Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over lege Einar Djuvstein - omkom ved Irma-forliset 1944



Under andre verdskrigen vart hurtigruteskipet "Irma" og lastebåten "Henry" torpederte på Hustadvika av to norske torpedobåtar under norsk kommando. Ein stad mellom 61 og 65 menneske omkom. I Randabygda står det minnestein over ein som kom bort. I 2002 avduka kong Harald V eit minnesmerke om tragedien.

Minnesteinen over Einar Djuvstein ved barndomsheimen i Randabygda, Stryn. Djuvstein var på veg til Velfjord i Nordland for å ta oppatt praksis som distriktslækjar etter 2 ½ års permisjon som forskar ved Rikshospitalet og lungespesialist ved Bergen Helseråd. Han kom til Velfjord i 1938. Liket av Djuvstein vart aldri funne.

Minnesteinen over Einar Djuvstein ved barndomsheimen i Randabygda, Stryn. Djuvstein var på veg til Velfjord i Nordland for å ta oppatt praksis som distriktslækjar etter 2 ½ års permisjon som forskar ved Rikshospitalet og lungespesialist ved Bergen Helseråd. Han kom til Velfjord i 1938. Liket av Djuvstein vart aldri funne.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1995.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Eit av offera - Einar Djuvstein

I Randabygda i Stryn står ein minnestein med denne innskrifta: "Doktor * EINAR DJUVSTEIN * fødd 27-6 1901 * død 13-2 1944 * Kom burt ved krigsforlis * på Hustadvika * Gud signe minnet." Steinen står i hagen ved huset der Einar Djuvstein vart fødd og voks opp. I bokverket Våre falne står denne biografien:

Portrettbilete av Einar Elias Djuvstein.

"DJUVSTEIN, EINAR ELIAS, lege, spesialist i lungesykdommer, Bergen. Født 27. juni 1901 i Innvik, sønn av Lars Søreide, født 1874 i Gloppen, og Andrine Mathiasdatter født Hopland, født 1877 i Innvik. Gift 1939 i Velfjord med Bjørnhild Lund, født 1909 i Elverum. Reiste på embetsreise med rutebåten d/s Irma. Omkom da skipet sank på Hustadvika 13 februar 1944 etter to eksplosjoner."

Hurtigruteskipet "Irma" på nordgåande

I kveldinga, søndag 13. februar 1944 er nordgåande hurtigruteskip "Irma" komen til det opne havstykket Hustadvika. Det er klårt, kaldt og nesten vindstille. Skipet har nett teke att og passert lasteskipet "Henry" av Haugesund. Utanom stykkgods og post er skipet lasta med 1800 tonn agnsild. Det er 35 passasjerar om bord og eit mannskap på 51. Ein av passasjerane er lækjar Einar Djuvstein. Han er på reise til Brønnøysund.

Bilete av hurtigruteskipet "Irma."

Bilete av hurtigruteskipet "Irma."

Norske motortorpedobåtar kamuflerte ved land

Kamuflert ved land ligg to norske torpedobåtar. To mann er på vakt på ein holme med utsyn mot skipsleia. Marinefartya er komne over frå Shetland for å gå til åtak på tysk skipstrafikk. For alle norske marinefarty er det ståande ordre om ikkje å gå til åtak på norske farty som går i passasjer- og forsyningsfart. MTB-ane seglar under norsk flagg, og har norske skipssjefar. Mannskapa er nordmenn som har reist til England for å delta i krigføringa mot Tyskland. Vaktpostane observerer skip i leia og melder frå. Dei trur det er skip i transport for tyskarane og gjer klart til åtak.

Åtaket

Klokka 18.37 oppstår ein voldsam eksplosjon på "Irma". Heile forskipet vert øydelagt. Like etter oppstår ein ny eksplosjon like bak midtskips. Lyset går. Folk kjempar desperat for livet. Somme kjem seg i sjøen og prøver å halda seg flytande. Det vert skote mot skipet med automatvåpen. Styrmannen vert såra. "Irma" går ned i løpet av få minutt. Overlevande kavar i den iskalde sjøen.

Ein livbåt frå lastebåten "Henry", som no er komen fram til åstaden, tek opp overlevande. Motorskøyta "Steggøy" er òg på veg. Brått høyrest det eit ofseleg brak frå "Henry". Båten søkk nesten med det same. Skuta er lasta med stein.

Påskjøning og ros for operasjonen

MTB 627 og MTB 653 kom tilbake til Shetland dagen etter. Mannskapa stilte opp for den norske sjefen, orlogskaptein Horve som gav påskjøning og ros for åtaket. I rapporten frå den britiske kommanderande offiser til kommanderande admiral, datert 20.02, står det i norsk oversetjing m.a.:

"Vi vil fremheve at sjefen for MTB-enheten og de kommanderende offiserer fortjener stor ros for hele operasjonen."

Ein annan rapport viser at det vart fyrt av to torpedoar mot "Irma" og to mot "Henry". Den eine MTB-en fyrte av 616 mitraljøseskot, den andre 1418.

Irma-episoden i nytt lys

Nasjonal Samling sitt riksorgan Fritt Folk melde om hendinga tysdag den 15. februar. Avisa brukte ordet "skjenselsdåd" i tittelen. Dagen etter melde bladet at "Irma" vart søkkt av britiske torpedobåtar. - Det var verre. Dei var norske.

Mellom 61 og 65 menneske miste livet i katastrofen. Nokre vart aldri funne. Einar Djuvstein var ein av dei. Far til Astrup Nilssen i Sjøvegan, var ein annan som omkom. Astrup Nilssen har i alle år etter krigen arbeidd med å få fram dei faktiske tilhøva ved hendinga. Kva skjedde, kvifor, kven stod bak, korleis vart hendinga granska etter krigen, kva har skjedd i høve til dei etterletne, kvifor har det aldri kome ei offisiell beklaging?

Minnesmerke

Ordførar John Harry Kvalshaug i Averøy tok på slutten av 1990-talet til orde for å reisa eit minnesmerke og ei nemnd kom i arbeid. Forsvarsdepartementet ga hausten 1999 tilslutning til tanken og førhandstilsegn om økonomisk stønad. I brev til Astrup Nilssen, datert 28.09.1999, skreiv forsvarsminister Løwer m.a.:

"Denne Regjering er smertelig klar over at så vel grupper av mennesker som enkeltpersoner ble utsatt for en til dels meget dårlig behandling av det norske samfunnet i etterkrigstiden. Å bidra til å få reist et minnesmerke over den tragiske torpederingen av "Irma" og "Henry" vil etter min mening være et forsøk på å rette opp noen av de feil som har blitt gjort."

Kong Harald V avduka minnesmerket 16. september 2002.

Bilete av eit frimerke fra Krigsforlis-serien. Her er torpederinga av Irma illustrert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Dagsavisa Fritt Folk. 1944.
Brønnøysund Avis, 03.03.1944.
Avisa Nordlys
Bakka, Dag jr.: Skipene som bandt kysten sammen. Hurtigruten 1893-1980.
Informasjon frå:
Astrup Nilssen, Sjøvegan, http://home.c2i.net/astrup.nilssen/irma.htm

PERMANENT IDENTIFIKATOR