Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. november 2008

Sist oppdatert 23. november 2018

Kategori

Minnestein om brøytestikka



På rasteplassen Svidalsneset attmed Jølstravatnet står det ein minnestein om "den første brøytestikka i Noreg". Det var vegoppsynsmann John G. Aase frå Skilbrei i Gaular som skal ha kome på ideen om å setja opp bøyelege brøytestikker for snøbrøyting med motorkøyretøy. Minnesteinen var avduka 4. juli 2008.

Frå avdukinga, fredag 4. juli 2008. Henning Rivedal held avdukingstale. Per Birger Lomheim (Statens vegvesen, til venstre) og Jostein Bye (Jølster kommune) flankerer steinen.

Frå avdukinga, fredag 4. juli 2008. Henning Rivedal held avdukingstale. Per Birger Lomheim (Statens vegvesen, til venstre) og Jostein Bye (Jølster kommune) flankerer steinen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen

Det går ein hellegang frå parkeringsplassen på Svidalsneset bort til minnesmerket. Steinen er er av skiferbergart i lys farge. Han er kring 250 cm høg, og kring 80 cm x 15 ved rota. Sidene går jamt  opp mot ein skrånande topp. Ei metallplate med informasjon er festa i lesehøgd. Det står:
 

Den første brøytestikka i Noreg
The first roadside snow marker in Norway

Dei første brøytestikkene i landet
vart tekne i bruk på
vegstrekninga mellom
Støfring og Hegrenes i Jølster.
Vegoppsynsmann John G. Aase,
fødd 7. mars 1886 i Gaular,
tok brøytestikkene i bruk vinteren 1928-1929.
John G. Aase vart med det "brøytestikka sin far."

Brøytestikkene gjorde det lettare
å finne att den nedsnøa vegen for
dei som skulle brøyte.
Oppfinninga har hatt mykje å seie
for trafikktryggleiken sidan.

Denne minnesteinen er sett opp med støtte frå
This memorial stone has been raised with the support of the following:

Firda Billag [] Sparebanken Sogn og Fjordane [] Firda media [] Motorførernes Avholdsforbund


 

Avdukinga

Minnesteinen blei avduka fredag 4. juli 2008. Kring 50 personar var til stades og Jostein Aase, son til John G. Aase, var med som æresgjest. Henning Rivedal heldt avdukingstalen og ordførar Gerd Dvergsdal stod føre avdukinga. Elles hadde Per Birger Lomheim frå Statens Vegvesen programinnslag og Gro Marie Svidal spelte fleire nummer på fele. Direktør Bjørn Nordberge gjorde stas på avdukinga ved å vera tilstades med Firda Billag sin 7 seters Adler frå 1912.

Avdukingstalen

Henning Rivedal hadde i talen sin lagt inn mykje om den historiske bakgrunnen for å reisa minnesmerket om brøytestikkene. Talen er her attgjeven i heilskap etter manuskript.

Brøytestikka får monmentet sitt på Svidalsneset.

Frå 1. januar 1928 tok staten over ansvaret for riksvegar i Noreg. Dette er såleis ein merkedag i norsk veghistorie og hendinga skulle få mykje å seie for utviklinga av samferdsla i landet vårt. Det statlege organet som fekk det konkrete ansvar for å riksvegane fekk namnet Statens vegvesen. I år [2008] er det 80 år sidan dette hende.

I Sogn og Fjordane vart det dette året oppretta 8 riksvegsamband med Vadheim – Sande – Førde – Jølster – Sandane som det største og viktigaste fordi det var det einaste som batt saman dei tre fogderia Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Frå Vadheim gjekk varer med Dampen enten inn fjorden til Lærdal og vidare på veg over Filefjell eller til Bergen.

Statens vegvesen gjekk straks i gang med å profesjonalisere vedlikehald og bygging av vegar. Mellom anna gjekk det ut melding om at alle grindar måtte fjernast snarast. Arbeidet tok likevel 6-7 år på riksvegane og mykje lenger på gards- og grendevegane.

Kåre Myklebust skriv i boka På hjul, bilen i Sogn og Fjordane 1901 - 2007 at i 1920 var det 45 motorkøyrety her i fylket. Talet auka til 96 i 1925 og 402 i 1930. Ut frå desse tala kan vi vel rekne med at det i 1928 var rundt 300 motorkøyrety i Sogn og Fjordane.

Det var med eit slikt bakteppe at vegoppsynsmann John G. Aase vinteren 1928/29 tok til å setje ut sjølvlaga brøytestikker på vegstrekninga Støfring – Hegrenes langs Jølstravatnet. Bakgrunnen for ideen var at mange køyrde utfor vegen vinterstid etter at snøen hadde lagt seg.

Ideen til John G. Aase vart fort lagt merke til av andre og i 1931 vart brøytestikker for første gong omtalt i Meddelelser fra Veidirektøren. Det som har vorte ståande som eit faktum er at John G. Aase frå Åse i Gaular var Brøytestikka sin far. No snart 80 år seinare skal vi i dag avduka denne bautasteinen over brøytestikka og far hennar her på Svidalsneset rasteplass. Kostnadane med steinen som entreprenør Arild Viken sette opp og minneplata som Askvoll Skiltgravering har laga, er dekka med tilskot frå Firda Billag, Sparebanken Sogn og Fjordane, Firda Media og Motorførernes Avholdsforbund.

Det har hendt mykje på 80 år. I dag kan vi ikkje tenkje oss ein dag utan brøytestikker vinterstid. Det er så sjølvsagt at vi knapt kan førestelle oss at brøytestikka måtte finnast opp. Slik er det med hjulet, skia og andre slike sjølvsagde oppfinningar også, men ein gong vart også dei funne opp.

