Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Gustav Indrebø



Gustav Indrebø, filolog, stadnamnekspert, målgranskar og målreisingsmann, døydde i 1942, berre 53 år gamal. Han voks opp i Sunnfjord og hadde heile livet nær tilknytning til Jølster. I Florø er det ei "Professor Indrebøs gate". I Årdal i Jølster vart det i 1955 reist ein minnestein.

Indrebøsteinen står på ei oppmura flate nett nedom riksvegen ved det gamle huset til sparebanken i Jølster. Den opne plassen ved minnesteinen vart tidlegare nytta til parkeringsplass, men etter at banken flytta til Skei, står det ikkje lenger bilar der.

Indrebøsteinen står på ei oppmura flate nett nedom riksvegen ved det gamle huset til sparebanken i Jølster. Den opne plassen ved minnesteinen vart tidlegare nytta til parkeringsplass, men etter at banken flytta til Skei, står det ikkje lenger bilar der.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Barndom

Professor dr. Gustav Indrebø var fødd i Samnanger, Hordaland 17.11.1889. Han var son til lærar Ludvig Johannes Indrebø frå Angedalen i Førde, og Severine Malene Gjertsdotter Frøysland frå Haukedalen i Førde. I 1892 vart faren lærar og klokkar i Jølster, og det var i bygda Årdal Gustav Indrebø levde dei fyrste barneåra sine. Ola Sandnes skriv om barndomen hans i Jol i Sunnfjord 1951:

" I den(ne) avstengde bygda med ei ageleg, storfelt nartur lærde han å kjenna ein rik og sermerkt bondekultur som hadde halde seg ubroten og frisk frå eldgamle tider. Der var gamle tun, sermerkt byggjestil og husbunad, gamal sed og skikk, bondekunst, segn og soge, folketonar og folkemusikk. Dei gamle tala jølstramålet klangfullt og reint med dativ og konjunktiv. Der fekk han eit sterkt og varande inntrykk av den bondekulturen som hadde overvintra under framandstyret.

Det var denne kulturen som han skulle bli den fremste talsmann og banebrytar for. Han rekna seg alltid for jølstring. Frå Jølster og Sunnfjord i det heile hadde han dei varigaste inntrykk. Dei var alltid grunnlaget for den sterke samkjensla hans med ætt og heimland. Der hadde han røtene for målet sitt. Dit søkte han tilbake i feriane sine og vann kraft og kveik til nye krevjande arbeidsoppgåver. Til Jølster reiste han også sjuk og trøytt siste sumaren han levde."

Utdanning

Etter sju år i Jølster og to på Sande i Gaular flytte familien i 1901 til Oslo. Indrebø tok eksamen artium på latinlina i 1908, lærarprøva i 1910, og filologisk embetseksamen med innstilling i 1917. Om hovudfagoppgåva hans, "Fagrskinna", sa sensorane at ho hadde høvd betre til avhandling for doktorgraden enn til oppgåve til embetseksamen. I 1925 vart han dr. philos på norske innsjønamn, og i 1930 vart han utnemnd til professor i vestlandsk målføregransking ved Bergens Museum og styrar for folkeminnesamlinga der.

Stadnamn

Gustav Indrebø gjorde eit banebrytande arbeid med stadnamn. Han fekk sett skuleborna kringom i landet i gang med samla inn kring 1 mill. stadnamn. Saman med professor Magnus Olsen og professor Edvard Bull skipa han i 1921 Norsk Stadnamnarkiv, som han sjølv vart styrar for, og som i 1939 vart ein sjølvstendig statsinstitusjon.
Det fyrste stadnamnarbeidet hans var doktoravhandlinga "Norske innsjønamn I. Upplands fylke" (1921), andre arbeid var "Stadnamni i ei fjellbygd (Haukedalen, Fyrde i Sunnfjord (1921), "Stadnamn frå Oslofjorden" (1929), "Fylke og fylkesnamn" (1931), og "Nokre fjellnamn i Sogn" (1936).

Målgransking og målreising

Gustav Indrebø byrja det vitskaplege forfattarskapet sitt med hovudfagsoppgåva "Fagrskinna". Seinare fylgde ei rekkje skrift av språkhistorisk karakter, t.d. "Gamal norsk homiliebok" (1931) på grunnlag av det eldste bevarte handskriftet av dette verket.
Indrebø gjorde seg sterkt gjeldande i målrørsla som føregangsmann for den tradisjonelle Aasenlina, - eit reint skriftspråk bygd på dei norske bygdedialektane.
Gustav Indrebø skapte ein omfattande litteratur i form av bøker, småskrift og artiklar. Bibliografien over prenta arbeid i Indrebø-biografien frå 1993 syner 205 nummer i perioden 1917-1990.

Siste reisa til Jølster

Gustav Indrebø gifte seg 12. januar 1918 med lærarinne Astrid Olsen, fødd i Kristiania 19. januar 1885. Dei fekk to born, Inger, fødd 14. desember 1918, og Knut fødd 15. mai 1921.
Då Indrebø saman med kona vitja Jølster, sommaren 1942, var han sjuk og måtte ha doktor. Han vart fyrst sendt til sjukehuset i Høyanger, deretter til Betanien sjukehus i Bergen. Det var svulst på hjernen, ingen kunne hjelpa. Gustav Indrebø døydde 3. august 1942. Han vart kremert i Bergen og seinare urnesett på Grefsen kyrkjegard i Oslo.

Minnesteinen

Det var Firda Mållag ved lærar Eirik Hjellbrekke som gjorde opptak til å få reist minnesteinen over Gustav Indrebø i barndomsbygda Årdal i Jølster. Minnesmerket, ei byste på granittsøyle, står nedmed Jølstravatnet. Bilethoggaren Dyre Vaa laga bysta og steinhoggaren Jørgen Solheimsnes frå Årdal laga steinsøyla.

Avdukinga

Indrebø-steinen vart avduka 24. juli 1955. Meir enn tusen menneske var tilstades. Rektor Severin Eskeland ved Stord lærarskule heldt avdukingstalen. Stardalen mannskor song ein song Eskeland hadde skrive til Indrebø sin 50-årsdag. Jølsterspelemannen Anders Viken hadde sett tone til songen.
"Minnesmerkjet er vakkert", skriv Inger Indrebø Eidissen, dotter til Indrebø, i biografien sin om Gustav Indrebø, som kom ut i 1993, "men det er noko hardt yver andletsdragi på bysta som er framandvore for meg.

kjelder:

Sandnes, Ola: Gustav Indrebø 1889 - 1942. I Jol i Sunnfjord. Førde 1951.
Norsk Allkunnebok. Bind 6. Oslo 1954.
Eidissen, Inger Indrebø: Gustav Indrebø - ei livsskildring. Bergen 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR