Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. august 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Haraldstøtta – med 29 fylkesteinar



Våren 1955 var folkeskulane i Hjelmeland på skuletur til Haugesund. To reisemål vekte særleg undring, den nye Karmsundbrua (opna om hausten) og Haraldstøtta. Ei så stor bru var noko heilt nytt, men Haraldstøtta kjende skuleungane til. Dei hadde sett bilete, og både høyrt og lese om Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike og om slaget i Hafrsfjord i år 872.

<p>Haraldst&oslash;tta &ndash; med 29 fylkessteinar rundt &ndash; Norges Riksmonument, avduka 19. juli 1872. </p>

Haraldstøtta – med 29 fylkessteinar rundt – Norges Riksmonument, avduka 19. juli 1872.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

På Gard nord for Haugesund

Haraldstøtta står på garden Gard, eit par kilometer nord for Haugesund sentrum. Kystvegen FV 47 går forbi tett attmed på austsida. Frå ein romsleg parkeringsplass er det kort gangveg bort til minnesmerket. Haraldstøtta står på ein haug og ragar vel 17 meter i veret. I ein firkant rundt står 29 mindre støtter; ei for kvart av dei gamalnorske fylka med innhogge namn. To av dei dekker Sogn og Fjordane fylke; Sygnafylki og Firdafylki. Det går trapp opp på sørsida. På fotstykket er innfelt fire bronseplater. Ei har denne teksten:

"TIL MINDE OM - HARALD HAARFAGRE - SOM SAMLEDE NORGES FYLKER - TIL ET RIGE - REISTE NORDMÆND DENNE STEN - TUSIND AAR EFTER SLAGET - I HAFRSFJORD - 1872»

Snorre var truleg på synfaring

«Nordmænd» reiste steinen på Haraldshaugen, staden der islendingen og sogeskrivaren Snorre Sturlason (1178/79-1241) fortel at Harald Hårfagre var gravlagd. Snorre var på granskarferd i Noreg i åra 1218-1220 og var truleg då ved Haugesund. Han fortel om ei kyrkje og restane av ei øydelagd grav. I soga om Harald Hårfagre skriv Snorre Sturlason:

«Kong Harald sottdøydde på Rogaland, og han er hauglagd på Haug ved Karmsund. I Haugesund står det ei kyrkje, og ved sjølve kyrkjegarden i nordvest er haugen til kong Harald Hårfagre. Men vestafor kyrkja ligg gravsteinen til kong Harald, som låg over grava hans i haugen. Steinen er halvfjortande fot lang [3,54 m] og innpå 2 alner [1,25 m] brei. Midt i haugen var grava åt kong Harald; der var det sett ein stein ved hovudet hans og ein ved føtene, og hella vart lagd ovanpå der, men utakring og under på båe sider var fylt på med stein. Desse steinane som då var i haugen, og som no er fortalt om, står no der på kyrkjegarden.»

Merknad: Det finst ikkje sikre prov på at Harald Hårfagre låg gravlagd der Haraldstøtta vart reist i 1872, men mange lærde meinte at Haraldshaugen på Gard var rette staden då minnesmerket vart reist.

«Tusenårsfesten»

Arkeologisk Museum i Stavanger og Rogaland fylkeskommune har pr. 2015 laga skilt og informasjon til 150 fornminne i fylket. «Haraldshaugen» har «overskrifta» «Gravhaug fra jernalder og riksmonument fra 1872.» I informasjonen står det om «Tusenårsfesten»:

«Reisingen av monumentet må ses i lys av nasjonalromantikkens gjennombrudd i slutten av1830-årene. Landets eldre historie ble da brukt til å bygge opp den nasjonale selvfølelsen. Idéen om et minnesmerke på "Haraldshaugen" ble lansert av haugesunderen Ludolf Eide i 1863 [Ludolf Johan Kramer Antonius Eide (1821-1908), fødd på Hovland i Kaupanger], og vant tilslutning over hele landet. (…). Riksmonumentet ble avduket den 18. juli 1872 av arveprins Oscar, den senere kong Oscar II. Henrik Ibsen hadde skrevet et dikt spesielt for anledningen. Representanter fra kongehus, Storting, regjering og fylkene var tilstede på "Tusenårsfesten", som gikk av stabelen med stor festivitas. Dagen var fridag over hele landet og det var rundt 40.000 tilreisende.»

Merknad – Oscarstøtta 1873

Arveprins Oscar Fredrik avduka Haraldstøtta 18. juli 1872. Året etter avduka HK Oscar ei anna støtte, men no som kong Oscar II. Det skjedde på Nordkapp 2. juli 1873, som programpost på «Hans Majestæt Kong Oscar II’s Reise i Nordland og Finmarken Aar 1873». Støtta står enno og ber namnet Oscarstøtta. I ei bok om kongereisa 1873 står også Haraldstøtta nemnt. Dei to støttene minner om kvar sitt, men begge symboliserer samling, i fortida med våpen, i «Nutiden» med «Aanden og Ordet».

«Haraldstøtten i Syd og Oscarstøtten i Nord skulle […] minde hver om sit, (…) [men også] om, hvorledes Sværdet i fordums Tid, men Aanden og Ordet i Nutiden, har seiret og samlet.»

Tilskot frå heile landet - Florø

Minnesmerket på Haraldshaugen var ei stor investering. Reidar Østensjø si soge om Haugesund (1958) har utførleg omtale av «Tusenårsfesten 18. juli 1872.» Her går det fram at dei 29 fylkesteinane bortsett frå ein, var kosta av «21 av landets byer, dels i fellesskap med omkringliggende landdistrikter.» I ei note står det at Sygnafylki og Firdafylki var kosta av «Bergen». Her må det koma med at det ikkje var Bergen åleine som kosta Firda-steinen, kan henda heller ikkje Sygnasteinen. Florø (ladestad) ytte tilskot, kanskje også landkommunar i dåverande Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke). Fylkesarkivet sitt blad Kjelda 1/2002 har ei utgreiing om Florø-tilskotet i eit stykke om minnesmerke i kommunestyra sine møtebøker. Saka er også interessant med omsyn til korleis Florø skaffa tilvege tilskotet.

«Den fyrste [minnesmerke-saka] i Florø stod på sakskartet til kommunestyremøtet 19. august 1869. Ein komite i Haugesund hadde sendt «anmodning» om tilskot til eit minnesmerke over Harald Hårfagre. Det fann bystyret ikkje rom for. Samrøystes vart vedteke: «Florø Commune kan hertil intet Bidrag yde.» Avslaget er ikkje særleg vanskeleg å forstå. For det fyrste var det ei klårt ikkjelov-pålagd oppgåve, og for det andre galdt det eit heller perifert prosjekt, ikkje minst geografisk.

Men haugesundarar er ikkje av det slaget som taper motet «om et håp eller to blir brutt». Våren 1872 melde dei seg med ny søknad, men no med ein annan vri. Nå galdt det tilskot til 29 mindre støtter til ein ring rundt den store, ei for kvart av dei gamalnorske fylka. Florø ligg i det gamalnorske Firdafylki. No var det ei Florøsak!

Kva gjer kommunestyret denne gongen? Dei løyver 5 spesidalar av kommunekassen til «det omhandlede Øiemed», formelt korrekt som kommunestyrevedtak, men ordnar det samstundes slik at kommunekassen får beløpet dekka på flekken. Ordføraren, distriktslege U. Høst, fører til protokolls: «De bevilgede 5 Spd Subscriberedes [medlemmene teikna seg for personlege tilskot] paa Stedet af Communebestyrelsens Medlemmer for ikke i den Anledning at forvolde Florø Commune nogen Udgift.»

«Her ser eg Haralds Haug fyre Augom ...»

Sommaren 1852 var Ivar Aasen granskarferd i Ryfylke. Han var også framom og såg kongegrava på Gard. Møtet med Haraldshaugen gjorde inntrykk, sjølv om det ikkje stod noko ruvande minnesmerke der. I diktet Haralds-haugen (1873) tek Aasen til orde for at det slett ikkje trengst noko gravminne. «Sjølv har han [Harald Hårfagre] sett seg / synleg minne / dei som vist mun vara / til verdi øydest.»

2015: Riksmonument - men lite kjent?

I 1955 høyrde Harald Hårfagre og slaget i Hafrsfjord med til barnelærdommen. Minnesmerket Haraldstøtta høyrde òg med. I 2015 tek mange turistar avstikkaren frå fylkesveg 45 til Haraldshaugen – Norge sitt Riksmonument. Men Maria Innocent i Visit Haugesund trur ikkje nokon reiser eins ærend til Haugesund for å sjå Haraldstøtta. Og ho trur det er få «utanom» [Haugesund] som har høyrt om den. Difor har Haugesund ei arbeidsoppgåve: å gjera Norges riksmonument betre kjent. ABC-nyheter hadde oppslag om saka 5. juli 2014. «Bare en flokk sauer sees i den umiddelbar nærhet» - då ABC-folka var på besøk, står det å lesa.

kjelder:

Østensjø, Reidar: Haugesund 1835-1895. 1958.
Snorre Sturlason: Kongesoger. Gyldendal. 1970.
Friis, I.A.: Hans Majestæt Kong Oscar II’s Reise i Nordland og Finmarken Aar 1873. 1882.
Kleppa, Hermund: Minnesmerke i Møtebøker. I Kjelda 1/2002.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR