Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestøtte i Florø over falne i krigen 1940-1945



I parken ved Florø kyrkje står eit ruvande minnesmerke over falne i krigen 1940-1945. "Våre falne fortener eit verdig minnesmerke", stod det i oppropet til folk om å yta pengar sommaren 1945, "komande ætter må minnast det dei gjorde og manast til dåd." Minnesmerket vart avduka ein søndag i august 1946 med kring 1500 menneske til stades.

Minnehøgtid 17.mai ved minnesmerket over dei falne frå Flora kommune. Minnesteinen vart avduka i august 1946 med kring 1 500 menneske til stades. Seinare har det vore markering kvar 1. og 17. mai, og ved runde år for åtaket på Noreg og fredsdagen. Biletet som er teke før 1960, syner mykje folk, flagg, musikkorps, opptog og æresvakter, blomepryd og fleire nedlagde kransar.

Minnehøgtid 17.mai ved minnesmerket over dei falne frå Flora kommune. Minnesteinen vart avduka i august 1946 med kring 1 500 menneske til stades. Seinare har det vore markering kvar 1. og 17. mai, og ved runde år for åtaket på Noreg og fredsdagen. Biletet som er teke før 1960, syner mykje folk, flagg, musikkorps, opptog og æresvakter, blomepryd og fleire nedlagde kransar.

Eigar: I Florø-kalender 1960.

Datering: 1947-1959.

Fotograf: J. Stafsnes.

Mange falne frå Flora

Det står 33 namn på minnesteinen. 18 høyrde heime i Florø, 11 i Kinn, 3 i Bru og 1 i Eikefjord.
Frå Florø: Malvin Johan Aas, Olav Aas, Odd Batalden, Ansgar Broholm, Alexander Eikevoll, Trygve Eikevoll, Nils Jørgen Fuglesang, Hans Joakim Hatlø, Rudolf Johannessen, Nils Johan Kittang, Jostein Julius Knapstad, Mathias Andreas Midtbø, Erling Olsen, Leif Anton Pettersen, Sigfred Sandvik, Arvid Steinhovden, Atøe Svardal og Erling Johan Vårdal.
Frå Kinn: Sverre Antonsen, Birger Bjørnsen, Jens Buarøy, Sveinung Jensen, Olaf Larsen, Ludvik Ludviksen, Bernhard Reksten, Ingvar Sagen, Einar Skare, Johan Bernhard Storhaug og Fritjof Urdal
Frå Eikefjord: Andreas Hesjedal
Frå Bru: Hilmar Hansen, Thorleif Gartnes Helmers og Johannes O. Stavang

Olav Aas ein av dei

Olav Aas var ein av dei 33. I bokverket "Våre falne", utgjeve av Den norske stat i 1948, står det ein kort omtale om kvar av dei. Om Olav Aas, teken med her som døme, står:
-- lettmatros, Florø. Født 22. mai 1923 i Florø, s. av Fridtjof Aas, f. 1891 i Hadsel, og Amalie f. Jakobsen, f. 1890 i Kinn. Var på m/s Kattegat som ble senket 20. mai 1942 av en tysk kaper i Sør Atlanterhavet. Han ble tatt til fange av tyskerne og kom i japansk fangenskap. Rømte derfra og var senere på m/s Tricolor. Falt overbord og druknet 28. oktober 1944 i Port Adelaide, South Australia. Gravlagt i Port Adelaide.

Innsamling

Arbeidet med eit minnesmerke over dei falne frå Kinn prestegjeld (kommunane nemnde ovanfor) tok til fredssommaren 1945. Eit opprop underskrive av 10 menn, datert 23. august, viser til at ein andre stader i landet er kome langt med å reisa minnesmerke over falne. Dei tenkjer seg eit minnesmerke som er byen og bygdene verdig, og oppmodar kvar og ein om å yta etter evne. Våre falne fortæner eit verdig minnesmerke, står det i oppropet, så komande ætter må minnast det dei gjorde og manast til dåd.
Utpå sommaren året etter hadde minnesmerkenemnda vel 12 000 kroner ståande på bok i A/S Fjordenes Kredibank. Det var kome inn pengar frå hundrevis av einskildpersonar for det meste ved innsamlingslister i alle skulekrinsane.

"--treng ikkje sende kvitanse--"

Heile beløpet kom ikkje inn ved krinsinnsamlingane. Somme ytte bidrag på anna vis, som t.d. Oskar Nærø. Ein dag fekk heradskasserar O. Fagerheim i Kinn der det m.a. stod fylgjande:
"Vil be Dem, om De kan gjøre meg den tjeneste å ta de kr.12,70 som var tilgode av de kr. 894,00 (1,5 %) eg sende i heredskat, å gje til "æreminne yver dei faldne i Kinn". Er det ikkje Milvær som tek mot pengane? De treng ikkje sende kvitanse, eg ser det i "Firda Folkeblad" ". Brevet vart sendt vidare til Ragnar Melvær som noterte at pengane var komne han i hende.

Minnestøtta ferdig i juli 1946

A/S Vestlandske Stenhuggeri i Bergen fekk oppdraget med å laga minnestøtta. Det ferdige minnesmerket vart ekspedert som 15 stk granittstein ca. 8,5 tonn med D/S "Jotunheim" 12.7.1946. Arbeidet ved kyrkja med grunnarbeid og oppsetjing vart for det meste ordna av Byingeniøren. Martin Fredheim frakta 45 hl sand med skøyta si M/S "Sollid" og Gartneriet Von L/L sytte for planter og blomar.

Avdukingshøgtida

Formannen i minnesmerkekomiteen, Odd Nybø, opna høgtida med å ynskja forsamlinga velkomen, og orienterte deretter om arbeidet med å skaffa minnesteinen. Han gav så ordet til fylkesmann Nicolai Schei som heldt avdukingstalen. Schei slutta talen med å seia fram alle dei 33 namna på steinen, og let så duken falla.
Deretter vart minnesmerket overlevert til Florø by. Ordførar Stavang tok i mot, tala på vegne av kommunen og la ned krans. Det vart og lagt ned andre kransar, m.a. frå Florø Sportsklubb, Kinn og Skorpa fiskarlag og Marinens Overkommando.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogningen.16.08.1946.
Kommunearkivet i Flora:
Nemnd for minnestøtte, rekneskap 1945-1946.

PERMANENT IDENTIFIKATOR