Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Abraham Folkestad


Den 26. mai 1958 vart det avduka ein minnestein over sjømannsmisjon-mannen Abraham Folkestad i Folkestadbygda i Fjaler. Folkestad var ein av dei fyrste sekretærane i Den Norske Sjømannsmisjon og gjorde eit banebrytande arbeid i misjonen for sjøfolk i utlandet.

Abraham Folkestad (1844-1926).

Abraham Folkestad (1844-1926).

Eigar: Sunnfjord Museum.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Minnesteinen

Minnesteinen over Abraham Folkestad står på fødestaden hans, garden Folkestad i Fjaler. Han er forma og tilhoggen av eit granittstykke dei fann på eit nes sør for Folkestadbygda. Støtta er kring 4 meter høg og veg omlag 2,5 tonn. På framsida er eit ansiktsrelieff i bronse laga av kunstnaren Sigurd Folkestad og innskrifta ABRAHAM * FOLKESTAD * 1844 - 1926. Ein fagmann frå Vestlandske Steinhoggeri, Bergen, sette opp steinen i april 1958.

Avdukinga

Same året hadde Den Norske Sjømannsmisjon ei pinsestemne i Askvoll med avduking av Folkestad-steinen som eit stort høgdepunkt. I strålande ver 2. pinsedag, 26.mai 1958, hadde 6-700 menneske møtt fram til friluftsgudsteneste og avdukingshøgtid. Kaare Støylen, nett utnemnd til biskop i Agder, heldt avdukingstalen. Formannen i minnestein-nemnda, lærar Olav Sagen, fortalde om arbeidet med å få reist minnesmerket, og det var helsingar frå ordførar Flokenes i Askvoll (Folkestadbygda høyrde på denne tida til Askvoll kommune) og overlege Margrethe Folkestad, dotter til Folkestad. Ho slutta med desse orda: Måtte så ikke denne steinen bli et punktum, men en appell til fortsatt tjeneste, ja, til et kildespring for videre virke i Sjømannsmisjonen. Etterpå var det minnesamling i Folkestad kapell.

Abraham Folkestad

Abraham Folkestad var fødd i Askvoll 27.12.1844 og døydde i 1926. Han var lærar nokre år, men fekk seinare arbeid i Sjømannsmisjonen og var i England i omlag 10 år. Sidan var han emissær for sjømannsmisjonen heime i 12-13 år. Frå 1893 var Folkestad fattigforstandar i Drammen der han og ligg gravlagd.

Julepakkar til sjøfolk

Det var i Abraham Folkestad si tid Sjømannsmisjonen tok opp arbeidet med å senda julepakkar til sjøfolk. I misjonsbladet Bud og Hilsen står det referert frå rapportar han laga om arbeidet sitt. Det finst og lister over innkomne julepakkar. I 1870-åra var han stasjonert ved sjømannskyrkja i London. I ein rapport om arbeidet i 1876 skriv han om den fyrste sendinga med julegåver til sjøfolk, ei heil kasse frå Nikka Vonen og den vidgjetne pigeskolen hennar i Fjaler.

... en Kasse med Julepresenter ...

I rapporten står det m.a. om julegåvene frå Fjaler: "Vort Julemøde blev dog det interessanteste og mest fornøielige, som vi har havt. Hvorfor dette blev saa, derfor havde vi særlig at takke Frøken Vonen og hendes skole. Hun sendte os fra sig og sine Elever kort før Jul en Kasse med Julepresenter til Sømænderne, bestaaende af Bøger, Skjerf, Pulsvanter, Bogmærker m.m. (....)
Flere (...) takkede de kjære fraværende Giverinder fra en af Bygderne i Norge, hvorfra der kun er faa Sømænd. Men netop dette, at Gaverne kom derfra, foraarsagede den største Glæde, da det var et talende Vidnesbyrd om den Kjærlighed og Omsorg, hvormed det norsk Folk omfatter Sømænderne i deres møjsommelige Kald. Lykeligere Julefest havde de fleste Deltagerne neppe oplevet, uagtet den tilbragtes borte fra det Kjære Hjem."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Misjonsbladet Bud og Hilsen. Bergen. Juli 1958.
Jul i Sunnfjord. Førde 1962.
Einen, Anton: Bernhard Folkestad. Kunstmålar og forfattar. I Sogeskrift for Askvoll kommune. Nr 8. 1995.
Maskinskrive notat av Olav Sagen, Askvoll. Udatert.

PERMANENT IDENTIFIKATOR