Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautastein på Nordfjordeid over falne i krigsåra 1807-1814



I krigsåra 1807-1814 vart fleire hundre nordfjordingar innkalla til militærteneste. Mannskapa frå ytre Nordfjord gjorde teneste i sjøforsvaret. Soldatane frå dei midtre og indre delane av fjorden vart utskrivne til landforsvaret og desse var austpå i grensetraktene mot Sverige. Over 100 miste livet. Jonsokdagen 1914 vart det avduka ei minnestøtte på eksersisplassen på Nordfjordeid.

"Sjeldan vil du sjå ein finare og større stein [---] Høg og breid stend han midt på ekserplassen, synleg langt utover fjorden."  Dette skreiv Anders Lothe i Fjordabladet etter at steinen var avdukinga i 1914. Snaue 100 år seinare er han ikkje like godt synleg. Det har vakse opp høge tre og kome til ei mengd hus og bygningar.

"Sjeldan vil du sjå ein finare og større stein [---] Høg og breid stend han midt på ekserplassen, synleg langt utover fjorden." Dette skreiv Anders Lothe i Fjordabladet etter at steinen var avdukinga i 1914. Snaue 100 år seinare er han ikkje like godt synleg. Det har vakse opp høge tre og kome til ei mengd hus og bygningar.

Eigar: I trykksak. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1914.

Fotograf: Ukjend.

Nordfjord skyttarsamlag reiste steinen

Det var lærar Jacob Aaland som fyrst lanserte tanken om å reisa ein minnestein over nordfjordingane som ofra livet i krigsåra 1807-1814. I eit foredrag på ei ungdomsstemna like etter århundreskiftet 1900, gav han uttrykk for at ungdomslaga burde ta på seg ei slik oppgåve. Men meir vart det ikkje av Aaland sitt utspel.
I 1909 tok lærar Taraldset til orde for at skyttarlaga eller det militære var dei rette. Og no fylgde folk opp. Formannen i Nordfjord skyttarsamlag, børsemakar Hans Myklebust, greip ideen og sende oppmoding til alle skyttarlaga om å senda pengestønad, og premierløytnant Edvard Os reiste kringom i bygdene og heldt foredrag til inntekt for det påtenkte minnesmerket. Same hausten, i 1909, sette skyttarsamlaget ned ein bautakomite samansett av børsemakar Hans Myklebust (formann), kaptein Myklebust og kjøpmann Aasebø.

Steinen

"Sjeldan vil du sjå ein finare og større stein [---] Høg og breid stend han midt på ekserplassen, synleg langt utover fjorden." Dette skreiv Anders Lothe i Fjordabladet etter avdukinga. År 2001 står steinen på same staden, om enn ikkje så lett synleg som for nær 100 år sidan. Han er 8 meter høg med innskrift på begge sider. Øvst oppe, på framsida som vender mot tettstaden Nordfjordeid og fjorden, står det norske våpenmerket. Midt på står innskrifta: MINNE= * STEIN * FOR DEI * NORDFJOR= * DINGAR * SOM I * KRIGSAARI * 1807-14 * OFRA LIV * OG BLOD * FOR FRI= * DOM OG * FEDRA= * LAND. Og nede ved foten er innhogge ein laurbærkransa sabel.
På baksida er innhogge: NORD= * FJORDS * SKYTTAR= * SAMLAG * REISTE * STEINEN * 1914.
Bautaen er omkransa av fire kvadratisk plasserte kanonløp med lekkjer mellom.

Arbeidet med minnesmerket

Det gjekk fem år frå bautakomiteen vart nedsett til formannen kunne overlevera minnesmerket til Eid kommune. Det skulle skaffast stein og gamle kanonløp til hjørnestolpar for ei lekkje rundt steinen. Grunnspørsmålet måtte avklarast og vedlikehaldet sikrast for all framtid. Det siste medførde mykje korrespondanse med kommunale og sentrale styresmakter. Forsvarsdepartementet tok på seg å yta 25 kroner årleg til vedlikehald så lenge Nordfjordeid vart oppretthalden som eksersisplass, og Eid kommunestyre gjorde vedtak om å ta vedlikehaldet om og når eksersisstaden måtte bli nedlagd.
Emnet fann dei eit stykke oppi fjellet på garden Alsåker som ligg på sørsida av Eidselva, kring 4-5 km frå sentrum. Folk frå mellomskulen, fylkesskulen og skyttarlaget var med på arbeidet med å få steinen ned og på plass. Fyrst firte dei han tomme for tomme ned fjellsida til gjerdet mot innmarka og deretter frakta dei han vidare på hardt snøføre. Koren Wiberg i Bergen teikna innskriftene, og Johan Bortne, formannen i Selje skyttarlag, og broren hans Elias, stod for innhogginga og reisinga av steinen. Samla utgifter kom på 800 kroner, av dette kring halvparten gjeld.

Avdukinga

Minnebautaen vart avduka jonsokdagen, 24. juni 1914. Høgtida tok til kl. 6 om kvelden med fleire hundre menneske til stades og heile Nordfjords bataljon oppmarsjert. Oberstløytnant Sem Jacobsen heldt avdukingstalen. Han nemnde særskilt slaget ved Berby i 1808 og las opp namna på dei frå bataljonen som fall der. Bataljonsjefen slutta talen med ei inntrengjande påminning: - Måtte minnet om dei i krigen falne og såra nordfjordingane mana oss til å stå truge vakt om fedrelandet. Formannen i bautanemnda, børsemakar Hans Myklebust, overleverte deretter minnesmerket til Eid kommune ved ordførar kaptein Myklebust med fylgjande ord:
"Hr. Ordfører! Paa vegne av Nordfjords skyttersamlags 2600 skyttere overleverer jeg denne mindesten til Eids herred, med bøn om at stenen altid maa holdes i agt og ære, og at den altid holdes vedlike. Stenen er i første række et minde om dem som ofret sit liv for fædrelandet 1807-14; men den er ogsaa en maning til os, til de militære og til os skyttere, om at vi i likhed med de gjæve mænd 1807-14 vil ofre liv og blod for fridom og fædreland, om det maatte bli krævet."

Innvendingar

Det var meininga å få med namna på dei falne på steinen, men det synte seg uråd å få til. For det synte det seg umogeleg å skaffa fram ei komplett liste, og for det andre vart namnelista for lang til å hoggast inn i steinen. Komiteen tenkte seg som ei alternativ løysing å støypa namna inn på metallplater som så kunne plasserast og festast nede, men dette vart det heller aldri noko av.
Straks steinen var reist kom det kritiske innvendingar mot innskrifta. For det fyrste at ho avgrensa minnesmerket til berre å gjelda dei som miste livet, dei som ofra liv og blod. Kva med dei som var med i striden, alle "som låg ute", alle dei som vart såra og leid vondt? For det andre omfatta bataljonen på Nordfjordeid eit større område enn Nordfjord. Det mønstra jølstringar her, og soldatar frå Sunnmøre. Innskrifta burde omfatta heile bataljonsområdet, så lenge steinen vart reist på eksersisplassen.

Fjordane Forsvarsmuseum

I 1972 vart det sett punktum for Nordfjordeid som eksersisplass. Same året kom ideen opp om å skipa eit hærmuseum, og i 1981 vart Fjordane Forsvarsmuseum røyndom. På museumsområdet står fem bygningar. Utstillingane er delt opp i fem avdelingar: Nordfjordeid eksersisplass, vikingtida og bondevæpning på 1600-talet, tida 1807-1814, tida 1905-1914 og andre verdskrigen 1940-1945.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Blad. Fleire nummer. 1914. Nordfjordeid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR