Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Hafslo om soldatar i ufredsåra 1807-1814



I Luster kommune står to minnesteinar over soldatar som var med i grensetraktene mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står ved Hafslo kyrkje, den andre ved skulen i Solvorn. Begge vart reiste til hundreårsjubileet for Eidsvoll-grunnlova i 1914.

<p>1814-steinen p&aring; Hafslo st&aring;r p&aring; ein open plass ved kyrkja. Han er festa i eit betongfundament. I bakgrunnen Hafslovatnet.</p>

1814-steinen på Hafslo står på ein open plass ved kyrkja. Han er festa i eit betongfundament. I bakgrunnen Hafslovatnet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Namna

Minnesteinen på Hafslo står på ein open plass ved Hafslo kyrkje eit kort stykke frå vatnet. Innskrifta er døme på svært godt steinhoggings-handverk. Det står:
Minne* Um Soldatar * i Krigen 1807-14 * T. A. Alme * I. O. Alme * H. L. Alme * L. A. Alme * T. I. Holen * P. E. Beheim * K. I. Beheim * J. L. Beheim * O. O. Lomheim * C. K. Lomheim * P. P. Lomheim * J. O. Lomheim * J. C. Holsæter * O. A. Hillestad * O. E. Hillestad * S. O. Turtnebakken * K. S. Lad L. L. Lad * C. S. Lad E. E. Lad * Reist 1914 av Ungdl *

Frakta steinen frå Soget

Dei fann emne til steinen ved Soget, området mellom Veitastrondvatnet og Hafslovatnet. Torstein Tangsås (1895-1990) var med då dei frakta steinen heim til Hafslo. Då han var 94 år gamal, fortalde han korleis det bar til. Den fyrste dei prøvde seg på rauk av under arbeidet, og dei måtte finna seg ein ny.

"Denne gongen gjekk det betre og steinen vart hoggen til der framme. Så var det transporten frå Soget og ned, og det var ikkje noko enkel oppgåve i den tida. Dei fekk låna ei firehjuls vogn som Vegvesenet hadde ståande i Marifjøra. Per Øygarden hadde ein hingst som bar namnet "Skagastøl", og han vart sett til å dra lasset. "Skagastøl" var ein uvanleg flott, stor hest som det har gått gjetord om heilt fram til våre dagar.
 

Steinen vart lasta på vogna, og transporten tok til. "Skagastøl" la seg i selen, og på kvar side gjekk det mange mann med tog og hjelpte til. Hjula skar seg ned i dei dårlege vegane, men det gjekk sakte og stødig framover.
Då me fór gjennom Moane, steig Bruabakken opp på steinen og stemde i ein song."
 

Merknad: Hingsten "Skagastøl" vart nytta som stamhingst i nærområdet, men vart óg utleigd til vårspring andre stader.

J. L. Beheim

J. L. Beheim er eitt av dei 20 namna på steinen. Det ligg nær å spørja om han er identisk med ein sogning oppførd på ei minnestøtte ved Korskyrkja i Bergen over fem menn som miste livet i ei trefning med eit engelsk krigsskip ved Alvøen 16. mai 1809, nemleg ein Johan Beum Leijrdal som major Per Tang etterpå meinte måtte vera Johan Larsen Beum (Beheim) frå Hafslo, fødd på plassen Krabbehaugen under Beheim og døypt med namnet Joen i Hafslo kyrkje 24. september 1781. Foreldra var husmann Lars Johansen Krabbehaugen og Ingebor Paulsdotter. Lars døydde våren 1783 og etterlet seg kone og 6 born. Ein veit ikkje noko sikkert om korleis det bar til at Jon (Johan) blei "marinegast" i den bergenske "sjødefensjonen" (sjøforsvaret), men mest truleg verva han seg.

Markering i 1981

I 1981 feira Hafslo Ungdomslag 90-årsjubileum. Ein av programpostane var markering ved minnesteinen laget reiste i 1914. Det var opptog frå Hafslo sentrum ut til minnesteinen der det var tale og kransnedlegging ved formannen i laget, Leidulf Kvam. Frammøtet var ikkje det aller beste fordi mange var reiste til Sogndal på fotballkamp!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 31.08.1981. Leikanger.
Lomheim, Johannes, o.fl.: Hafsloalbumet. Daglegliv i Hafslo kommune gjennom 100 år. Sogndal 2001.
Sogn Ungdomslag 50 år. Leikanger 1947.

PERMANENT IDENTIFIKATOR