Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestøtte ved Gulsvik om krigshending



Den 25. og 26. april 1940 gjekk tyske styrkar til åtak på ei norsk forsvarsstilling ved Gulsvik i Hallingdal. Ingvald Jakob Oppedal frå Viksdalen i Gaular var ein av tre nordmenn som fall i trefninga. I 1995 reiste Flå kommune ei støtte til minne om hendinga.

Minnestøtta ved Gulsvik, reist 8. mai 1995.

Minnestøtta ved Gulsvik, reist 8. mai 1995.

Eigar: Johannes Oppedal

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Innskrifta på minnestøtta

På minnestøtta står denne innskrifta:
TIL MINNE OM DE * MILITÆRE TREFNINGER * VED GULSVIK * DEN 25. APRIL 1940.
De norske styrkene bestående av * et kompani fra IR 9 under ledelse * av kapt. Arthur R. Hauge * hadde forskanset seg * i dette området for å forsinke * videre tysk framrykking * i Hallingdal.
STØTTEN ER REIST AV * FLÅ KOMMUNE. * I ANLEDNING 50 ÅRSMINNE * FOR FRIGJØRINGEN * DEN 8. MAI 1995.

Minnedikt

E. K. Hilde skreiv i 1947 eit minnedikt om dei falne i Flå. Det handlar om den militære styrken som kom til bygda og gjekk i stilling ved Gulsvik bru for å møta fienden, om dei to som fall, og om minnesmerket som vart sett på grava deira. Om Ingvald Jakob Oppedal står det i tredje verset:

Hit kom de sent en aprilnatt,
mens bygden sov
så tok de vakt
og stod der til de falt,
- til bomben falt
og krevet sitt
det første offer det var gitt
ved fenrik Ingvald Oppedal.

Kort om trefninga ved Gulsvik

Eit kompani frå IR 9 vart torsdag 11. april sendt over til Austlandet frå Voss. Styrken skulle rykkja ned Hallingdalen for å seinka den tyske framrykkinga nordover. Om kvelden fredag 12. april kom styrken (Hallingdalsgruppa) til Gulsvik og gjekk i stilling like nord for Gulsvik stasjon. Oppedal var med i ein mitraljøsetropp. Den 25. april kom det tyske åtaket. Nordmennene beit godt frå seg, men med berre gevær og mitraljøser mot fly og stridsvogner, var utfallet gitt. Dei heldt stillinga si til midnatt, og trekte seg då attende til Flå der det vart trefningar dagen etter. Tre nordmenn fall ved Flå. Om ettermiddagen vart dei norske styrkane omringa, og måtte gje opp.

kjelder:

Bragstad, Jakob: Fjordane infanteriregiment nr. 10. I gamal og ny tid. 1996.
Oppedal, Johannes: Ingvald Jakob Oppedal. Ein soldats liv frå vogge til grav. Hefte, udatert.
Firda. 11.01.1947.

PERMANENT IDENTIFIKATOR