Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. juli 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnesmerke om Havørn-ulukka i Hyllestad



I sjutida om morgonen, tysdag 16. juni 1936, høyrde folk i Lifjorden flydur og eit forferdeleg brak frå fjellet Risnesnipa. Det var flyet "Havørn" som flaug rett inn i den stupbratte fjellveggen. Sju menneske omkom. Den 14. juni 2008 vart det avduka eit minnesmerke om den tragiske hendinga.

<p>Risneshaugane med Risnesnipa i bakgrunnen. Risnesnipa er ein del av fjellmassivet som g&aring;r under namnet Lihesten. &quot;Hav&oslash;rn&quot; flaug inn i fjellveggen. Biletet vart teke 14. juni 2008 d&aring; minnesmerket om ulukka vart avduka.r. Krossen syner kvar flyet traff fjellet.</p>

Risneshaugane med Risnesnipa i bakgrunnen. Risnesnipa er ein del av fjellmassivet som går under namnet Lihesten. "Havørn" flaug inn i fjellveggen. Biletet vart teke 14. juni 2008 då minnesmerket om ulukka vart avduka.r. Krossen syner kvar flyet traff fjellet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 14.06.2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesmerket

Minnesmerket står på Risneshaugane med Risnesnipa som bakgrunn og vidt utsyn over Sognefjorden. Det er sett saman av tre element: a) ein stor stein med innskrift, b) eit stykke av eit propellblad frå flyet, og c) sju småsteinar i rekkje framfor steinen.

Steinen er kring 4 meter høg og 1,70 meter brei. Det er ei stor steinhelle funnen i bakken under fjellhamrane Kleivefjellet omlag 100 m nord for der steinen er sett opp. Propellbladet er festa ved foten av steinen. Dei sju steinane i bakken framfor symboliserer dei sju som omkom.

Innskrifta

Havørn-minnesmerket blei reist over dei som sette livet til og til ære for dei som var med i det vanskelege og farefulle bergingsarbeidet. Øvst på steinen er flyet teikna inn. Under overskrifta "Havørn-ulukka" står namna på dei omkomne, eit bibelvers, ord om kva minnesmerket står til minne om og når det vart avduka. Det står:

Reist til minne om
Havørn-ulukka
16. juni 1936

Desse omkom

Førsteflygar
Ditlef Pentz Smith 26 år
Norderhov

Andreflygar
Erik Storm 32 år
Oslo

Reserveflygar
Per Ruth Paasche 21 år
Bergen

Radiotelegrafist
Per Egil Hegle 28 år
Horten

Redaktør
Harald Wigum 46 år
Bergen

Sikringsinspektør
Sven Løgit 35 år
Stavanger

Konsul
Wilhelm Dall 50 år
Kristiansund

tru, von og kjærleik, men størst
av alt er kjærleiken

Til ære for dei omkomne

og deltakarane i det vanskelege
hjelpe- og identifiseringsarbeidet

Avduka 14 juni 2008

Avdukinga

Over 200 menneske var tilstades under avdukinga. På programmet stod ei rekkje korte talar, fleire helsingar og musikkinnslag. Alle innslaga samla seg rundt to sider ved den tragiske hendinga i Hyllestad sommen 1936; - det eine, tapet av sju menneskeliv, - det andre, og det positive, at ulukka medverka til at det blei sett søkelys på tryggleik for å sikra mot liknande hendingar i framtida.

Ulrik Andrew Smith, soneson til ein bror av førsteflygaren Ditlef Smith, heldt avdukingstalen og stod føre avdukinga. Tilreisande frå hans familie og familiane Wigum og Storm gjekk etter tur fram til minnesmerket og bar fram helsingar og la ned blomar. Wigum sine helsa frå ei dotter til Wigum. Ho ville gjerne vore tilstades, men alderen (92) og kjensle av at det ville blitt for sterkt for henne, gjorde at ho ikkje vart med.

Andreflygar Erik Storm var nygift då han så brått vart riven bort. Kona vart enkje berre 23 år gamal. Ho var gravid. Fem månader etter ulukka fødde ho ei jente som fekk namnet Erika. Enkja gifte seg seinare og fekk fleire born. Diverre fekk ho ikkje oppleva at det blei reist eit minnesmerke om ulukka. Ho døydde våren 2008.

Fjellklatrarar i bergingsarbeidet

Fleire på avdukinga rosa bergingsmannskapa for innsatsen deira på ulukkesdagen og dagane etter. Det var ekstremt vanskeleg å få ned dei omkomne. Fleire fjellvande folk frå Lifjorden og andre stader i Ytre Sogn gjorde ein heltemodig innsats, både ved å ta seg opp frå foten av fjellet og ved å prøva å fira seg ned frå fjellkammen oppe. Det blei også henta fjellklatrar frå Norsk Tindeklubb. På avdukingsdagen var Knut Tønsberg, son til ein av fjellklatrane, tilstades og fortalde om det vanskelege bergingsarbeidet.

Gustav Ulvik og Kaare Risnes fortel

I 2006 hadde Firda eit stort oppslag om Havørn-ulukka i 1936. Katrine Sele hadde vore på besøk i Lifjorden og snakka med to som minnest hendinga, Gustav Ulvik og Kaare Risnes. Ulvik fortalde om den vanskelege bergingsaksjonen og om dei frivillege som hjelpte til. Han fortalde om båtar på fjorden som la om kursen og sigla forbi Lihesten med flagget på halv stong. Då tre av lika kom til Bergen, var heile bryggja full med menneske. Mennene tok av seg hattane sine i respekt for dei omkomne.

Kaare Risnes var 12 år då "Havørn" havarerte. Katrine Sele skriv:

"Han [Kaare Risnes] peikar ut flekken der flyet trefte, om lag femti meter under toppen, mellom to skår i fjellveggen. - Klokka seks om kvelden skin sola på akkurat den plassen! - Eg har sett det sjølv, seier han.

Morgonen tysdag 16. juni 1936, var far hans og fleire andre oppe og mjølka kyrne i utmarka rett under fjellsida. Han høyrde flyduren i skodda, altfor nært, og tenkte med seg sjølv: "Dette går aldri bra". Sekund etter kom smellet. - Så var det lyden av flydelar som raste nedover fjellveggen, nett som når du tømer ei knivskuffe, seier Risnes."

Oppsummering om ulukka

"Havørn" reiste frå Bergen 16. juni, kl. 06.30 med fire passasjerar og eit mannskap på tre. Det var roleg vêr med skylag mellom 1000 og 1500 m. Over Sognefjorden var skydekket lågare somme stader. Skodda kom og la seg over Sognesjøen like før flyet kom. Og den var borte ein times tid etter ulukka.

Nokså nøyaktig kl. 07.00 havarerte flyet i fjellmassivet Lihesten i Hyllestad. Alle omkom. Bergingsarbeidet var særs vanskeleg. Alle dei omkomne vart funne og tekne ned. Årsaka til ulukka var at flyet var ute av kurs då det kom inn over Sognesjøen og flaug inn i skodde som skjulte Lihesten-massivet. Ei medverkande årsak var at det var feil ved høgdemålaren.

Dei første flyrutene i Noreg

Det norske Luftfartsselskap (DNL) starta i 1935 ei rute [sjøfly] Oslo-Bergen med eit leigd, seinare innkjøpt JU-52 fly frå Lufthansa. Dette var den første ordinære passasjerruta i Noreg. Flyet var LN-DAE "Havørn", flyet som havarerte i Hyllestad i 1936. Den nye passasjerruta Bergen-Tromsø var då nettopp opna for passasjertrafikk.

DNL sine ruter langs kysten gjekk berre i sommarhalvåret, frå midten av mai til midten av september. Etter starten av kystruta Oslo-Bergen i 1935 blei rutenettet frå 1936 utvida til Bergen-Tromsø, Oslo-Stockholm og Oslo-København i samarbeid med Lufthansa. Rutene heldt på ut sesongen 1939. På grunn av krigen kom ikkje kystrutene i gang som planlagt våren 1940, men DNL kom i gang litt seinare og dreiv passasjertrafikk til april 1941. Etter krigen blei eit nytt DNL etablert, og DNL/SAS hadde flyruter med flytypen JU-52/3 til 1956. Då slutta sjøflyruta Bodø-Tromsø samstundes med at Langnes flyplass i Tromsø opna.

Junkers JU-52/3

Det blei bygd 4845 Junkers JU-52/3 før produksjonen stogga i 1947. Flyet hadde stor lasteevne og gode kortbane-eigenskapar. I Sveits driv JU-AIR framleis "passasjertrafikk" med Junkers JU-52/3m. JU-52 var første gong i lufta i mai 1932. Flytypen kunne utstyrast med hjul, ski eller flottørar. Flyet hadde plass til 15-17 passasjerar og var i 1930-åra det leiande sivile transportflyet i Europa.

Tekniske data

Lengde: 18,8 m
Vengesepenn: 29,3 m
Høgd: 4,5 m
Maks. vekt: 10.500 kg
Maks. flyhøgd:5490 m
Maks. fart: 266 km/t
Rekkevidde: 915 km
Motorar: 3 x BMW 132 A/T, 830 HK
Mannskap: 3
Passasjerkap: 17

kjelder:

Nordstrand, Ingemar: Havørnulukka 1936. I Sogeskrift frå Hyllestad. 2006.
Firda 1936
Informasjon frå:
Norsk Luftfartsmuseum, Bodø.