Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. september 2001

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over korporal Kolbjørn K. Bolstad



To frå Sogn og Fjordane fall under frigjeringa av Finnmark vinteren 1944/1945. Den eine var Oskar Dale frå Arnafjord i Vik, den andre Kolbjørn K. Bolstad frå Oppstryn. Bolstad vart gravlagd ved kyrkja i heimbygda si 14. august 1945. Tre år seinare reiste bygda ein minnestein på grava.

Minnesteinen på grava til Kolbjørn Bolstad ved Oppstryn kyrkje.

Minnesteinen på grava til Kolbjørn Bolstad ved Oppstryn kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre falne

BOLSTAD, KOLBJØRN, gardbrukar, Stryn. Fødd 28. desember 1913 i Stryn, s. til Kolbein Larssen Bolstad, f. 1871, og Kristina f. Grov, båe i Stryn. Jordbruksskule. Hadde jordbruksarbeid heime på garden eller hos andre. Var i teneste på Svalbard frå våren og hausten 1943, og var med i det tyske åtaket der. Var i Finnmark frå 11. november 1944 til han fall ved Billefjord i kamp med tyskarane 7. februar 1945. Gravlagd i Stryn.

Portrettbilete av Kolbjørn Bolstad.

Norske styrkar i Storbritannia

Kongen og regjeringa gjekk i juni 1940 om bord i den engelske kryssaren "Devonshire" for å føra kampen for eit fritt Norge frå England. Gjennom alle krigsåra vart det gradvis bygd opp norske militære styrkar organisert i marine, flyvåpen og hær. Einingar frå alle avdelingane deltok saman med allierte styrkar fleire stader, men hæren, organisert i Den norske brigaden i Skottland, fekk minst å gjera.
Kolbjørn Bolstad gjorde teneste i Den norske brigaden, og var med på eit oppdrag til Svalbard sommaren og hausten 1943 då tyskarane i september gjekk til åtak der med ein stor flåtestyrke.

Tysk tilbaketrekking frå Finnmark og Nord-Troms

Etter at Finland gjekk ut or alliansen med Tyskland 2. september 1944, og russarane braut gjennom Murmansk-fronten i oktober, kom den tyske Lapplandsarmeen i ein håplaus situasjon. Tyskarane valde å trekkja styrkane i Russland, Finland og Finnmark tilbake til ei ny linje langs Lyngenfjorden i Nord-Troms. For å hindra russarane i ei eventuell forfølging og framrykking mot den nye fronten, raserte dei heile fylket og tvangsevakuerte befolkninga.

2. bergkompani til fronten

Russarane braut gjennom Murmansk-fronten i oktober 1944 og avanserte på kort tid inn på norsk jord. Etter langvarige forhandlingar vart eit kompani frå Den norske brigaden i Skottland sendt for å delta i frigjeringa av Finnmark. 2. bergkompani på 280 mann vart transportert frå Skottland med kryssaren "Berwick". Styrken kom til Murmansk 7. november og til Kirkenes tre dagar seinare. Oppgåva vart å overta fronten frå russarane ved Tana og herifrå ta seg vidare vestover for å observera den tyske aktiviteten og situasjonen for sivile som hadde kome seg unna evakueringa.

Kompaniet var underlagt russisk kommando til 6. februar då stridseininga saman med andre norske einingar gjekk inn i Distriktskommando Finnmark.

Bilete av 2. Bergkompani.

Korporal Bolstad fall

Det var under patruljeverksemd i Billefjord-området på vestsida av Porsangerfjorden at korporal Kolbjørn Bolstad fall i ei trefning med ein tysk patrulje. Han var plassert på ein observasjonspost medan resten av patruljen held på med ei kort forflytting då tyskarane brått kom over dei. Alle utanom Bolstad kom seg unna uskadde.
Dei fann liket av Bolstad to dagar seinare, tok det ned til leiren og vidare til Børselv på austsida av Porsangerfjorden der Bolstad vart gravlagd 19. februar under full militær honnør. Han vart flytta heim til Oppstryn og gravlagd der 7. august 1945.

Bilete av ein robåt, som Bergkompaniet ofte brukte som farkost.

Kart over området i Indre Billefjord, med patruljemannskap.

Avdukingshøgtid

Oppstryn Idrettslag tok initiativet til å reisa ein minnestein på grava og fekk brei oppslutning frå ungdommen i bygda. Steinen vart avduka 17. mai 1948. Høgtida tok til med gudsteneste om ettermiddagen. Formannen i idrettslaget Jakob Fagerheim, opna med ein kort tale før sokneprest Eriksen heldt avdukingstalen. Elles var det talar av lærar Olav Brekke og feltprest Erling Fagerheim som sjølv var med i trefninga i Billefjord. Ivar Erdal las dikt av Nordahl Grieg. Songkoret til Sigrid Guddal og Stryn Hornmusikk deltok både i kyrkja og under avdukinga.

Bilete av minnesteinen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandvik, Harald: Frigjøringen av Finnmark 1944-1945. Oslo 1975.
Fjordingen. 14.05, 25.05.1948.

PERMANENT IDENTIFIKATOR