Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over falne i Eivindvik



Gulen kommune har fire minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Ein står på Byrknesøy, ein på kyrkjegarden ved Mjømna kyrkje, ein på gravstaden i Indre Oppedal, og ein ved kyrkja i Eivindvik. På minnesteinen i Eivindvik står 16 namn.

Minnesteinen over falne i Eivindvik står like ved porten inn til kyrkja. Det står innhogge 16 namn, alle frå dåverande Gulen kommune som fall i andre verdskrigen.

Minnesteinen over falne i Eivindvik står like ved porten inn til kyrkja. Det står innhogge 16 namn, alle frå dåverande Gulen kommune som fall i andre verdskrigen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen i Eivindvik står på ein open plass ved inngangsporten til kyrkja. Det er ein prismeforma, vel to meter høg stein. Øvst står innhogge: DESSE FALL I KRIGSÅRA * 1940-1945. Så kjem namna på dei falne oppsette i rekkefølgje etter kva tid dei fall. (Biografiane nedanfor står ei same rekkefylgje.) Under namna står: GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND. Nedst på steinen er eit fredssymbol, same symbol som på ein minnestein over falne ved Dale kyrkje i Fjaler.

Reist 1947

På minnesteinen står 16 namn, alle falne frå dåverande Gulen kommune. Av dei 16 var ni sjøfolk i utanriks fart, fire var i marinen, to fall under feltoget i Valdres, og ein vart dødsdømd og avretta ved skyting.
Minnesteinen var avduka søndag 3. august 1947. Ei stor folkemengd var til stades. Major Skåtun heldt avdukingstalen, og eit mannskap frå marinen stod æresvakt.

Biografiar i Våre falne

KROSSVOLL, KLAUS, maskinist, Gulen. Født 17. desember 1918 i Gulen, s. av Ola Klausen Krossvoll, f. 1885 i Gulen, d. 1920 s. st., og Sygni Sørensdatter f. Kjelby, f. 1888 s. st. Middelskole. Var maskinist på svensk d/s Rudolf, og omkom 3. desember 1939 da skipet sank etter eksplosjon forårsaket av mine eller torpedo utenfor Englands kyst.

FÆRØY, EDVIN, gardsarbeidar, Gulen. Fødd 30. juli 1917 i Gulen, s. til Andrias Færøy og Johanne, f. Juvik. Var gardsarbeidar og fiskar. Fall i stridane i Valdres 20. april 1940. Gravlagd på Rutle kyrkjegard i Gulen.

BYRKNES, KONRAD KRISTOFFERSEN, fiskar, Gulen. Fødd 7. mai 1915 i Byrknesøy, s. til Kristoffer Kolbensen, f. 1889 i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinusen, f. 1884 i Fedje. Gift i Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdatter Nordheim, f. 1917 i Gulen. 1 barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres 20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje.

BYRKNES, GUNNAR MIKALSEN, sjømann, Gulen. Fødd 11. mai 1918 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var motormann på m/s Norne og sette livet til 1. august 1940 då skipet vart torpedert utanfor Pentland Firth. Broren Adolf miste livet på sjøen i 1941.

BYRKNES, ADOLF, sjømann, Gulen. Fødd 2. juni 1921 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var fiskar til han drog til sjøs 1939. Gjekk i alliert teneste. Sette livet til 2. mars 1941 då d/s Augvald vart torpedert i Nord-Atlanteren. Broren Gunnar miste livet på sjøen 1940.

TAKLE, IVAR, fyrbøter, Gulen. Født 19. september 1900 i Brekke i Lavik, s. av Ola Nes, d. 1940 i Brekke, og Ingeborg f. Takle, f. 1872, d. i U.S.A. Var fyrbøter på d/s Diana som gikk fra Milford Haven 26. september 1940 og forsvant på reise til Plymouth. Vrakgods fra skipet drev i land 7. oktober 1940.

VILLESVIK, JAKOB AMANDUS, lettmatros, Gulen. Født 7. februar 1918 i Gulen, s. av Nikolai Råke, f. 1897 i Solund, og Matilde f. Villesvik, f. 1894 i Gulen. Var på d/s Samnanger og omkom 21. desember da skipet ble torpedert av tysk u-båt i Sør-Atlanterhavet, på reise fra Oban til Sierra Leone. (Merknad: Sjå b-tekst under bilete av skipet).

