Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. februar 2004

Sist oppdatert 12. februar 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Tunold-steinen i Selje



Kunstmålar Bernt Tunold, fødd i Selje 25. februar 1877, død i Bergen 23. januar 1946, vert rekna som ein av dei store kunstmålarane på Vestlandet. I 1951 vart det avduka minnestein over han i Selje.

Står i Parken

Tunold-steinen står i sentrum av Selje, midt i Parken på nordsida av vegen ned til tettstaden. Han stod opphavleg på høgda ein snau km lenger oppe, men vart flytta til Parken i 1986.

Bronserelieff av Sofus Madsen

Steinen er kring tre meter høg, sidene nede er 65 x 30 cm, og han er fundamentert under bakkenivå. Øvst er innhogge namnet BERNT TUNOLD og årstala 1877 - 1946. Bronserelieffet, som er laga av bilethoggaren Sofus Madsen, viser kunstmålaren slik folk hugsa han, ''med den karakteristiske hatten, og det våkne, skarpt iakttagende blikk.'' Heilt nede er innhogge REIST AV * NORDFJORDLAGET * I BERGEN

Steinen funnen på Hamre

Steinen vart skaffa tilvege av Selje ungdomslag. Ragnvald Berge, formann i fleire år, var med som representant for laget i ei kommunal nemnd der også bakar Tunold og soknepresten var med. Det var presten som bestemte kvar steinen skulle stå, - ikkje nokon god plass, meinte somme, men presten stod heilt på sitt val. Steinen vart funnen på Hamre, kring ein km frå Selje sentrum. Han vart tilhoggen av vegoppsynsmann Naustdal med handlangarhjelp frå medlemmer i ungdomslaget. Det skulle vera rett og pent for dei som stod føre arbeidet, og for å få dette til, la dei på betongmasse somme stader. Kunstnaren Sofus Madsen var ikkje like begeistra, han ville helst hatt steinen naturleg. I år 2003 er det råd å sjå at steinen er retta av med masse på toppen.

Nordfjordlaget reiste steinen

Tunold døydde i januar 1946 og same hausten tok formannen i Nordjordlaget i Bergen til orde for at laget på ein eller annan måte måtte heidra kunstnaren. Året etter vart sett ned ein komite som straks tok fatt på arbeidet. Dei ordna med tilskipingar av ymse slag, engasjerte bilethoggaren Sofus Madsen (ein ven av Tunold) til å laga bronserelieff og søkte samarbeid med folk i Selje. I mai 1951 kunne Fjordenes Tidende, Måløy, melda om avdukingsdag i juni. Mange var venta frå Bergen. Nordfjordlaget hadde skipa til ekstratur med Fylkesbaatane sin ærverdige d/s ''Nordfjord I''.

''.. Tunold si verd i barneåra ..''

Søndag 10. juni 1951 var festdag i Selje. Då ''Nordfjord I'' kom inn til Selje, vart skipet helsa med salutt som vart svara på med støyt i skipsfløyta. På kaia vart ferdafolket helsa med song og musikk. Deretter samlast tilreisande og bygdefolk i prosesjon opp til minnesteinen. 

Redaktør Lauhn heldt avdukingstalen. Han opna med å gje ei skisse av barndomsverda til kunstnaren:

''Her i Selje såg Bernt Tunold sola stiga opp over fjella i aust, og såg ho gå ned i havet i vest. Dagen og natta, lyset og mørket, havet og fjorden, fjella, dei grøne engene med hus spreidde rundt i kring - det var Bernt Tunold si verd i barneåra. Også menneska som levde her, i strid for føda, i stendig kamp mot naturkrefter, eit hardt og slitsamt liv, men på ingen måte eit liv utan gleder. Dei såg jorda gje grøde år etter år, og utanfor låg havet. Og på den andre sida låg klosterruinane, som fortalde om ei fjern fortid. Kjensla av samanhengen i tilværet, av slektene sin gong, må tidleg ha vorte vekt i Bernt Tunold sitt sinn, og det kom til å merkja haldninga hans til livet.''

Mange helsingar

Etter avdukinga vart det bore fram ei rekkje helsingar og lagt ned fleire kransar før formannen i Nordfjordlaget, K. Daviknes, overrekte minnesmerket til Selje kommune. Ordførar Sande tok imot, takka Nordfjordlaget og lova å ta vare på minnesteinen på beste måte. Ordførar Leif Iversen, Sør-Vågsøy, helsa frå Sogn og Fjordane fylkesting. Til slutt takka sonen til Tunold, Hermod Tunold, på vegner av familien.

Seinare på dagen var det festsamkome i lokalet til Selje Sparebank, og utferd til Selje kloster der klokkar Ervik fortalde. Klokka sju la ''Nordfjord I'' frå kaia og det vart ropt 3 x 3 hurra både frå skipet og frå land.

MÅleri med landskapsmotiv

kjelder:

Fjordenes Tidende. 24.03.1947, 11.06.1951. Måløy.
Fjordingen. 15.06.1951. Stryn.
Jul i Nordfjord. 1964.
Wiig, Einar: Bernt Tunold. 1991.
Munnlege opplysningar frå:
Ragnvald Berge, Selje.
Kommunearkivet i Selje, formannskapsarkivet og arkivet til kulturkontoret.
Årbok for Nordfjord. 1951.

PERMANENT IDENTIFIKATOR