Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein om Oscar II i Fjærland



Kong Oscar II var på besøk i Fjærland sommaren 1879. Dei som fylgde han fram til Bøyabreen og attende, ville ikkje ta i mot pengar for hjelpa. Kongen sende likevel ein pengesum ei tid etterpå. Fjærlendingane nytta pengane til å reisa ein minnestein om det kongelege besøket.

Hotel Mundal kring 1910. Me skimtar såvidt Oscar II-steinen på nedsida av vegen framom hotellet.

Hotel Mundal kring 1910. Me skimtar såvidt Oscar II-steinen på nedsida av vegen framom hotellet.

Gudrun Dahle skreiv om kongebesøket

Gudrun Dahle var dotter til hotelleigar Olaus Dahle og kona Britha, f. Mundal. Ho vart lærar i Haugesund, men hadde heile livet nær kontakt med barndomsbygda i Sogn. I 1958 skreiv ho eit stykke om kong Oscar II sitt besøk i Fjærland, etter at ho hadde fare rundt og snakka med folk i bygda som kunne fortelja noko om det celebre besøket, somt dei hugsa sjølv, og somt dei hadde høyrt andre fortelja.

Gudrun Dahle si forteljing handlar både om besøket og om minnesteinen. Her kjem heile stykket hennar i den originale språdrakten. Me har einast sett inn mellomtitlar.

Ny bryggje og åkle som løpar

Mundølene heldt dugnad og bygde trebryggje, den fyrste av det slaget i bygdi, ved storebåtnaustet åt Johannes S. Mundal, der det før berre var ein vorr. Bryggja vart ikkje ferdig før same morgonen kongen skulde koma. Dei klædde henne med spile-åklæde, og nokre fine frøkener som var komne til stasen, gjekk og skulde jamna åklædi. Då sa Gjertrud S. Mundal: "Det var ikkje fyr dikka me lagde pao aoklædi, det var fyr kongen". Men då kongen gjekk i land, steig han likevel utanom åklædi og sa: "Også jeg er et menneske."
(Ordforklaring:vorr - lita steinbryggje

Gamle Vårstølen førde kongshesten

Det var veg langs strondi frå Mundal, Strandavegen, og der reid kongen og fylgjet hans. Kongen laut sjølvsagt ha den grommaste øyken, og det var ein av øykene til Åmund Vårstølen, han hadde slike store hestar. Um dette er det fortalt noko i bygdeboki for Balestrand, s. 593 (sjå nedanfor).

Kongen vilde styra hesten sjølv, men gamle Vårstølen leidde, "det kunde snøgt koma ein fugl fljugande so hesten kunde verta skræmd", sa han. Kongsfylgjet gjekk til fots frå Skeids-(heime)stølen, so dei kom fram til breen på Skeids-sida. Då kongen ville gå inn i hilleren (grotta) der breelvi kom ut, rykte Gamle Vårstølen han attende, for han visste kor fårleg det var å gå inn under isen. Litt etter kom eit stort stykke av isen dettande der kongen hadde stade. "Dette skulde vel jeg havt," sa kongen då.

Kongeleg pengesum brukt til å reisa minnestein

Kongen baud Vårstølen pengar for hesten, men vilde ikkje ta imot noko, og sa: "Eg vil visa kongen den æra at eg vil gjeva han fri skyss." Dei andre bøndene tok då heller ikkje noko for sine hestar. Då sa kongen at han vilde senda ei pengegåva til dei fattige i bygdi, men fjærlendingane sa at dei hadde ikkje fatige. Det året var det ikkje fatigbudsjett for Fjærland sokn. Kongen sende likevel ein pengesum seinare, sume nemner 40 dalar, sume 70, og dei pengane vart brukte til å setja upp minnesteinen i Mundal med årstalet 1879 og kongens namnesiffer på.

Avduking med alvor og skjemt

Steinen vart avduka sumaren etter med stor høgtid, heile bygdi so å segja var møtt fram, og Eirik Bjåstad som var varaordførar den gongen, heldt avdukingstalen med både ålvor og skjemt. Han fekk folk til å læ då han sa: "Kven kunde trutt då Gamle Myren for opp her med fiskjekasso at dette skulde verta ein høgtideleg stad"? Steinen vart uppsett tett attmed bygdevegen. Då hotellet vart bygt i 1891, vart bygdevegen flytt nokre meter nærare sjøen, og på den måten vart minnesteinen ståande i hotellhagen, der både norske og utanlandske turistar gjenom åri hev høyrt denne soga.

Soga om kongen og Vårstølen i bygdeboka

"Um Åmund Vårstølen går det ei soga som er for god til å verta gløymd. Kong Oscar var på vitjing i Fjærland og skulde rida fram til Bøyumbreden, med Åmund Vårstølen som skyss-kar. Då kongen skulde stiga på hesten, vart han ståande med den eine foten i stigbøylen, truleg for å sjå seg om. Dette tok Åmund slik at kongen ikkje orka koma seg opp på hesten. Gjekk han so burt til kongen og sa: "Styd dikka på herdi mi, konge." - Det kann henda at kongen fekk ein tanke um at han ofte hadde fått ringare råd enn det å stydja seg på bondeherdi."

Minne om kongebesøket i Amerika

Kongebesøket i 1879 var ei storhending bygdefolket snakka om og mintest i lange tider. Det finst og vitnemål om at besøket levde på folkemunne mellom fjærlendingar i Amerika. Anders J. Bøyum, Fjærland, fortel at etterkomarar av norsk-amerikaren Ivar Bøyum, har fortalt at Ivar Bøyum - som var 12 år då kongen var på vitjing - brukte å fortelja borna sine om kongebesøket, og at kongen hadde bede han om å finna ein kjepp til å jaga på hesten med.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. Bergen 1934.
Dahle, Gudrun: Då Oscar II var på besøk i Fjærland 1879. I privatarkiv SFF-88047 Anders Skaasheim.
Opplysningar frå:
Anders J. Bøyum, Fjærland, Sogndal.