SANDE, HARALD AUGUST, fyrbøter og donkeymann, Gulen. Født 12. november 1909 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande, f. 1884, og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge Gulen. Var flere år lemper og fyrbøter i lokalfart, og dro i utenriksfart 7. april 1940. Seilte i alliert tjeneste, og omkom 13. mars 1941 da d/s Samlanes ble minesprengt ved Lizard Head, Cornwall. Broren Adolf omkom 1941.

SANDE, ADOLF LEONARD, tømmermann, Gulen. Født 28. september 1913 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande, f. 1884, og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge Gulen. Begynte som sjømann på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, og dro i utenriksfart i 1938. Seilte i alliert fart til han falt overbord og druknet 26. februar 1941 under en storm, da skipet var på vei fra Bermuda til Europa. Broren Harald omkom 1941.

MIDTTUN, JOHAN, ingeniør Sandefjord. Født 10. juli 1891 i Gulen, s. av Otto J. Midttun, f. 1854 i Gulen, og Nikoline f. Mølmedal, f. i Lavik. Gift 1917 i Bergen med Sophie Charlotte, f. 1891. Teknisk skole, motorkurs. Drev spionasjevirksomhet og sendte opplysninger til de norske styrker i England. Ble arrestert 15. mars 1941 og skutt på Akershus 4. desember s.å. Broren Hjørleiv omkom 1942.

MIDTTUN, HJØRLEIV, radiotelegrafist, Fana. Født 13. juni 1907 i Gulen, s. av Otto J. Midttun, f. 1854 i Gulen, og Nikoline f. Mølmedal, f. i Lavik. Gift 1938 i Nesttun med Ellina Forthun, f. 1912 i Bergen. Folkehøgskole, radioskole. Var radiotelegrafist på fl/k Kosmos II, som da krigen brøt ut, gikk til England og senere seilte i alliert fart. Omkom 28. oktober 1942 da skipet ble torpedert på vei fra New York til Clyde. Broren Johan ble skutt 1941.

SLETTEN, PEDER REIDAR, dekksmann, Gulen. Fødd 27. januar 1921 i Gulen, s. til Bertin Bergesen Sletten, f. 1889 i Lindås, og Anna f. Pedersen, f. 1887 i Gulen. Dreiv gardsarbeid og fiske og hjelpte flyktningar å koma over til England. Måtte sjølv røma til England 1941 og kom inn i Den norske marine. Sette livet til 18. november 1942 då korvetten Montbretia krigsforliste i Atlanterhavet.

BIRKNES, OLAV LEONARD, sjømann, fisker, Gulen. Født 7. desember 1906 s. st., s. av Karl Severin Endresen, f. 1871 i Gulen, og Martha f. Torbjørnsdatter, f. 1870 i Bremnes. Var matros på m/s Uranus av Bergen. Dro til Shetland på en motorskøyte i mai 1941, tok med seg en gestapist fra Bergen. Kom inn i Den norske marine. Omkom 22. april 1943 på tilbakeveien til Shetland etter et tokt på norskekysten med motorskøyta Gullborg.

BYRKNES, GEORG NORVALD, fiskar, Gulen. Fødd 9. oktober 1921 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. Drog til England 1941 og gjorde teneste i Den norske marinen der. Sette livet til 4. januar 1941 då minesveiparen Bodø gjekk på ei mine utanfor Aberdeen etter tokt på norskekysten. Omtala saman med brorenArtur i Bergens Tidende i januar 1945.

BYRKNES, ARTHUR, fiskar Gulen. Fødd 1. september 1917 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. Var med i kampane i Valdres 1940. Drog til England 1941 og vart send i serleg ærend frå Scalloway på Shetland til Noreg. Kom bort med skøyta Sandøy på veg til Noreg i desember 1942. Båten vart truleg søkkt av tyske fly utanfor Træna. Omtala saman med broren Artur i Bergens Tidende i januar 1945.

BYRKNES, ENDRE BERNHARD EINEBÆRHOLM, fyrbøtar, Gulen. Fødd 26. januar 1918 i Gulen, s. til Kristoffer Einebærholm, f. 1889 i Gulen, og Anna f. Birknes, f. 1894 s. st. Drog til sjøs 1939, og var ute under heile krigen i handelsflåten. Var med på tre torpederingar, to gonger 1940 og ein gong 1943. Miste livet 27. februar 1946 på d/s Hodnaberg då skipet gjekk ned utanfor Hals ved danskekysten etter minesprenging. Gravlagd i Gulen. Omtala i Redningsbaaden nr. 5, 1946.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte [..]. Bind 1. Oslo 1976.
Avisa Firda. 08.08.1947. Førde.
Austgulen, Ingolf: Krigsminner frå Gulen og Brekke. 88 s. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR