Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. desember 2003

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over falne ved Rugsund kyrkje



Den 19 år gamle Johan Friis frå Rugsund omkom i det fyrste norske krigsforliset etter at andre verdskrigen braut ut i 1939. I 1994 reiste Rugsund sokn minnestein over han og dei tre andre frå soknet som miste livet som fylgje av krigshendingar. Steinen står ved Rugsund kyrkje.

D/S Leikanger av Bergen tilhøyrde rederiet H. Westfal-Larsen. To mann frå Bremanger omkom då skipet vart torpedert 27. juli 1942. Det heldt på å gå gale med Leikanger eitt år før forliset sommaren 1942. Den 18. september 1941 vart skipet påteke av eit tysk bombefly i konvoi på den engelske austkysten. Skipet vart treft, men bomba vart liggjande udetonert på dekket. Med stor varsemd greidde mannskapet å lempa bomba over bord.

D/S Leikanger av Bergen tilhøyrde rederiet H. Westfal-Larsen. To mann frå Bremanger omkom då skipet vart torpedert 27. juli 1942. Det heldt på å gå gale med Leikanger eitt år før forliset sommaren 1942. Den 18. september 1941 vart skipet påteke av eit tysk bombefly i konvoi på den engelske austkysten. Skipet vart treft, men bomba vart liggjande udetonert på dekket. Med stor varsemd greidde mannskapet å lempa bomba over bord.

Eigar: I Nortraships flåte.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografiar iVåre falne

"FRIIS, JOHAN, sjømann, Davik. Født 5. juli 1921 i Bergen, s. av o.r.sakf. Henrik Friis, Rugsund, d. 1943, og Gudrun Fosteland, Bergen, d. 1935. Reiste tidleg til sjøs. Var smører på d/s Ronda, og omkom da skipet krigsforliste 13. september 1939."

"HAUG, HILMAR, sjømann, Davik. Født 26. mai 1923 i Bergen, pleiesønn av Oliver Kolseth, f. 1878 i Davik, d. 1936, og Anna Klubben, f. 1883. Dro til England med motorbåt i august 1941 og kom inn i handelsflåten som matros. Omkom 27. juli 1942 da d/s Leikanger ble torpedert på vei fra Cape Town til Trinidad."

"LOFNES, JOSTEIN, fisker, matros, Davik. Født 4. juni 1918 i Davik, s. av Johan O. Lofnes, f. 1884 s. st., d. 1920, og Anne f. Yri, f. 1884 i Innvik. Dro sammen med en del kamerater til England i en liten motorbåt og meldte seg til tjeneste i handelsflåten. Var sist på d/s Leikanger, og omkom 27. juli 1942 da skipet ble torpedert 14 døgns reise fra Cape Town, på vei fra Cape Town til Trinidad."

"LEIRGULEN, OLAI EDWIN, maskinmann, Laksevåg. Født 26. desember 1918 i Davik, s. av Oluf Leirgulen, d. 1924 i Davik, og hustru Bertine, f. 1892 s. st. Gift 1946 i Davik med Elfrid Larsen, f. 1920 i Laksevåg. 1 barn. Dro fra Norge med en motorskøyte 1941. Ble innrullert i Marinen, og tjenestgjorde som maskinmann på forskjellige korvetter, bl.a. på Potentilla. Ble syk i tjenesten og døde 16. desember 1946. Gravlagt i Davik."

d/s Ronda

Johan Friis frå Davik og Lars Bakkebø frå Fjaler var mellom dei omkomne i det fyrste norske krigsforliset i 2. verdskrigen. d/s Ronda på 8 425 dwt som tilhøyrde J. Ludwig Mowinckel i Bergen vart minesprengt onsdag 13. september 1939 utanfor kysten av Nederland. Truleg gjekk skipet på tre miner og sokk i løpet av to minutt. Det var uråd å få sett ut livbåtar, men 20 mann vart berga opp frå sjøen. 16 av mannskapet og to passasjerar omkom.

d/s Leikanger

Både Hilmar Haug og Jostein Lofnes omkom då d/s Leikanger krigsforliste i det sørlege Atlanterhavet 27. juli 1942. Skipet var på veg frå Cape Town til Trinidad lasta med 1000 tonn malm. To torpedoar råka på ein gong og på mindre enn eitt minutt kava overlevande mellom vrakrestar i sjøen. 13 mann greidde å berga seg opp på ein flåte og vart tekne opp tre døgn seinare. 18 menn miste livet, av dei 13 nordmenn.

 

kjelder:

Rustung Hegland, Jon: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte offensiv. Band 2. Oslo 1976.
Våre Falne. 1949-1951. Oslo.