Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. august 2001

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over falne frå Hornindal



På kyrkjegarden ved Hornindal kyrkje står to minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Den eine står til minne om dei tre ungdommane frå Hornindal som sette livet til. Den andre står på grava til ein av dei falne. Fellessteinen vart vart avduka i 1962.

Minnesteinen over dei tre ungdommane frå Hornindal som fall i andre verdskrigen står attmed kyrkja i Hornindal. Kvar 17. mai vert det lagt ned blomar til ære for dei falne.

Minnesteinen over dei tre ungdommane frå Hornindal som fall i andre verdskrigen står attmed kyrkja i Hornindal. Kvar 17. mai vert det lagt ned blomar til ære for dei falne.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen står i kanten av eit ope felt på sørsida av kyrkja. Øvst står skrive:
DESSE TRE * FRÅ HORNINDAL GAV * SITT LIV FOR FEDRE- * LANDET I KRIGEN * 1940 - 1945
Deretter står eit Haakon VII symbol med stiliserte eikelauvsgreiner. Så følgjer namna på dei falne, fødselsdato og år, kvar dei fall og kva tid det skjedde. Nedst på steinen er hogge inn tre lyssymbol og orda HEIMBYGDA * TAKKAR DYKK

Steinen som er i lys grå granitt, er vel 2,5 m høg, 70 - 80 cm brei nede og noko smalare oppe. Han vart funnen i Kjellstadlia, og det var steinhoggar Knut Kjellstad som stod føre uthogginga.

 

Bilete av minnesteinen.

Biografiar i bokverket Våre falne

YTREHORN, PAUL ALFRED OLAI [Pål], agronom, Hornindal. Fødd 27. desember 1916 i Great Falls, Montana, U.S.A., s. til gardbrukar Knut E. Ytrehorn, f. 1885, og Kristine f. Haugen, f. 1894, båe i Hornindal. Framhaldsskule, jordbruksskule. Var med i krigen i Noreg, og vart skoten 21. april i Valdres, då han var ute med ein patrulje som hadde ordre om å sprengja ei bru. Gravlagd i Hornindal.

MELHEIM, MARTIN ANDREAS JOHANNESSEN, kokk, Hornindal. Fødd 21. februar 1920 i Hornindal, s. til Johannes Iversen Melheim, f. 1887 s. st., og Magnhild, f. Strand, f. 1891 s. st. Drog til sjøs 6. april 1940 med d/s Iris. Var seinare kokk på m/t Glittre [sic]. Skipet vart torpedert på veg frå Mersey til New York, og han og to andre som var i maskinen, sette livet til 23. februar 1943.

SÆTREN, OLAV KONRAD, maskinist, Hornindal. Fødd 13. januar 1908 i Hornindal, s. til gardbrukar Rasmus O. Sætren, f. 1871, og Ingeborg Nikoline f. Otterdal, f. 1874, båe Hornindal. Arbeidsskule, Statens Husindustriskule, maskinistskule. Var 3. maskinist på m/s Bonneville, som vart torperdert 10. mars 1943 i Atlanterhavet, på reis frå New York til Mersey. Mannskapet var fleire døger i livbåtane, men fraus i hel før dei vart funne.
Merknad: Bonneville var på veg frå Amerika til Mersey, England, ikkje omvendt.

Portrettbilete av Olav Konrad Sætren.

Bilete av M/S Bonneville.

Skisseutkast og merknader

Våren 1962 hadde kunstnaren P. O. Svor ferdig eit skisse-utkast til "krigsminnesmerke i Hornindal". Av den medfølgjande teksten går det fram at han ynskte å få fram to ting, dei falne sin innsats og påminning til etterslekta.
"Steinen er noko meir enn eit passivt minnesmerke over tre falne, nemleg ei påminning om at deira innsats er ein manande appell til etterslekta - ei utfordring til kvar og ein som ser denne bautaen. Dei falne talar!"

Om symbolikken skreiv han: "H-7: Symbolet for norsk motstandsrørsle heime og ute. Eikelauv: Teiknet på høgste utmerking. Dei tre brennande faklane [..] med ord av A.O. Vinje [DEI ÅTTE DET SOM DU * MÅ HAVA, OM EIN GONG * DU SKAL VERTA STOR]

Symbola på steinen vart som det går fram av skissa, men teksten over lyssymbola vart ein annan, nemleg: HEIMBYGDA * TAKKAR DYKK, som Svor hadde føreslege plassert på baksida.

Teikning av framsida til minnesteinen.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948-1952.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte offensiv. Oslo 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR