Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik



I følgje Landnåmabok var Ingolv Arnarson den første landnåmsmannen (innvandraren) på Island. Ingolv kom frå "Fjordane". Han kom til Island året 874 og busette seg der Reykjavik no ligg. I 1924 vart det avduka eit Ingolv Arnarson-minnesmerke i Reykjavik, og i 1961 vart det reist ein kopi av monumentet i Rivedal i Sunnfjord.

Ingolv Arnarson-minnesmerket på Arnarholt i Reykjavik. Bygningane i bakgrunnen høyrer til universitetet.

Ingolv Arnarson-minnesmerket på Arnarholt i Reykjavik. Bygningane i bakgrunnen høyrer til universitetet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

"ser ut yver byen"

Godt synleg midt i Reykjavik vart Ingolv Arnarson-minnesmerket straks ein attraksjon etter at det var reist i 1924. I 1928 var Andreas Barsnes på Island. Han skreiv reisebrev til Gula Tidend. Om Ingolv-monumentet står det:

"Det var Ingolv Arnarson som fyrst sette bu her då han fann høgsetestolparne sine att her. Han kalla staden Reykjavik etter røyken av dei varme kjeldor like ved. På Arnaholt bygde han garden sin og reiste dei gamle høgsetestolparne. På Arnaholt stend det no eit vyrdeleg minnesmerke til æra for den fyrste landnåmsmann. Det er Einar Jonsson som hev laga det. Ein djerv viking held spjot i vinstre handi, stydjer seg til ein høgsetestolpe [jfr. nedanfor] og ser ut yver byen og vågen. Det er det fyrste ein ser av byen når skipet glid inn."

Informasjon på tre steinar

Ikkje langt frå minnesmerket står det tre steinar med informasjon. Dei vart reiste i 1999. Den eine steinen fortel om då Ingolv kom til Reykjavik, den andre om korleis det gjekk med garden hans, Arnaholt, og den tredje om minnesmerket. Omsetjinga nedanfor er frå ei engelsk omsetjing av den originale teksten på islandsk.

Den eine steinen

Då Ingolv såg Island, kasta han høgsetestolpane sine overbord for god lukke. Han sa då at han skulle byggja garden sin der stolpane kom i land. Ingolv gjekk i land på ein stad som no er kalla Ingolfshøfdi (Ingolvneset). Vifill og Karli var namna på slavane til Ingolv. Han sende dei vestover for å leita etter høgsetestolpane. Dei fann stolpane ved Arnarvoll nedanfor eit slettelandskap. Om våren kom Ingolv dit. Han bygde ein bustad der stolpane var komne i land. Han budde i Reykjavik. [Kjelde: Landnåmabok.]

Den andre steinen

Ein trur at garden Arnarholt vart bygd straks etter landet [det landområdet garden til Ingolv omfatta] var folkesett. Garden vart gjeven til Videy klosteret i 1534, og vart kongseigedom på same tida som Reformasjonen [kring 1536]. Arnarholt-garden vart gjeven til fengslet i 1752. Gardsdrifta var då i nedgang, og gardshusa vart rivne i 1828. Ei omfattande arkeologisk utgraving gjekk føre seg i 1998. Restane som vart funne av ein gangbær [husanlegg der romma går ut frå ein gang i midten] var frå 1700-talet, men teikn på busetjing frå 1200-talet kom óg for ein dag. Funnmaterialet har ennå ikkje blitt fullt undersøkt.

Den tredje steinen

Minnesmerket av Ingolv Arnarson vart laga av bilethoggaren Einar Jonsson (1874-1954). Han laga den første skissa i 1902 og arbeidet vart avslutta i 1907. Han hadde alltid tenkt at minnesmerket skulle reisast på Arnarholt. Reykjavik handtverkar-foreining sytte for å samla inn pengar til å kjøpa kunstverket, og det vart avduka i 1924. Statuen viser ein landnåmsmann med ein atgeir [eit spyd] i venstrehanda, medan høgrehanda kviler på eit skjold mot baugen av eit skip pryda med eit dragon-hovud. Odin ser ut til å vera på utsida av baugen, med [ramnane] Hugin og Muninn sitjande på akslene hans.

Utstilling

I 2006 opna utstillinga Reykjavik 871 pluss/minus 2 i Reykjavik. Det er ei permanent utstilling om den eldste busetjinga i Reykjavik bygd på arkeologisk forskning og utgravingar og då særleg utgravingar i sentrum i åra 2001 - 2004. Den tradisjonelle historia om Ingolv Arnarson som kom til Island i 874 og busette seg i Reykjavik, byggjer på dei skriftlege kjeldene Landnàmabok og Islendingabok.

Det var lenge eit mål å få stadfesta historia ved å finna heimen til Ingolv. Dei siste funna stadfester at skriftlege kjelder og arkeologiske forskningsresultat i hovudsak stemmer overeins, at nordmenn busette seg på Island om lag på den tida skriftlege kjelder seier. Dei stadfester og at det budde folk i Reykjavik på på denne tida, men arkeologane kan ikkje gje namn på folk.

Bok

Samstundes med at utstillinga opna kom det ut ei bok med same tittelen, Reykjavik 871 pluss/minus 2. Eit kapittel handlar om Ingolv-minnesmerket på Arnarholt. Framstillinga nedanfor er eit utdrag.

Islendingane tok skeia i eiga hand

I 1906 var islandske alltingsmenn på besøk i Danmark. Under besøket tok danskar til orde for å gje den islandske nasjonen ei statue laga av den islandsk/danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen. Statua hans av den gresk-mytologiske figuren Jason vart føreslegen, men samstundes kom det forslag om ei statue av Ingolv Arnarason. Islandske aviser hadde innvendingar mot dette. Ei slik oppgåve passa betre for islendingane sjølv enn for danske overstyrarar. Den islandske kunstnaren Einar Jonsson (1874-1954) gjekk alt med tankar om ei slik statue. Handverkarforeining i byen gjekk straks i gang med å samla inn pengar til arbeidet, og ba kunstnaren om å gå i gang.

- framståande, klok og modig -

Minnesmerke-komiteen hadde klåre meiningar om kva kunstverket skulle uttrykkja. Det skulle samsvara med oppfatninga folk hadde danna seg frå Landnåmabok: ein framståande, klok og modig mann, trufast mot vener, lov og rett. Komiteen hadde ikkje innvendingar til sjølve statuen Jonsson emna på, men den ville ikkje ha innskrifta "Ver din eigen leiar". Det høvde ikkje på Ingolv som var ein kristen mann. Komiteen tykte heller ikkje om kunstnaren si skisse til ornament og tekst på fotstykket.

Statuen var ferdig i 1907, men vart ikkje reist og avduka før 24. februar 1924.

Tankar om statue tidlegare - Island

Verken danskar i 1906, eller islendingen Jonsson på om lag same tida, var først ut med tanken om å reisa ei Ingolv Arnarson-statue. Så langt ein kjenner til var målaren Sigurdur Gudmundsson (1833-1874) den første. Han føreslo å reisa ei statue til tusenårsjubileet i 1874 og han laga sjølv ei skisse til figur. Skissa til Gudmundsson legg mykje mindre vekt på ungdom, det vakre og djerve, enn kunstverket til Jonsson gjer.
(så langt utdrag)

- i Sunnfjord!

I Noreg var det óg ein mann som hadde tankar om ei Ingolv-statue før Jonsson. Det var Andreas Aabel i Førde. Utanom arbeidet sitt som distriktslege i Sunnfjord, sysla han med i historiearbeid, og rundt 1870 var han framfor alt oppteken av det historiske hopehavet mellom Noreg og Island og det føreståande 1000-årsjubileet for den første landnåmsmannen.

I juli 1874, i det aller første nummeret av Fjordenes Blad (frå 1919 Fjordabladet), hadde Aabel eit stykke om "Islands Tusenaarsfest". Han trekkjer fram at det er islendingane Noreg kan takka for landet si "eldste Saga". Skulle det ikkje vera ei verdig oppgåve nettopp for folket i Fjordane, der den første landnåmsmannen reiste ut frå, å hugsa dei "ved denne deres Tusenaarshøitid", spør Andreas Aabel. Og så oppmodar han om å gå saman om å kosta ei minnegåve, "t. Ex." skriv han, en Ingolf-Støtte.

kjelder:

Reykjavik 871 +/- 2. 2005.
Fjordenes Blad. 10.07.1874.
Gula Tidend. 24.07.1928.
Steintavler med informasjon i Reykjavik. Innskrifta omsett til engelsk av Terry Gunnell, Reykjavik.

PERMANENT IDENTIFIKATOR