Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein i Solvorn om ufredsåra 1807-1814



Til jubileumsåret for grunnlova i 1914 vart det reist vel tjue minnesmerke i Sogn og Fjordane. Halvparten er "bautasteinar" sette til minne om soldatar som var ute i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. I Luster kommune står to slike, den eine i Solvorn, truleg reist av ungdomslaget i 1914.

<p>1814-steinen i Solvorn, p&aring; uteomr&aring;det ved skulen i bygda. Det er ein av dei st&oslash;rste minnesteinane i fylket, n&aelig;rare fem meter h&oslash;g. Sidene ned er 70 x 45 cm og smalnar noko mot toppen.</p>

1814-steinen i Solvorn, på uteområdet ved skulen i bygda. Det er ein av dei største minnesteinane i fylket, nærare fem meter høg. Sidene ned er 70 x 45 cm og smalnar noko mot toppen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Ved skulen

1814-steinen i Solvorn står eit stykke oppe i bygda, på uteområdet til skulen. Framsida vender nedover mot sjøen. Med jamne, velforma bokstavar, er innhogge:

TIL MINNE * UM SOL- * VORNINGS- * KRIGARAR- * NE FRAA * 1814 * REIST AV * UNGDOMEN * 1914

Innskrifta er på landsmål (nynorsk), og med ein annan skrivemåte enn no fleire stader: um - om, krigararne - krigarane, solvorningar - solvoringar, fraa - frå. Innskrifta etter dagens skrivemåte, kunne vore slik: Til minne om soldatar frå Solvorn 1814.

Steinen stod opphavleg ved det gamle skulehuset lenger nede i bygda. Då området her vart regulert til bustadføremål og skulen riven, kunne ikkje steinen verta ståande der. Han vart teken ned og lagra nokre år i påvente av ny plass, og så reist på noverande stad sommaren 2001.

Veit lite

Me veit lite om soga til Solvorn-steinen. Folk meiner det var ungdomslaget som reiste han, noko som passar med innskrifta, - REIST AV UNGDOM. Dei eldste lagsbøkene til ungdomslaget er bortkomne, og dermed dei viktigaste skriftlege kjeldene til kunnskap om kva laget stelte med dei fyrste åra. Eit udatert skriv til Luster kommune, truleg skrive nokre få år etter kommunesamanslåinga 1962, reknar opp minnesmerke i tidlegare Hafslo kommune. Om steinen i Solvorn står:

"Minnestein reist i 1914 ved Solvorn skule med innhogne namn på alle frå Solvorn sokn som fall i ufredsåra 1808-1814". Opplysningen om innskrivne namn, stemmer ikkje. Det er ikkje innhogde namn på 1814-steinen i Solvorn, derimot er det namn på ein tilsvarande stein på Hafslo. Etter innskrifta kan steinen like gjerne vera sett til minne om alle soldatane frå Solvorn som var ute i krigsteneste, som berre til minne om dei som miste livet.

Elles har det ikkje vore råd å finna opplysningar om Solvorn-steinen i andre kjelder, korkje i lokalavisene som dekka Sogn på denne tida, eller andre stader. Det har heller ikkje vore råd å få fatt i gamle bilete der steinen er med.

Ufredsåra 1807-1814

I 1807 kom Danmark-Noreg i krig med Sverige. Mange frå Sogn og Fjordane vart innkalla og i fleire vender sende austover for å verja landet. Dei hadde det hardt på fleire vis, - smått med mat og klede, elendige sanitærforhold, sjukdom herja og det kom til krigshandlingar fleire gonger. Mange miste livet eller fekk livsvarig mein, og fleire av sjukdom enn av krigshandlingar.

Mange 1814-steinar i Indre Sogn

Ved årsskiftet 1913/1914 rykte den sterkt nasjonalsinna oberst Henrik Angell ut i lokalbladet Sogns Tidende med ei sterk oppmoding, - og med særleg adresse til ungdomslaga -, om å reisa bautasteinar over dei som i ufredsåra 1807-1814 "frelste vaar fridom og vaart sjølvstende." Angell slutta det sterke og kjensleladde avisinnlegget sitt med følgjande sats: "Hogg so inn i steinen anten namni paa hine fedrelandsforsvarar eller so berre dette: "Steinen er reist til minne um dei som skreiv 17. mai 1814 med sitt blod" eller noko liknande. Men skriv paa norsk!"

Fleire sende lesarbrev til avisa og støtta oppmodinga, noko avisa sjølv også gjorde, jamvel fleire gonger. "Slike steinar", skreiv bladstyraren, "vil staa som minne fyrst og framst yver dei som dei er sette til minne um, men framigjenom aari vil dei ogso staa som talsmenn um tankegangen i den tid som reiste steinane. Dei vil staa som fedralandet sine talsmenn, og binda tankar og kjenslor saman fraa ætt til ætt, fraa hundradaar til hundradaar."

kjelder:

Sogns Tidende. 1905.1914. Sogndal.
Opplysningar frå:
Per Øvrebø, Solvorn.