Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesmerket over mannen som bygde Lærdal sjukehus



I 1966 gjekk administrerande overlege Rolf I. Christophersen ved Lærdal sjukehus av for aldersgrensa. Christophersen døydde i 1982 og to år seinare vart det reist eit minnesmerke ved sjukehuset. På postamentet står skrive: Takk og vørdnad for di store livsgjerning for helseteneste og sjukehus frå 1922 til 1966.

21. september 1984: - Eit takkens symbol til eit stort livsverk, sa ordførar Anders Lunden då han avduka minnesmerket over Rolf I. Christophersen.

21. september 1984: - Eit takkens symbol til eit stort livsverk, sa ordførar Anders Lunden då han avduka minnesmerket over Rolf I. Christophersen.

Eigar: S/SA Sogningen Sogns Avis

Datering: 21.09.1984.

Fotograf: Ukjend.

Personopplysningar
Lege Rolf Ingemann Christophersen (fødd 31.10.1895) var son til lege Peder Adolf Christophersen (fødd 16.09.1865) og Aagot Amundsen (fødd 18.06.1870). Han var gift med Bergljot Brekke (1893-1966), dotter til skipsførar Andreas Wilhelm Brekke (1851-1929) og Maren Anna Christine Hauw (1852-1929). Dei hadde to born. Christophersen døydde i Lærdal 16.05.1982.

Rolf Christophersen kom til Lærdal i 1922 som distriktslege. Distriktet omfatta kommunane Lærdal, Borgund og Årdal. Han engasjerte seg straks i arbeidet med å byggja ut sjukestova i Lærdal til sjukehus, og tok spesialutdanning i kirurgi. Då sjukehuset opna i 1930, vart Christophersen administrerande overlege og kirurg samstundes som han heldt fram som distriktslege. Dessutan hadde han regelmessige turar til Luster sanatorium for tuberkulosesjuke. Han gjekk av for aldersgrensa i 1966, og sonen Per Jerving over

tok som administrerande overlege ved sjukehuset.
Rolf Christophersen fekk utmerkinga Riddar av St. Olavs-ordenen "for fremragende medisinsk virke."

Alltid viljug til å hjelpa
Rolf Christophersen døydde 16. mai 1982. I minneord skreiv Per Hjermann mellom anna dette:
"Det som karakteriserte overlege Christophersen var at han, meir enn nokon annan eg kjenner, sette det han såg som si plikt i første rekkje, same mest kva det kosta han sjølv. Som distriktslege var han viljug til å hjelpa til alle tider på døgnet. Og som einaste kirurg i distriktet frå 1930 til 1966 hadde han i røynda kontinuerleg vakt på sjukehuset dag og natt i alle år bortsett frå feriane. Ja, sjølv ferien brukte han svært ofte til vidareutdaning i alt nytt som kom i faget."

"Me som vart hans venner, lærde han å kjenna som eit uvanleg interessant og festleg menneske. Hans forteljarkunst og historier liva opp i alt samver. Utanom sitt yrke hadde han sterke kulturelle interesser. Musikk, litteratur og alle former for kunst betydde mykje for han, og han sa sjølv at det var der han henta kraft og inspirasjon til det daglege arbeid."

Minnesmerket
Det var kommunane Lærdal og Årdal, saman med Indre Sogn Sparebank, som reiste minnesmerket etter initiativ frå tidlegare banksjef Thomas Hæreid. Hæreid lanserte idéen på ei samkome i Indre Sogn Sparebank i desember 1982. Ideen fall i god jord og det vart vald ei nemnd med styreleiar i banken, Aud Prestegård (leiar), og dei tidlegare ordførarane Jørgen O. Vee (Årdal) og Anders Lunden (Lærdal) til å stå føre arbeidet. Nemnda ynskte ein skulptur som kvar og ein kunne sjå kven skulle vera. Etter kontakt med Norsk Bilethoggarforbund vart kunstnaren Eiliv Mikkelsen engasjert.

Som takk og til påminning
Minnesmerket vart avduka fredag 21. september 1984 og det var tidlegare ordførar Anders Lunden som heldt avdukingstalen. Om kvifor minnesmerket var reist, sa han:

"Når me i dag har fått reist eit minnesmerke så skal det vera eit takkens symbol til mannen for livsverket hans og for at han sette alle sine krefter inn på å få ein institusjon til bate for menneska. Det skal vera ei påminning til dei som kjem etter oss at her var ein mann som kjempa og vann. Det skal óg vera ei påminning til å ta vare på verket slik at det også i framtida kan vera til nytte og glede."

Overleverte til fylkeskommunen
Etter avdukinga overleverte Jørgen O. Vee minnesmerket til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kontorsjef Knut Henning Grepstad tok imot og sa i takketalen sin at fylkeskommunen var stolt og glad for å ta over ei slik gåve, eit minnesmerke over ein svært trugen og dyktig medarbeidar. - Rolf Christophersen var ein av dei som meir enn nokon annan skjønte at personleg innsats var nødvendig for å få sjukehus i Indre Sogn, sa Grepstad.

Fyrste fylkessjukehuset opna i 1930
Det nye fylkessjukehuset i Lærdal vart offisielt opna torsdag, 6. mars 1930 med nær 800 menneske tilstades. Formannen i byggjenemnda, Nils Lysne, ynskte velkomen og Christophersen gav ei orientering om sjukehussaka i Lærdal, like frå tanken kom opp kring århundreskiftet 1900, til det nye sjukehuset stod ferdig til å takast i bruk. Den gamle sjukeheimen var "bygd inn" i den nye bygningen. Arkitekt Johan Lindstrøm hadde laga teikningane. Fylkesmann Christensen tok i mot sjukehuset på vegner av fylket.

Om ettermiddagen heldt Lærdal kommune festmiddag for innbedne gjester på Lindstrøm Hotel. Ordførar Skjær var festleiar.

Om Rolf Christophersen ved opninga
Mange fekk rosande ord då det nye sjukehuset vart opna. Ordførar Skjær uttalte til ei av avisene at - "uten hans kloke og iherdige arbeide hadde det ikke blitt reist."

Redaktør Richard Knoff (Sogningen, Vik) skreiv om Christophersen under overskrifta "En skapende vilje. - Dr. Christophersen har ikke sparet sig paa nogen kant. Han har gjort sykehuset til en livssak for sig."

Under festen på Lindstrøm Hotel fall det mange lovord, "- og framum alt vart distriktslækjar Christopersen hylla varmt og sterkt som reisingsmannen", skreiv Sogns Tidend, Sogndal, i sin reportasje.

Fylkesmann Christensen heldt tale for dr. Christophersen, " - hvis indsats avkrævet en den største respekt. Han bad samtlige være med at drikke en skaal for distriktslegen.

Delte æra med medarbeidarane
På opningsfesten takka Christophersen for alle hjartelege og rosande orda som han meinte i endå høgare grad tilkom medarbeidarane sine. Han framheva det dugande arbeidet som var utført av arkitekt Lindstrøm, byggmeister Hestetun, kommandersersjant Lysne og "oversøsteren" (ikkje namn i avisreportasjen). Ingen hadde spart seg, og difor hadde resultatet blitt så tilfredstillande.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane. 05.03.1980.02.06.1982, juni 1984.
Sogn Dagblad. Mars 1955.
Sogningen Sogns Avis. 26.09.1984.
Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. Bergen 1938.
Sogns Tidend. 08.03., 12.03.1930.
Sogns Avis.11.03.1930.
Sogningen. 07.03., 11.03.1930.
Opplysningar frå:
Jan Christian Jerving, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR