Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesteinen over Audun Hugleikson



"Namnet Audun Hugleikson rita i norsk gråstein for all framtid." Det var overskrifta i Firda på reportasjen frå avdukinga av minnesmerket på Ålhus i 1960. Dei måtte sperra riksvegen. Mellom 1500 og 2000 menneske var tilstades. Høgtida byrja med gudsteneste i Ålhus-kyrkja og slutta med middag på Skei Hotell.

Minnesmerket over Audun Hugleikson står ved ungdomshuset Borgja på Ålhus. Det vart avduka søndag 26. juni 1960.

Minnesmerket over Audun Hugleikson står ved ungdomshuset Borgja på Ålhus. Det vart avduka søndag 26. juni 1960.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn ogFjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Ved ungdomshuset på Ålhus

Minnesmerket over Audun Hugleikson står tett attmed ungdomshuset Borgja på Ålhus. Huset har fått namn etter borga Audun bygde på Hegrenes. Staden har fram til vår tid vorte kalla Slotte. Borgtufta ligg heilt nede ved vatnet, snaue hundre meter frå minnesmerket. Det var på tale å reisa minnesmerket på sjølve borgtufta, men Riksantikvaren ga ikkje løyve til det. Minnesmerket ville koma i vegen for ei eventuell ny utgraving av borgtufta.

Segl og innskrift

Minnesmerket er ein stor, prismeforma stein på steinsokkel. På framsida står i relieff våpenmerket til Audun, ryttar i rustning og innskrift i sirkel forma med latinske bokstavar: S` AUDENI HUGLAGI: DOI: DE: HEGRENES. Det tyder: Herren på Hegrenes

På baksida av steinen er innhogge:

AUDUN HUGLEIKSON
1240 - 1302
HERRE PÅ HEGRENES * STALLAR 1273 * BARON 1277
KUNNIGASTE MANN I LANDSLOVA * KONG EIRIKS FREMSTE
RIKSRÅD * SKATTMEISTER * NOREGS SENDEMANN

 

SKIRSLA STIG MINNE I SOGELJOS

FIRDIR REISTE STEINEN 1960

Kunstnar og steinhoggar

På baksida av sokkelen er festa ei metallplate der det står: "Bilethoggar Sigurd Nome. Jørgen Solheimsnes hogg steinblokkene." Sigurd Nome (1911-1979) laga relieffet. Han var tilstades på avdukinga. Jørgen Solheimsnes, fødd 1898, frå Ålhus var ein dyktig og kjend steinhoggar.

Sunnfjord Sogelag

"Firdir reiste steinen," står å lesa på sokkelen. Firdir er gamalnorsk form for folk som bur i Fjordane, fjordingar. Det var sunnfjordingen Nils Husetuft som tok initiativ til å reisa Audun Hugleikson eit minnesmerke. Sunnfjord Sogelag fylgde opp med å velja ei minnesmerkenemnd til å stå føre arbeidet. A.O. Klakegg var formann i nemnda.

Avdukingsdagen

Ei eiga nemnd skipa til avdukingsstemna søndag 26. juni. Dagen byrja med høgmesse i Ålhus kyrkje før avdukingshøgtida og slutta med middag for innbedne på Skei Hotell. Det var ein godversdag. "Jølstravatnet (..) låg lauga i strålande solskin, medan bylgjene leika opp mot steinane der Auduns borg ein gong har stått", skreiv Firda. Mange medverka og mellom 1500 og 2000 var tilstades under avdukinga. Norsk Rikskringkasting var og tilstades, noko som var heller sjeldsynt på den tida. NRK vurderte avdukinga av minnesmerket over Audun Hugleikson som ei hending av nasjonal interesse.

Talar og helsingar

Jølster songlag opna avdukingshøgtida med songane "La Norge fylle våre hjerter" og "Dei stod på Stiklestad fylka til strid". Deretter song alle "Fagert er landet" før Einar Hjelmbrekke ynskte velkomen og ga ei kort utgreiing om arbeidet med å reisa minnesmerket. Lektor Skeie las opp prolog skriven av gardbrukar Knut Huus på Fitje i Gloppen. Stardalen mannskor song "Der ligger et land", før middelalderhistorikaren, dr. philos Arne Odd Johnsen heldt avdukingstalen og stod føre sjølve avdukinga.

"Det var ein vektig tale", skreiv Firda, som folk høyrde på med "den største åtgaum". Talaren tok mellom anna føre seg avrettinga av Audun Hugleikson i 1302 og gav han full frikjenning. Elles rosa han sterkt det lovarbeidet Audun i så stor grad medverka til. "Han har for alltid rissa sitt namn inn i Noregs soge, og minnesteinen er difor fullt på sin plass", refererte Firda.

Etter avdukinga var det helsing frå Borgarsyssel (eldre namn på Østfold) ved lektor Nordby. Audun på Borg var bestefar til Audun Hugleikson. Leif Arnold Loen las eit hyllingsdikt frå folk i Nordfjord. Formannen i nemnda overleverte til slutt minnesmerket til Jølster kommune ved varaordførar Erling Slåtten.

Middag på Skei Hotell

Etter avdukinga var det middag på Skei Hotell for innbedne gjester. Olav Huslid ynskte velkomen og Otto Huseklepp bar fram ei helsing frå Nils Husetuft som på grunn av helsa ikkje kunne vera tilstades. Huseklepp retta elles ei takk til Sunnfjord Sogelag for det store arbeidet som var nedlagt. Dessutan takka han særskilt lensmann Erik Valaker for alt han hadde gjort.

Fleire Sunnfjord-amerikanarar var med på avdukinga. Under middagen helsa Sigurd Rognebakke, formannen for Sunnfjordlaget i Amerika, frå sunnfjordingane der borte og overleverte ein sjekk på 100 dollar til Sunnfjord Sogelag.

"Frå først til sist vart dagen høgtida på ein verdig måte", oppsummerte Firda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda 17.06, 28.06.1960.
Meland, P.: Stallaren og lovgjevaren Audun Hugleikson. I Firda. 21.06.1960.

Litteratur: Gjerland, Berit o.fl.: Audun Hugleikson. Frå kongens råd til galgen. 2002.
Sandnes, Ola: Audun Hugleikson og samtida hans. Sunnfjord Sogelag.
Kulturhistorisk leksikon:KAL/SF-1431.039 Audun Hugleikson

PERMANENT IDENTIFIKATOR