Helga Arnardotter, som var vakrare enn alle andre kvinner. Ei tid etter møttest Leiv og Atlesønene i eit slag der Herstein fall og Holmstein vart såra. Seinare dømde Håstein Atleson fostbrørne Ingolv og Leiv til tap av alle eigedommane sine og til å fara frå Firdafylket innan tre år, elles ville dei verta fredlause.

Etter dette vart Ingolv og Leiv samde om å fara til det nyss oppdaga Island for å finna ut om det var råd å slå seg ned der. Dei segla av stad på eitt skip, gjekk i land på austkysten og var der vinteren gjennom. Fostbrørne tykte vel om landet og vart samde om å busetja seg. Dei fór så heim til Firdafylket. Ingolv tok til å førebu utferda frå Noreg, medan Leiv fór på vikingferd til Irland. Han kom heim med rikt bytte og 10 trelar. Den neste sommaren, år 874, sette dei segl for det nye heimlandet på kvar sitt skip.

Då Ingolv såg land, kasta han høgsetestolpane over bord og sa at der dei rak i land, ville han busetja seg. Fostbrørne skilde no lag, og Ingolv gjekk i land ein stad på på den austlege delen av sørkysten. Eit høgdedrag like ved ber namnet Ingolvshøgdi. Tre år seinare fann han att høgsetestolpane på vestkysten, og der bygde Ingolv Arnarson den fyrste, fast busette garden på Island. Han kalla staden Reykjavik.

Leiv gjekk det ille. Han vart drepen av trelane sine som etterpå rømde ut til Vestmannaøyane. Då Ingolv oppdaga ugjerninga, sette han etter og drap dei.

Andre Ingolv-minnesmerke

I 1924 reiste islendingane eit stort monument til minne den fyrste landnàmsmannen. Det står i Reykjavik. Ein viking held eit spyd i venstre handa, støttar seg til ein høgsetestolpe og ser utover byen og vågen. Bilethoggaren Einar Jonsson (1874-1954) laga monumentet.

I Rivedal i Askvoll kommune står ein kopi av monumentet i Reykjavik. Det vart reist i 1961 og avduka i nærver av eit stort reisefølgje frå Island.

Nedmed sjøen i Rivedal står det elles ein gammal bautastein som etter munnleg tradisjon skal vera reist av Ingolv då han reiste til Island, og på Kleppenes litt lenger lenger ute i fjorden, står ein annan bautastein som seiest å vera reist av fostbroren Leiv.
I Florø ber ei gate namnet Ingolv Arnarsons gate.

kjelder:

Munch, P. A.: Det norske folks historie Bind II. Oslo 1941.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901.
Bergens Tidende. 18.09.1961.
Opplysningar frå Nasjonalbiblioteket, Reykjavik.

PERMANENT IDENTIFIKATOR