Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck



Minnesteinen over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck står på den gamle futegarden Alvera i Lavik der Holck budde heile sitt vaksne liv. Steinen vart reist i 1914 i samband med hundreårsjubileet for Grunnlova. Det er ein "fager stein, hoggen i gamalkorde-form."

Minnebautaen over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck er reist på ei høgd like ved gardstunet i Alværa. Han er fundamentert i berget og ruvar kring 5 meter i været. På den oppmura foten rundt, er sett steinar i kvart hjørne. Hovudinnskrifta er på på den sørvende sida mot fjorden.

Minnebautaen over Eidsvoll-mannen Ole Elias Holck er reist på ei høgd like ved gardstunet i Alværa. Han er fundamentert i berget og ruvar kring 5 meter i været. På den oppmura foten rundt, er sett steinar i kvart hjørne. Hovudinnskrifta er på på den sørvende sida mot fjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Holck-bautaen

Elias Holck-minnesmerket minner litt om Harald-støtta ved Haugesund, ein høg bauta omkransa av prismeforma steinar. Ein 10 meter lang allé fører fram til ei lita steintropp opp til den ruvande bautasteinen, reist på den høgaste bergnabben i nærleiken av gardstunet på Alvera. Bautaen er kring 5 meter høg, ca. 70 cm brei ved rota og ca 40 cm tjukk, smalnar jamnt mot toppen og endar nærast i ein spiss. Steinen er forma som ein korde med handskjefte og blad.

Innskrift, symbol og medaljong

Det er innskrift på to sider. På framsida eller solsida står innhogge: EIDSVOLDS- * MANDEN * OLE. ELIAS * HOLCK * 1774 - 1842 * 17 DE MAI * 1814 - 1914. Mellom årstala og 17 DE MAI er ein medaljong, og nedst det norske riksvåpenet mellom to sablar i kross.

På baksida står: GUD SIGNE * VAART DYRE * FÆDRALAND. Under er ei kvilande løve.

Bygdefolket reiste steinen

Våren 1914 var det stordugnad fleire gonger. Folk frå fleire grender var med på arbeidet med å få kjempebautaen køyrd fram og reist opp. Formannen, gardbrukar M. A. Ringereide, mønstra ved eit høve 40-50 mann og 6 hestar. Laurdag 9. mars var steinen på plass og solid fundamentert i ei hole utsprengd i berget. "Ein fager stein", skreiv Sogns Tidende, "hoggen i gamalkorde-form".

Ikkje alt kunne gjerast av bygdefolk på dugnad. Å laga medaljong, gje utforming til tekst og symbol og å hogga inn tal og bokstavar, var arbeid for spesialistar. Agronom Ringereide stod for utforminga og vegoppsynsmann Gjert Bruåsdal sytte for innhogginga. Medaljongen kom frå Bergen, laga av modellør Torvald Olsen etter eit silhuettbilete av generalmajor Holck.

Avdukinga

Holck-bautaen vart avduka 17. mai 1914. Det gjekk folketog frå kyrkja i Lavik innover til Alværa, og det var fylkesmann Christensen som hadde den store æra å stå for avdukinga. Bautaen vart deretter høgtideleg gjeven til Lavik kommune frå arbeidsnemnda og bygdefolket. Kommunen takka og lova å ta hand om minnesmerket på beste måte. Etterpå var det stor folkefest i Lavik.

Elias Holck

Rasmus Øvre-Eide har skrive fylgjande kortbiografi om Ole Elias Holck:

Ole Elias Holck, fødd i Leirvik i Hyllestad 6. januar 1774, son åt kaptein Hans Henrik Hornemann Holck og Margrete Tostrup. Kom tidleg inn i hæren, var kompanisjef i Bergenhusiske regiment 1809 og generaladjutant då han slutta. Døydde på Alvera i Lavik 14. juli 1842. Gift med Karen Hansen.

Holck var 1. utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll frå Bergenhusiske infanteriregiment. Han var 1. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1818, 1824 og 1839, og 2. vararepresentant 1815-1816 og 3. (vararepresentant) 1836. I 1818 var han med i 12 nemnder.

Johan Hagen skriv i ein artikkel i Jol i Sogn, 1995, at Holck vart eigar av garden Alvera i 1822 etter svigerfaren. Han vart buande der all sin dag og dreiv garden fram til eit mønsterbruk. Hagen refererer til professor Ludvig Daae som skriv at Holck i heile si samtid var ein høgt akta mann. Daae framhevar og Holck sin store innsats for å ta vare på "Oldsager og Documenter til Historien henhørende".

kjelder:

Sogns Tidende. 1914.
Sogn Dagblad. 27.08.1994.
Hagen, Johan: Ole Elias Holck - Eidsvollsmann og offiser. I Jol i Sogn. Leikanger 1995.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1979. Sandane 1973.
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/atlas_leks_sok.asp?p=result&db=dbatlas_leks&sff_nummer=KAL%2FSF%2D1416%2E065&spraak_id=1&ptype=single&show_kart=no