Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. oktober 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om utvandring på Hogrenning i Lodalen



Sommaren 2002 var det stort slektsstemne på garden Hogrenning i Lodalen. Det vart avduka ein stein reist til minne om fem menn og ei kvinne som utvandra til Amerika. Ein av dei kom attende og vart bonde på heimegarden.

Gardstunet på Hogrenning sett frå nordvest. Husa på dei to bruka på garden ligg tett attmed kvarandre. Jens Hogrenning sitt bruk ligg lengst unna. Minnesteinen står bak det kvite våningshuset.

Gardstunet på Hogrenning sett frå nordvest. Husa på dei to bruka på garden ligg tett attmed kvarandre. Jens Hogrenning sitt bruk ligg lengst unna. Minnesteinen står bak det kvite våningshuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Steinen

Garden Hogrenning ligg på nordsida av Lovatnet, kring fem km inn frå vassenden. Minnesteinen om dei som reiste til Amerika frå bruk nr. 2 i åra 1869-1905 står i gardstunet. Han står i ein bakke mellom vegen og gardsplassen, og er 160 cm høg og kring 100 x 70 cm nede. På framsida er festa ei tekstplate 29,5 x 42 cm. Jens Hogrenning, bonde på garden 2002, fann steinen nede ved vatnet.

Avdukinga

Utvandrarsteinen vart høgtideleg avduka torsdag 6. august 2002 under ei slektssamling som vara i tre dagar. Plata var dekka av eit gammalt åkle frå garden og Jens Hogrenning og kona Hallfrid stod for avdukinga. Jens las eit dikt han sjølv hadde skrive etter eit besøk i Amerika. Under besøk på ein farm i Midtvesten fekk han ei sterk kjensle av korleis tankane hjå utvandrarane av og til kunne gå til gamlelandet. Verset står nedst på plata og lyder slik:

Og tunet der heime, eg ser det så klårt,
Og stova og hagen og alt som var vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
Og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Ein vart prest

Jacob Monsen Nesdal, fødd 1810, vart gift med Janikke Jensdotter Hogrenning (Hoffrenning) 19. juni 1842. Dei hadde fem born, men berre fire voks opp og alle utvandra. Den eldste, Mons, fødd 1845, kom heim att for å overta odelsgraden. Mons hadde to søner som reiste til Amerika, Andreas i 1899 og Bernt i 1905. Bernt var lærar då han reiste, og i Amerika vart han prest. I 1950 skreiv han eit brev til bygdebokskrivaren Jakob Aaland der han tok til orde for å laga ein kopi av steinkrossen ved Lo-kyrkja og senda til Amerika. "Det vilde bli et rigt og dyrebart minde fra Nordfjord, og være til hæder og ære for nordfjordingerne," slutta presten B. F. Hofrenning brevet sitt.

Gardsnamnet

Namnet Hogrenning (uttale med trykk på andre stavinga) finst skrive i mange former, t.d. Haugrennj (1340), Hugrenni (1401), Hugrendinge (1563) og Hoffrending (1667). Formene Hogrenning og Hoffrenning har vore og er brukt som slektsnamn eller etternamn.
Oluf Rygh omtalar namnet som eineståande, og gåtefullt med omsyn til kva namnet tyder. Det einaste ein kan seia om namnet er at det etter dei gamle formene kunne ha samanheng med verbet hugrenna, å koma på noko, koma i hug, tenkja på noko, men utan å kunna seia noko sikkert om kva som i så fall skulle liggja i dette.

kjelder:

Rygh, Oluf: Norske gaardnavne. Bind 12. Nordre Bergenhus Amt. Kristiania 1919.
Fjordingen. 14.08.2002. Stryn.
Informasjon frå:
Jens Hogrenning, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR