Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over falne ved Nord-Vågsøy kyrkje



Sju menn frå tidlegare Nord-Vågsøy kommune fall under krigen 1940-1945. Søndag 16. september 1945 var det minnegudsteneste og 17. mai året etter samlast folk frå heile kommunen til avduking av minnestein. Minnesmerket stod fyrst ved skulen på Raudeberg, men vart seinare flytta til kyrkja.

Minnesteinen over dei falne frå tidlegare Nord-Vågsøy kommune står i bakken ovanom vegen inn til Nord-Vågsøy kyrkje på Røysaneset. Frå fundamentet er han 278 cm høg, 73 x 23 cm nede og berre litt smalare på breidda oppe.

Minnesteinen over dei falne frå tidlegare Nord-Vågsøy kommune står i bakken ovanom vegen inn til Nord-Vågsøy kyrkje på Røysaneset. Frå fundamentet er han 278 cm høg, 73 x 23 cm nede og berre litt smalare på breidda oppe.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Falne frå Nord-Vågsøy

Den norske staten gav i 1948 ut bokverket "Våre falne" som inneheld korte biografiar og portrettbilete. Av dei sju med tilknyting til tidlegare Nord-Vågsøy kommune, (utskilt frå Selje kommune i 1908), miste tre livet i alliert utanriksfart, to på norske marinefarty, ein under Måløy-raidet og ein som passasjer på D/S "Framnæs".

REKSNES, OLAV, maskinist, Nord-Vågsøy. Fødd 5. november 1905 i Davik, son til Henrik Reksnes, fødd 1866 i Davik, og Anna fødd Haugen, fødd 1875 i Eid, Nordfjord. Gift 1943 i England med Olive Manchel, fødd i Hull. Elektroteknisk kurs, maskinistskole. Seilte i alliert fart, og omkom 5. mai 1943 då d/s "Bonde" vart torpedert, på veg frå Swansea til Canada.

KLEIVEDAL, SIGVALD JOHANSEN, fyrbøtar, Nord-Vågsøy. Fødd 5. januar 1913 i Selje, son av Johan J. Kleivedal, fødd 1871 i Selje, og Karoline fødd Vedvik, fødd 1872 same stad. Drog som heilt ung til sjøs, og segla i utanriksfart. Under krigen segla han i alliert fart som fyrbøtar på d/s "Fingal", og omkom 5. mai 1943 då skipet vart torpedert i Det tasmanske hav, på veg frå Sydney, New South Wales, Australia til Salomonøyane.

VEDVIK, ANDERS PAUL, fiskar, Nord-Vågsøy. Fødd 25 mars 1920 i Selje, son til Bernt Andersen Vedvik, fødd 1889 same stad, og Inga fødd Barmen, fødd 1896 same stad. Navigasjonskurs. Vart innkalla til arbeidsteneste og reiste difor til England hausten 1941. Fekk hyre på d/s "Annavore", og omkom 21. desember 1941 då skipet vart torpedert i Atlanterhavet, 7 dagsreiser frå Gibraltar.

VEDVIK, SIMON ANDREAS, kvartermeister, Horten. Fødd 27. november 1901 i Selje, son til Anders Abrahamsen Vedvik og Alette Didriksdotter. Gift 1927 i Horten med Milly Bergljot Arvesen, fødd 1907 same stad. To born. Var på u-båten B2 og vart maskinmeister på jagaren "Svenner". Omkom 6. juni 1944 då fartyet sokk utanfor franskekysten under invasjonen.

NYBAKK, JOHAN, fiskar og gardbrukar, Nord-Vågsøy. Fødd 13. mars 1870 i Selje, son til Matias Nybakk og Jenika fødd Tilvik, begge frå Selje. Gift 1893 i Nord-Vågsøy med Alette, fødd 1867 same stad. Fem born. Var passasjer på fylkesbåten d/s "Framnæs", og omkom 8. november 1944 då skipet vart utsett for flyåtak, på reise mellom Måløy og Kalvåg. Gravlagd i Nord-Vågsøy.

TORHEIM, ARTHUR HENRY, dekksmann, Selje. Fødd 16. januar 1918 i Steigen, son til Mons Torheim, fødd 1882 i Davik, og Lina fødd Teige, fødd 1885 i Herøy, Sunnmøre. Var utskriven dekksmann på u-båten "Ula". Omkom 3. desember 1943 ved drukningsulukke i Dundee, Skottland. Gravlagd ved Nord-Vågsøy kyrkje. Broren Ragnvald Antoni omkom 1941.

TORHEIM, RAGNVALD ANTONI, fiskeskipper, Selje. Fødd 6. august 1912 i Davik, son til Mons Torheim, fødd 1882 same stad, og Lina fødd Teige, fødd 1885 i Herøy, Sunnmøre. Gift 1936 i Rovde, Sunnmøre, med Emma, fødd 1907. Eitt barn. Navigasjonskurs. Var reserveassistent i fyrvesenet og fiskeskipper. Omkom under strandhogget på Måløy 27. desember 1941 då han var truffen av ein granat. Gravlagd ved Nord-Vågsøy kyrkje. Broren Arthur Henry omkom 1943.

Dei falne sin dag

Regjeringa fastsette sommaren 1945 at søndag 16. september skulle viast våre falne. Flagget skulle heisast på halv stang frå morgonen til klokka 13.02 då det langsamt skulle heisast på heil stang. Kl. 13.00 skulle det vera to minutts stille alle stader i heile landet. I kunngjeringa vart det oppmoda om å skipa til lokale markeringar av dagen.

I Måløy skreiv Th. Iversen høvediktet "De falnes dag",
- og det femte verset lyder slik:

Vi reiser bautasteiner som lyser av glans,
til minne om dem som falt.
Og legger på graven en minnekrans,
men la ikke dette bli alt.

Minnegudsteneste

I Nord-Vågsøy heldt dei minnegudsteneste. Ordførar Leif Iversen opna med å gje eit oversyn over krigsåra. Etterpå tala lektor Wilhelm Kvalheim over bibelteksten for dagen, og slutta med to minutts stille.

Kyrkjesongar Maurstad nemnde dei falne frå Nord-Vågsøy og fortalde om innsatsen og lagnaden deira. Til slutt tala Matias Orheim og las eit dikt han hadde skrive under krigen men fyrst no hadde våga å gjera kjent. Under minnestunda medverka Raudeberg musikklag, Vedvik og Refvik songkor og Adolf Hals. Organistar var lærar Bøe og Bjarne Starheim. I offer til dei etterletne kom inn 500 kroner.

Eit varig minnesmerke

Saka om å reisa minnestein over dei falne var føre i kommunestyremøte 6. oktober 1945. I vedtaket står det mellom anna:

"Når det norske folk i dag kan leva vidare som ein fri stat på traust demokratisk grunnlag, er det oss ei kjær plikt å minnast alle deim som ofra det største av alt - livet - i striden for fedrelandet. I vyrdnad og takksemd for den innsats våre falne gjorde under krigen, vil Nord-Vågsøy heidre sine heltar ved å reise deim eit varig minnesmerke, som kann mana oss og komande slekter til å stå vakt og vern om vårt kjære fedreland."

I nemnda som skulle stå føre arbeidet vart desse valde: John Rutledal (formann), Reinhart Halsør, Jakob Steinagard, Kristoffer M. Refvik, Gustav Teige og Anton L. Kråkenes.

Avdukingshøgtida

17. mai 1947 samlast folk frå heile kommunen i vegkrysset Kvalheim-Refvik til avdukingshøgtid. (Nord-Vågsøy kyrkje brann ned hausten 1945 og ny vart bygd opp på same staden 15 år seinare). Formannen i festnemnda, Andreas Berg, ynskte velkomen og gav ordet til folkehøgskulestyrar Martin Birkeland, som heldt avdukingstalen. Etterpå song festlyden "Ja, vi elsker" før John Rutledal fortalde om arbeidet med å reisa minnesmerket, og nemnde at to namn til truleg ville koma med på steinen. (Dei kom aldri med). Rutledal slutta med å overlevera steinen til Nord-Vågsøy kommune, som takka og lova å vyrdsla og hegna om den med omhug i framtida.

kjelder:

Våre falne 1939-1945. Den norske stat. 1948.
Fjordenes Tidende. Måløy. 10.09, 13.09, 20.09, 15.10.1945 og 22.05.1947.