John G. Aase var fødd i 1886 og hadde vore i USA i sin ungdom. Der styrde han eit stort sagbruk. Truleg hadde han vorte amerikanar viss ikkje kona hadde nekta å flytte til USA. Difor fekk han seg jobb ei tid som styrar på ein tønnefabrikk i Førde. Seinare tok han til som vegvaktar og oppsynsmann i Statens vegvesen i tillegg til å drive garden på Skilbrei i Gaular.

Det var slik at vegoppsynsmenn i vegvesenet på denne tida fekk seg tildelt parsellar på vegen som dei hadde ansvar for. Aase skulle ha strekninga Støfring – Hegrenes forbi Ålhus. Den var rekna som ei av dei verste vegstrekningane på det som då var den nye navlestrengen over land i fylket; vegen frå Vadheim til Førde og vidare langs Jølstravatnet til Sandane.

I løpet av få år arbeidde John G. Aase opp strekninga Støfring – Hegrenes til å bli ei av dei beste på heile vegen.

På slutten av 1920-talet hadde trykket for å få til meir vintertrafikk på vegane etter kvart blitt betydeleg. Framleis var det dårleg utstyr til å brøyte med. Hest og heimelaga treplogar var eit alternativ. Eit anna var bilar med jernplog. Men for at slike køyredoningar skulle kunne bli effektive, var det ein føresetnad at sjåførane kunne sjå kvar vegen gjekk.
Der kom brøytestikkene til John G. Aase inn som det forløysande element. Vi kan til dømes nemne at vegen over Hemsedalsfjellet var vinterstengd fram til 1936. Då tok dei til å eksperimentere med brøytestikker og kraftig materiell, men det tok endå nokre år før vegen vart nokolunde å stole på som open vinterveg.

Ein av dei mange legendariske bussjåførane i Firda Billag fram gjennom tidene var Olai Farsund. I 1949 skreiv han:
”Jo, Hr. Aase, jeg kan attestere for at du var den første som satte plogstikker på vegkanten, og at disse plogstikker var om vinteren til stor hjelp og retledning for oss som kjørte bil i usiktbart veir, og selvfølgelig var de til stor nytte for plogbilen”.

Amanuensis Anne-Mette Nielsen ved Norsk vegmuseum kom til same konklusjon i Årbok for Norsk vegmuseum i 2003:
”…regner vi dermed at John G. Aases oppfinnelse fra 1928; bøyelige brøytestikker, var en nyhet som ikke kom i vanlig bruk over hele landet før etter den periode vi har undersøkt.” Nielsen støttar seg til ”Meddelelser fra Veidirektøren 1920-35”. Der er brøytestikkene for første gong omtalt i 1931.

John G. Aase hadde evna til å sjå praktiske løysingar på utfordringar. Dette gjorde han til ein mykje avhalden mann. Som syning [vegoppsynsmann] var han svært populær fordi han var flink å planleggje, samtidig som han kunne ta eit tak saman med arbeidsfolka sine, og vise korleis dei best skulle utføre arbeidet.

Det første veganlegget langs Kjøsnesfjorden hadde John G. Aase som oppsynsmann. Sonen Jostein Aase som er her i dag saman med familie og vener fordi han feirar 80-årsdag i morgon, fortel ei historie som syner statusen til faren hjå bøndene langs denne armen av Jølstravatnet:

”Ein gong eg var på besøk der inne kom det på tale om vegen langs fjorden. Då dei oppdaga at eg var son til John G. Aase, kom ein av dei med ein stor geitost på fleire kilo som eg skulle få som ei takk og helsing til far min for det store arbeidet dei meinte han gjorde med den vegen.”

Kvardagsheltar er lette å gløyme. Særleg når dei finn på noko som i ettertid vert oppfatta som så sjølvsagt at ”Gud og kvarmann kunne funne på det.” Nettopp difor er det viktig å reise ein bauta over brøytestikka og ”far” hennar John G. Aase og eg vil be ordførar Gerd Dvergsdal i Jølster om å komme fram for å stå føre avdukinga.
 

Merknad

Kort tid etter at brøytestikke-steinen var reist, hadde Ingemar Nordstrand frå Hyllestad ein merknad til dette at det med minnesteinen på Svidalsneset var"slege fast" at "brøytestikka vart oppfunnen i 1928." ¨

Nordstrand stilte det kritiske spørsmålet: "Men er brøytestikka "oppfunnen"? Eller kom ho rekande på ei historisk fjøl, alt etter vinterleg behov kringom i fylket vårt - og vårt vidstrakte vinterland?"

Nordstrand viste til at han hadde kome over ei innførsle i møteboka til kommunestyret i Hyllestad om "snestikker" i Hyllestad fleire år før brøytestikkene langs Jølstravatnet, nemleg:

10. januar 1914: "Om bevilgning til snestikker over fjellet ved Øvreaas og Alefjell langs vegen [Den trondhjemske postvei] Enst. beslutning: Det fornødne beløp til paakrevede snestikker (..) udredes av Veikassen. Det henstilles til rodemesteren at ordne det nødvendige til snestikkernes opsætning."

Til slutt i merknaden sin skriv Nordstrand at spørsmålet om når dei første brøytestikkene vart tekne i bruk, er eit definisjonsspørsmål. ".. brøytestikka i Jølster frå 1928 har kanskje med snøbrøyting av bilveg å gjere", skriv han.

kjelder:

Firda, 07.08.2008