Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om elveregulering



Nede i Førde ved sørenden av Breimsvatnet står det oppsett tre steinar langs vegen, - lengst oppe ein gamal grensestein, deretter ein stor stein med Norges Vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) sitt merkeskilt, og lengst nede ein grensestein mellom to gardar. Denne artikkelen handlar om NVE-steinen.

NVE-steinen i Førde 2001. Steinen står heilt nede i grenda, på vestsida av vegen som vart bygd i åra 1987-1989. På kvar side av steinen står eit tusenårtre, planta år 2000.

NVE-steinen i Førde 2001. Steinen står heilt nede i grenda, på vestsida av vegen som vart bygd i åra 1987-1989. På kvar side av steinen står eit tusenårtre, planta år 2000.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Steinen
NVE-steinen står på ei avkøyrsle på vestsida (venstre side) av vegen like etter brua der vegen til tre gardar på vestsida av elva tek av. Steinen er naturleg forma, kring to meter høg og har ei plate med NVE-merket festa på framsida. Det er ikkje innskrift av noko slag i sjølve steinen. På kvar side av steinen står eit tre, ei svartor.

Omleggingsarbeid
Vegen frå riksveg 14 ved Grungen ned til Breimsvatnet er seks kilometer. Halvveges nede ligg garden Paulen og Paulsvatnet. Frå Paulen renn Paulselva, også kalla Storelva, i nordvestleg retning ned til Førde. Medan dalen nedover er trong og mange stader fylt opp med urer og svær stein, er landskapet lengst ned meir ope og flatlendt med store avsetningar av evje og sand. Frå det fyrste gardsbruket, Indrebø, gjekk vegen tidlegare framom dei tre gardsbruka på vestsida av elva lenger nede. Herifrå gjekk så vegen ned til elva og over bru til gardsbruka Ytrebø og Solbakken på austsida av elva og vidare ned til lendingsstaden ved vatnet (sjå kartutsnittet).

I åra 1987-1989 vart det utført eit større omleggingsarbeid i Førde. Det vart bygd ny bru lenger oppe og ny veg på elveførebygging nedover langs elva. Samstundes vart det utført eit større planeringsarbeid på innmarka til to av gardsbruka på vestsida av elva.

Skreddarsydd stein
Under arbeidet vart det frakta ein del stein frå området opp mot fossen i Tverråna på austsida av dalen. Her låg det også ein stein som høvde godt til å setjast opp. Sjefen for anleggsarbeidet, Helge Leiv Norevik, sytte for at steinen vart frakta ned til avkøyrsla nedom brua og sett opp der. Han ordna óg med at det vart montert på ei NVE-plate (Norges Vassdrags- og elektrisitetsvesen).
I røynda vart steinen sett opp som ein signatur, eit visittkort, frå dei som utførte det store anleggsarbeidet. Steinen fungerer i dag som ein minnestein om arbeidet, på same måten som vegarbeidarar i eldre tider av og til hogg inn eit årstal, eller sette opp ein stein, når eit arbeid var avslutta.

Tusenårstre
Til tusenårskiftet delte Jølster kommune ut tre til folk og oppmoda om å planta tusenårstre. Folket i Førde planta to slike tre, to svartorer, attmed NVE-steinen. Seks år seinare var begge i god vokster, men eit tredje tusenårtre dei planta ein annan stad, dauda for dei.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind V.
Opplysningar frå:
Anders K. Førde, Jølster.
Norges Vassdrags- og elektrisitetsvesen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR