Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kvinner som berga liv - heidersminne om redningsdåd i 1885



På Hellersøyna i Bulandet står to kvinner på sokkel. Den eine er Berte, den andre Hansine. I 1885 var dei med og berga sju skipbrotne menn frå eit skjer. Dei var begge i tjueåra. Ei tid etter vart dei tildelt den offentlege redningsmedalja. I 2007 vart dei heidra med eit kunstverk.

Kvinneskulpturen Hansine og Berte på Hellersøyna i Bulandet.

Kvinneskulpturen Hansine og Berte på Hellersøyna i Bulandet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 04.08.2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Mot havet

Kunstverket  står på toppen av Hellersøyna. To kvinneskikkelsar i halvfigur kviler på kvar sin sokkel festa til eitt fundament. Med krosslagde armar i gull stirer dei utover havet. Det er sterk vind. Eit stykke av barka fiskegarn er festa til kvar søyle. Kunstverket vart avduka i september 2007.

Aktivt grendalag

Det er Værlandet og Bulandet grendalag som står bak tiltaket. I arbeidet sitt legg dei vekt på å syna fram historia til øysamfunna. Dei har laga Temapark i det gamle skulehuset i Bulandet, det vil seia museum med utstillingar som tek føre seg fleire emne, - krigsåra, fiskerinæringa, klede, o.m. Mange har vore med på å laga innhaldet i temaparken, ikkje minst skuleborna.

Kvinneskulpturen på Hellersøyna er og ein del av dette å fortelja historie. Attmed bilvegen er det sett opp informasjon i tekst og bilete. Besøkande får historisk kunnskap med seg på vegen framover og opp til skulpturen, m.a. ved å lesa eit stykke Sverre Landøy har skrive om bergingsaksjonen i 1885. Nedanfor følgjer teksten hans, slik han er attgjeven på informasjonstavla.

Bergingsdåd i 1885 - "Gugner"

"Tønsberg-skonnerten "Gugner" låg til ankers i Røvær [ligg nord for Utsira, Rogaland] ein sundagskveld i februar 1885 då det rauk opp med storm frå sør. Dei var 12 mann som bord. Ankeret sat ikkje, og for å berga fatyet fekk dei opp segl og prøvde å gå til havs. I ein rapport står det at på veien ut "kantrede fartøiet", 1 mann vart slegen over bord og vart borte. "Gugner" vart liggjande på sida og reiste seg ikkje opp att, men rak med vind og straum nord langs kysten frå sundags kvelden til onsdags morgon, då ho rak inn til eit skjer sør for Bulandet. 7 mann var enno i live, og dei kom seg opp på skjeret i snøslett".

"I grålysinga var dei oppdaga av Berte Hellersøy, fødd 1859, som sprang heim og fekk med seg ei anna jente, Hansine Tistel, fødd 1864, og dei var komne i båt for å dra ut, då også læraren Ole Rogne, fødd 1859, kom og vart med dei i båten. Det var framleis sterk vind og stor sjø, men dei greidde å slite seg fram til skjeret. Då var dei heilt gjennomvåte, og dei måtte ause båten tom før dei prøvde å få tak i folk frå skjeret".

"Etter mykje strev fekk dei 4 mann om bord til seg, då kunne dei ikkje ta fleire, i første omgang. På vei inn med dei 4, møtte dei ein båt med 2 eldre menn som var på vei ut for å hjelpe til med berginga. Berta gjekk då om bord til desse to og vart med ut til skjeret, der dei greidde å få tak i dei tre siste".

"Det har ikkje lukkast å få tak i namna til dei to eldre mennene som var med og henta dei tre siste frå skjeret. Skipsregisteret viser at også "Gugner" vart berga og fekk ein stor reparasjon det året."

"Seinare vart det snakk om medalje til bergarane, og i det høvet skreiv Ole Rogne sin rapport der han sa seg einig i at dei to jentene burde frå ei påskjøning, men sjølv ville han ingen ting ha. Lensmannen var ikkje heilt einig i dette, og trudde at Rogne var altfor spak i framstillinga si, "af frygt for at ...", men han legg til at "da læreren var ukjendt i farvandet, måtte han gå under kvindernes kommando."

6965 Atløy 25/1-1985.
Sverre J. Landøy.

"for Edel Dåd"

Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Heidersteiknet skulle vera "til Belønning af udvist hæderligt Forhold ved Redning af Menneskeliv eller anden dermed ligeartet Daad." Medaljen er delt i to grader; gull og sølv. Medaljen i gull er heidersteikn for særs framståande redningsdåd der redninga har medført fare for livet til den som utførte redninga.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR