Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Absalon Pederssøn Beyer



Den kjende bergens-humanisten Absalon Pederssøn Beyer var sogning av fødsel. Han vart fødd i Aurland i 1528, og kom til Bergen seks år gamal. På 1980-talet reiste Aurland kommune ein minnestein over Absalon Pederssøn Beyer.

Minnesteinen over Absalon Pederssøn Beyer står på kyrkjegarden ved Vangen kyrkje. Han er lett synleg frå vegen nedom kyrkjegarden. Huset i bakgrunnen er klokketårn og reiskapshus. Mål: Største høgd over bakken 185 cm, sidene nede 60 cm x 40.

Minnesteinen over Absalon Pederssøn Beyer står på kyrkjegarden ved Vangen kyrkje. Han er lett synleg frå vegen nedom kyrkjegarden. Huset i bakgrunnen er klokketårn og reiskapshus. Mål: Største høgd over bakken 185 cm, sidene nede 60 cm x 40.

Eigar: Aurland kommune.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Biografiske opplysningar

Absalon Pederssøn Beyer (1528-1575), norsk humanist, historikar og teolog. Han vart fødd på garden Skirdal i Aurland i Sogn. Sjølv rekna han seg til adelsætta Beyer. Foreldra døydde tidleg og faren sette Absalon i prestelære på Bergens Katedralskule. Rektoren, Geble Pederssøn, gjorde mykje for Absalon. Han tok han inn i huset sitt og hjelpte han til å få studera, først i København, sidan i Wittenberg i Tyskland.

I 1552 kom han attende til Bergen og vart året etter lektor i teologi. Dette lektoratet hadde han så lenge han levde. På denne tida var det ein heil krins av lærde menn i Bergen som var opptekne av nasjonale emne og særleg frå norsk soge. Absalon skreiv hovudverket sitt Om Norgis Rige, som truleg var ferdig 1567.

Eit anna kjent verk av han er Bergens Kapitelsbog der han fortel stort og smått om folk og hendingar, mellom anna ein minnetale over læremeisteren sin, Geble Pederssøn.

Absalon var gift med Anne Pedersdotter. Ho vart i 1575 skulda for trolldom, men vart frikjend. Femten år seinare vart ho skulda på nytt, og no kjend skuldig og brend på bål på Nordnes i 1590.

Minnestein i Aurland

Det var kulturavdelinga i Aurland kommune i samarbeid med historikaren Anders Ohnstad som gjorde opptak til å få reist ein minnestein over Absalon Pederssøn Beyer. Det var også kulturavdelinga ved kultursjef Herleiv Alvheim som stod føre arbeidet. Emnet til steinen fann dei ein stad ved Strandavegen Aurland - Flåm.

Avdukinga

Førebels har vi ikkje andre opplysningar enn at steinen vart reist midt på 1980-talet, at kultursjef Alvheim leia høgtida og at bygdebokskrivar Anders Ohnstad heldt avdukingstalen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Biografisk Leksikon. Bind 1. Oslo 1999.
Norsk Allkunnebok. Bind 1. Oslo 1948.
Opplysningar frå:
Aurland kommune, Ingvar Vikesland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR