Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juli 2001

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein over Bertel Kaale



Bertel Andreas Kaale (1887-1939) frå Breim var styrar på Nordfjord folkehøgskule på Vereide i Gloppen i åra 1922-1938. Elevlaget ved skulen reiste ein minnestein over han i 1947. Steinen står i skuletunet.

Nordfjord Folkehøgskule ligg på Vereide i Gloppen. Skulen vart teken i bruk hausten 1923 med styrarbustad og hovudbygning. Seinare har det kome nybygg og tilbygg fleire gonger. Nordfjord Indremisjon eig og driv skulen.

Nordfjord Folkehøgskule ligg på Vereide i Gloppen. Skulen vart teken i bruk hausten 1923 med styrarbustad og hovudbygning. Seinare har det kome nybygg og tilbygg fleire gonger. Nordfjord Indremisjon eig og driv skulen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen over skulestyrar Bertel Andreas Kaale står i grasbakken i øvste delen av skuletunet på Vereide. Det er ein vel 2,5 meter høg, prismeforma stein med eit rektangelforma bronserelieff og innskrift. Sidene ved foten er 75 x 40 cm.
Under relieffet står: * SKULESTYRAR * BERTEL KAALE * 1922 - 1938 * TAKKSAME ELEVAR * REISTE * DETTE MINNET
Steinen vart avduka 22. juni 1947.

Biografiske opplysningar

Bertel Andreas Kaale, fødd i Breim 10. november 1887, var son til Kristen Pederson Kaale, og Olina Birgersdotter, f. Austrheim. Han tok eksamen på Volda lærarskule i 1911.
Kaale arbeidde to år som lærar i folkeskulen i Nordal kommune på Sunnmøre før han søkte seg inn i ungdomsskulen.*) I åra 1913-1916 var han lærar på Solborg ungdomsskole ved Stavanger, og deretter styrar på Sunnfjord ungdomsskule i Førde. Frå 1922 til 1938 var han styrar på Nordfjord ungdomsskule.
I 1921 hadde Kaale statsstipend til norske folkehøgskular og arbeidde særleg med undervisninga i norsk og historie. Han hadde fleire organisasjonsverv; varaformann i Nordfjord krins av NKUF, styremedlem i Nordfjord Indremisjon, Kristenfolkets edruelighetsråd og Noregs kyrkjelege landslag. Nokre år var han òg med i kommunestyret i Gloppen.
Han gav ut skriftet "Jesu liv, kronologisk rekkefylgje."
Bertel Kaale døydde 1. januar 1939 og vart gravlagd på gravstaden Gravlund på Vereide.

*) Merknad: Ungdomsskule var frå 1893 til 1960-1970 det vanlege namnet på skular for vaksen ungdom grunnlagde og drivne av kristelege organisasjonar. Ungdomsskulane var ei grein av folkehøgskulane. I 1964/1965 var det 30 slike skular i heile landet; i Sogn og Fjordane tre: Sogn ungdomsskule i Balestrand, Nordfjord ungdomsskule i Gloppen og Sunnfjord ungdomsskule i Førde. Skulereformene frå 1959 innførde " ungdomsskule" som nemning for øvste steget i ein 9-årig grunnskule, og det kom krav om at ungdomsskulane måtte byta namn, noko som vart gjort gradvis, men naturleg nok litt motvillig. Nordfjord ungdomsskule gjekk over til Nordfjord folkehøgskule 15.08.1970.

Nordfjord folkehøgskule

Nordfjord Indremisjon gjorde vedtak om å byggja ungdomsskule i 1919. Grunnarbeidet tok til sommaren 1922 og hausten 1923 var styrarbustaden og hovudbygningen ferdige til å takast i bruk. Fyrste skuleåret byrja 8. oktober med 68 elevar; dei fleste frå Nordfjord. Vigslehøgtida vart halden 27. og 28. oktober med om lag 2000 menneske til stades. Skulen fekk namnet Ljosborg.
I alle år seinare, med unntak av 1944/1945, har skulen hatt vinterkurs/årskurs, og om somrane småkurs, stemne, leirar og andre tilskipingar.
I 1925 vart det skipa elevlag. Det hadde som føremål "å vera ein syskinring kring Nordfjord Ungdomsskule og stydje han best mogeleg i det arbeid han har sett som si oppgåve." Elevlaget starta eige blad, skipa til elevstemne og har elles teke opp og løyst ei rekkje oppgåver, t.d. reisinga av minnesteinen over fyrste skulestyraren, Bertel Andreas Kaale.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka søndag 22. juni 1947 i samband med den årlege elevstemna. Minnehøgtida tok til med kranspålegging på grava, og gudsteneste i Vereide kyrkje. Om ettermiddagen samlast folket ved minnesteinen der skulestyrar Huseklepp frå Førde heldt avdukingstalen. Han ga eit levande bilete av Kaale som 36 år gamal kom til Vereide og stod i brodden for den nye ungdomsskulen, og som styrde skulen dei fyrste 14 åra til han i 1938 måtte seia opp på grunn av sjukdom.
Huseklepp slutta talen sin med desse orda: "I dag reiser vi ein bauta over skulestyrar Kaale i takksemd for det arbeidet han gjorde både for skulen og utanom. Gud velsigne minnet ditt!"

Minnebilete

Nordfjord ungdomsskule fekk ikkje berre m i n n e s t e i n over den fyrste skulestyraren i 1947. Skulen fekk eit m i n n e b i l e t e også, eit portrett måla av kunstnaren Jenfrid Hermansen. Biletet var ei gåve frå styret for skulen.

kjelder:

Ljosborg Nordfjord Ungdomsskule 1923-1948. Førde 1948.
Ljosborg 50 år. Sandane 1973.
Nordfjord folkehøgskule 75 år. 1973.
Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.Stryn 1950.
Firda Tidend. 24.06.1947. Sandane.