Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juli 2001

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein i Ålfoten over Rasmus Nyvoll



Rasmus Nyvoll, fødd 1909 i Ålfoten, fall i kampane i Italia i 1944. I 1951 vart det avduka ein minnestein over han ved Ålfoten kyrkje. Det var ungdomslaget og skyttarlaget som gjekk i brodden for arbeidet.

Minnesteinen over Rasmus Nyvoll som fall på slagmarka i Italia, står på kyrkjegarden ved Ålfoten kyrkje. Det vert lagt blomar ved steinen kvar 17. mai.

Minnesteinen over Rasmus Nyvoll som fall på slagmarka i Italia, står på kyrkjegarden ved Ålfoten kyrkje. Det vert lagt blomar ved steinen kvar 17. mai.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre falne

"NYVOLL, RASMUS Rasmussen, arbeider, Davik. Født 2. august 1909 i Davik, s. av Rasmus Olai Rasmussen Nyvoll f. 1882 i Breim, og Anna Petra f. Thuesdatter, f. 1882 i Bremanger. Dro til Canada i 1928 og meldte seg til tjeneste da krigen brøt ut. Omkom 23. mai 1944 under kampene i Italia."

Portrettbilete av Rasmus Nyvoll.

Meir om Rasmus Nyvoll

Rasmus Nyvoll voks opp på Samsonbruket på garden Myklebust i Ålfoten. Han var dreng ei tid hjå Mons J. Myklebust, før han saman med sambygdingane Olav Vik og Ola M. Myklebust utvandra til Amerika i 1928. Han kom til Washington på vestkysten, og måtte den fyrste tida ta til takke med småjobbar her og der. Seinare flytte han til British Columbia i Canada der han fekk seg arbeid som oppsynsmann på eit jaktområde. Då krigen kom og Noreg vart okkupert 9. april 1940, melde Nyvoll seg som frivillig til krigsinnsats i Europa. Etter opplæring og øving i Canada og Skottland, vart han frå 1943 med i kampane mot aksemaktene i Nord-Afrika, deretter i frigjeringa av Sicilia sommaren 1943 og seinare med i det allierte felttoget på det italienske fastlandet. Våren 1944 vart han hardt såra og døydde seinare på hospital den 24. mai 1944, 34 år gamal.

Gravlagd på krigskyrkjegard

Rasmus Nyvoll tenestegjorde i The Loyal Edmonton Regiment, Royal Canadian Infantry Corps. Han vart gravlagd på Minturno krigskyrkjegard som ligg nær kysten omlag 78 km nord for Napoli. Grava til Nyvoll er nummer 5 i rad K på felt 4.

Plantegning over Minturno krigskyrkjegard, med grava til Nyvoll markert i gult.

Bilete frå Minturno krigskyrkjegard.

Minnesteinen

Ei tid etter krigen tok ungdomslaget og skyttarlaget i Ålfoten opp arbeidet for å reisa ein minnestein i fødebygda hans. Steinen vart avduka søndag 19. august 1951, og sokneprest Lothe heldt avdukingstalen.

Minnesteinen står ved Ålfoten kyrkje, like innom porten på oppsida av vegen tett attmed kyrkjegardsmuren. Ei støypt metallplate er festa på ei stor helle av devonsk sandstein som dei fann på garden Sigdestad. På plata står namn, datoar, årstal og orda:

"I takksemd for offeret han gav * har heimbygda reist han dette * minne."

Bilete av plata på minnesteinen.

Krigen i Italia

Etter at aksemaktene hadde kapitulert i Nord-Afrika i mai 1943, var målet for dei allierte å få fotfeste på Sicilia, ta øya og deretter gå til aksjon på det italienske fastlandet. Den 10. juli landsette 3000 farty 150 000 mann fleire stader på Sicilia og etter 39 dagar var øya under alliert kontroll. Den allierte offensiven kom som eit sjokk på dei italienske styresmaktene. Den 25. juli avsette og arresterte det storfacistiske rådet Mussolini og utnemnde Badoglio til ny statssjef. Badoglio erklærte straks at krigen kom til å halda fram, men gjekk seinare, den 3. september, med på våpenstillstand.

Hitler var budd på denne utviklinga og reagerte raskt og effektivt. Store tyske styrkar vart sette inn nordfrå og på kort tid oppnådde den tyske krigsmakta å få kontroll over 2/3 av den italienske halvøya. Ein tysk kommandotropp greidde å frigjera Mussolini, som vart sett til sjef for ei marionettregjering heilt i hendene på Hitler.

I sør hadde allierte styrkar fått fotfeste på fastlandet i byrjinga av september. No byrja den lange marsjen mot Roma, eit felttog som skulle ta lenger tid og kosta meir enn dei allierte hadde rekna med. Fyrst 4. juni rømde tyskarane Roma, og ikkje før året etter, i slutten av april, kapitulerte dei siste tyske styrkane på italiensk jord.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1949-1951.
Avisa Fjordabladet. 23(?).8.1951. Nordfjordeid.
Opplysningar frå:
Alf Nyvoll, Ålfoten, Bremanger.
Harald Bruland, Ålfoten, Bremanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR