Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Landskapsmålaren J.C. Dahl - statue i Bergen



Landskapsmålaren J.C. Dahl er ein stad er omtala som "vor nationale malerkunsts fader". Dahl "høyrer til" Sogn og Fjordane på fleire måtar. Foreldra hans var frå Gulen, han gjorde fleire reiser i fylket og hadde opphald på garden Ytre Kroken i Luster. Godt kjende målarstykke med motiv frå Sogn og Fjordane er "Fra Fortundalen", "Fra Ytre Kroken" og "Vinter ved Sognefjorden". I 1902 vart det avduka ei statue av Dahl i Bergen.

Statuen av J.C. Dahl står i frontpartiet på museet for kunsthåndverk og design, KODE1. Bygningen er frå 1896, og er best kjent som Permanenten, ei forkorting for det opphavlege namnet Den permanente utstillingsbygning.

Statuen av J.C. Dahl står i frontpartiet på museet for kunsthåndverk og design, KODE1. Bygningen er frå 1896, og er best kjent som Permanenten, ei forkorting for det opphavlege namnet Den permanente utstillingsbygning.

Eigar: Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Datering: Ukjent.

Fotograf: Ukjend.

På Permanenten (KODE1)

Statuen av J.C. Dahl, avduka år 1902, har plass i nisje på framsida av Permanenten (KODE1), museet for kunsthåndverk og design. Statuen er vel to meter høg og er laga av bergenskunstnaren Ambrosia Tønnesen. Ein stad er kunstverket skildra med desse orda:

"Dahl er fremstilt sittende på en sten eller fjellrabb. Høyre fot er bøyet og plassert på et høyere nivå enn venstre som er mer utstrakt. Begge hendene hviler på lårene men den høyre strekkes litt fram. Ansiktet er vendt mot venstre og gitt et betraktende blikk."

Biografi i Norsk Allkunnebok

"Johan Christian Clausen Dahl (1788-1857), norsk landskapsmålar, fødd og oppvaksen i Bergen, der han gjekk i målarlære. Ved Lyder Sagens hjelp kom han til Akademiet i København, der han vann gjetord med dei norsk landskapa sine (..). Dahl reiste så til Dresden og studerte, og sidan som kronprins Christian Frederiks gjest i Italia. Dei klassiske, klåre landskapa der vart ei veldig inspirasjonskjelde for han."

"Frå 1821 hadde Dahl fast bustad i Dresden, vart professor der og fekk ein stor posisjon i tysk og europeisk landskapskunst. Men Dahl vart verande nordmann heile sitt liv, reiste på mange og lange studieferder i Noreg, og herifrå måla han og sine største og mest vidkjende bilete."

"Han gjorde opptaket til ei rekkje norske kulturinstitusjonar, som Nasjonalgalleriet, Kunstforeningen, Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring osb, og gjorde såleis ein innsats som kan jamstellast med Wergelands på det sosiale og litterære området. Dahl sette dessutan fram tanken om å restaurera Håkonshallen og Nidarosdomen, og han var den fyrste som skjøna kor verdfulle dei norske stavkyrkjene er."

"Tilhøva tvinga han til å arbeida utanlands, men han var meir norsk enn dei fleste heime. Hans storfelde og samstundes detaljrike landskapsskildringar av norsk høgfjellsnatur,Stugunøset,Stalheimo.a., høyrer med til dei mest verdfulle kunstskattane landet eig."

"Dahl var ein svært produktiv kunstnar som ved sida av hundretals større verk, let etter seg mange tusen studiar og skisser, som merkjer seg ut med uvanleg friskleik og kraft. Desse var laga på staden, men alle dei større arbeida er atelierverk. Dahl har dessutan ei makelaus evne til detaljrikdom utan at heilskapen og det storfelte i landskapet har gått tapt." (Så langt Norsk Allkunnebok)

Foreldra frå Gulen

Bygdeboka for Gulen har opplysningar om foreldra. Johan Christian Dahl var son til Claus Trulson (1754-1823) frå garden Nedre Opdal, Austgulfjorden i Gulen og kona i 4. ekteskapet, Lisbet Klausdotter Engeseter, oppfostra hjå Mons Rasmusson og Marte Jonsdotter, gardfolk på Øvre Opdal, bruksnummer 1, kalla Reina. Claus flytte til Bergen og vart 13.11. 1781 gift med Else Birgitte Olsdotter. Claus Dahl livnærte seg først som sjømann, seinare som fiskar og ferjemann. J.C. Dahl fortel i oppteikningar om faren at han var odelsgut, men brydde seg ikkje med å overta garden. "Han tok til Bergen og gjorde flere reiser som matros, baade i Middelhavslandene og til fjernere verdensdeler."

Dahl var den nest yngste i ein stor barneflokk. Familien levde i svært trange kår. Faren døydde i 1823 som gamal og blind mann i "Søfarendes Fattighus".

Reiser i Sogn

J.C. Dahl gjorde i alt fem studiereiser i Noreg, den fyrste i 1826. Frå Kristiania hadde han fylgje med Mathias Eckhoff, lærar ved krigsskulen og ein god kollega og ven av Gerhard Munthe som på denne tida budde på garden Ytre Kroken i Luster. Dei kom til Kroken og her vart Dahl verande i tre veker og reiste rundt i Indre Sogn med skisseblokka si. Han var og ein tur utover til Slinde der han teikna skisser av Slindebjørka og bautasteinar som endå stod i bygda.

Olav Hoprekstad

Skulemannen og forfattaren Olav Hoprekstad frå Vik i Sogn skreiv i 1938 eit stykke i eit minneskrift om Gulatinget. I samband med nasjonal vokster først på 1800-talet, nemnde han to menn med røter i Gulen:

"Tvo av dei to mennene som var med og kveikte til ny sogetid her i landet var frå fjordane nær Gulen. Det var Henrik Wergeland og I.C. Dahl. (..) Far til I.C. Dahl var frå Opdal i Gulen her. Og sonen fekk den norske naturi i hugen og blodet. Han vart den største kunstmålaren i fyrre hundradåret [1800-talet], og den som like til no hev sett djupast i norsk natur. Han skapte dikt om landet vårt og naturi vår på lerreftet so det lyser og lær, og manar og lokkar den dag i dag. Og han slo til ljod for å verna om gamle minne om stordomstider, til æreauke for folket."

Jens Thiis

Til slutt tek me med kunsthistorikaren Jens Thiis sine ord om J.C. Dahl i verketNorsk Kunsthistorie,1927:

"Ingen norsk maler fortjener mer at bli fremhævet i vor nyere malerkunsts historie end selve denne "vor nationale malerkunsts fader", JOHAN CHRISTIAN CLAUSSØN DAHL. For ikke bare i tid, men ogsaa efter sin kunstnerrang staar han i aller forreste række, en fornyer og gjenføder av sin tids kunstopfatning, og den mest geniale tolker av norsk natur som vor malerkunst har eiet."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk kunsthistorie. 1927.


Bergens Aftenblad. 16.05.1902.


Hoprekstad, Olav: Olav Hoprekstad i skriftet Gulatingsstemna. Til minne um tusen år gamal rettsskipnad. 1938.

PERMANENT IDENTIFIKATOR