Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. april 2002

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

1905-minnestein i Ortnevik



Utanfor daglegvare-butikken i Ortnevik står ein minnestein om unionsoppløysinga i 1905. I 1967 fekk Olav Fitje i oppdrag å samla opplysningar om denne steinen, som kan henda er den einaste i sitt slag i fylket. Han snakka med Kari Hovland, fødd i 1883.

Margit Hovland, fødd 1907, dotter til handelsmann Hjalmar Hovland framfor 1905-steinen i hagen deira.

Margit Hovland, fødd 1907, dotter til handelsmann Hjalmar Hovland framfor 1905-steinen i hagen deira.

Eigar: Åge Hustavenes.

Datering: Kring 1925.

Fotograf: Ukjend.

Steinen

1905-steinen i Ortnevik er mellom 3,5 og 4 meter høg. På framsida står innhogge: 7de * JUNI * 1905
Steinen har aldri vore flytta, men landskapet rundt har endra seg. I 1980-åra kom det opp ein ny butikk der det før var hage. Eit bilete frå kring 1925 syner at området ved steinen då var omgjeve av stakittgjerde.

Stykke om steinen i handskrive lagsblad

Ortnevik Ungdomslag vart skipa på etterjulsvinteren 1904, og laget har med nokre avbrot vore i drift sidan. Lærar Mons Oppedal gjorde opptaket og vart vald til fyrste formann. Laget hadde heilt frå starten lagsbladet "Solglytt", og i 1967 fekk bladstyrar og "omreisande journalist" Olav Fitje i oppdrag å samla opplysningar om 1905-bautasteinen i bygda. Han oppsøkte Kari Hovland, fødd 1883, kona til handelsmann og dampskipsekspeditør Hjalmar Hovland, fødd 1884. Det var på deira eigedom steinen stod. Ho hadde mykje å fortelja, og Fitje skreiv etterpå eit to siders langt stykke i lagsbladet til 17. mai same året.

Uttrykk for glede og takksemd

Kari Hovland fortalde at det var nokre "menn" som meinte at den viktige hendinga i 1905, med unionsoppløysing og eigen konge, måtte markerast med å reisa ein bautastein. Steinen hadde dei "på lager", han hadde lege og venta i tusenvis av år, ein stad ikkje langt utom dei gamle husa på Neset. Steinen var på skap som ein 4-5 meter lang tømmerstokk, og måtte handsamast med varsemd. Den fyrste etappen var verst fordi det var så ulendt der, at dei ikkje kunne koma til med hest. Siste stykket var lettare, og dei fekk steinen fram utan uhell eller skade av noko slag.

Ein stril hogg innskrifta

Det var ein utanbygds mann som hogg inn innskrifta. Fyrst på 1900-talet var det velkjende lakseverpet Galdeverpet i Ortnevik bortleigd til laksefiskarar frå Strilelandet. Ein av dei kunne meir enn å fiska laks. Han sette i gang med innhogginga, og kom vel frå arbeidet. Kari Hovland mintest og at det var same mannen som heldt talen den fyrste 17. mai ho hugsa, kring århundreskiftet.
Og så vart steinen reist, forsvarleg fundamentert nær ein meter nede i jorda.

Til minne

Olav Fitje avsluttar stykket sitt med å minna om at 60 år er ikkje nokon alder å snakka om for ein bautastein, og han oppmodar folk om at dei neste gong dei fer framom steinen, stoggar opp, ser på han og tenkjer på kva han vart sett til minne om, og samstundes minnest dei som gjekk i brodden for å få han reist. Det var i 1967.

Seinare har det vore store endringar rundt steinen, men han står på same staden han vart reist kort tid etter 1905. I 2005 er det hundreårsjubileum for unionsoppløysinga og det nye norske kongedømmet, og som den einaste 1905-steinen i fylket, så langt me kjenner til, er det grunn til å tru at steinen vil få ekstra merksemd.

kjelder:

Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Band I. 1981.
Sogn Ungdomslag 50 år. 1947.
Lagsbladet Solglytt, 17.05.1967.
Informasjon frå:
Lasse Brekke, Høyanger.