Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Thor Solberg-statuen



På Florø Lufthamn står ei statue av ein tettbygd 40-åring. Mannen ser mot skyene, og er ved å fullføre sin ungdoms draum: Å flyge frå Amerika til Noreg over Leiv Eriksson sitt kjølvatn.

Thor Solberg har landa med "Leiv Eiriksson" utanfor heimestøa på Solberg, og tek foreldra, Gunhild og Simon Solberg, med på deira aller første flytur. Sjølv står atlanterhavsflygaren i kvite skjorteermar på eine flyvengen og held opa døra for dei.

Thor Solberg har landa med "Leiv Eiriksson" utanfor heimestøa på Solberg, og tek foreldra, Gunhild og Simon Solberg, med på deira aller første flytur. Sjølv står atlanterhavsflygaren i kvite skjorteermar på eine flyvengen og held opa døra for dei.

Eigar: Sigurd Solberg.

Datering: 1935.

Fotograf: Sigurd Solberg.

Mannen og draumen

Mannen er Thor Solberg, ein nær ven av Roald Amundsen, og nemnd i same andedrag som flypionerane Trygve Gran og Bernt Balchen. Han var fødd på garden Årebrot i dåverande Kinn kommune, no Flora kommune, 25. mars 1893, som den neste eldste i ein syskenflokk på elleve, og hadde tidleg ein draum om å lære seg å flyge.

Åra gjekk, men draumen sleppte ikkje taket. I 1910, 17 år gamal, reiste han til Bergen og fekk seg arbeid m.a. som råmemakar. Han sparte pengar og prøvde å lære det han kom over om flyging, og i 1919 tok han flysertifikat. Roald Amundsen rådde han til å reise til Amerika. Det skjedde i 1925. I 1928 tok han flysertifikat av første klasse, og kjøpte første flyet sitt. Det viste seg å vere eit "mandagsfly" av verste skuffe. Solberg gjennomførde ikkje mindre enn 25 naudlandingar med denne maskina.

"Leiv Eiriksson"

Etter eit mellomspel kjøpte han i 1932 sitt tredje fly. Med dette gjorde han første forsøket på å flyge frå New York via Labrador, Grønland, Island, Færøyane til Noreg. Det kunne blitt slutten. Ved New Foundland isa flyet ned, krasja og han tapte alt han åtte. Dette ville knekt dei fleste, men ikkje Thor Solberg. I 1934 hadde han reist kapital til å kjøpe sitt fjerde fly, eit ein-motor amfibium bombefly, bygt i 1931, og døypt "Leiv Eiriksson" etter den norrøne oppdagaren av Vinland. 

18. juli 1935 tok han av frå New York, og landa i Bergen 16. august. På denne turen gjorde han 13 "hopp", og hadde ei total flygetid på 57 timar. Det var den første atlanterhavsflyginga USA - Noreg etter dei norrøne sjøfararane si barske rute.

Heidra i USA

Det var i USA han kom til å vere mest aktiv. Namnet hans er sett opp i New Jersey Aviation Hall of Fame, ei ære som berre blir vist dei store pionerane.
Under andre verdskrigen utdanna han over to tusen flygarar som gjekk inn i det amerikanske flyvåpenet og kom til å gjere seg gjeldande i kampane i Europa. Son hans, Thor Solberg jr., driv i dag flyplassen og verksemda som faren grunnla for over 60 år sidan.

"Har bedt til Gud for dig"

Thor Solberg dreiv også verksemd i Norge. Både før og etter krigen hadde han eige flyselskap på Vestlandet, og i 1957 starta han på nytt flyselskap og sivil flyskule på Jarlsberg flyplass, der han bygde opp hangarar, verkstader og internat for flyelevar. Til slutt nokre av hans eigne ord då han landa ved Solberg ein vakker augustdag etter atlanterhavsferda i 1935: 

"Så møtte jeg gamle mor som stod der ved stranden. Gammel og tynn var du blitt, og jeg hadde ikke sett deg på mange, mange år. Men for alltid vil jeg minnes da du tok meg i hånden og sa de ord som gikk så uendelig dypt i mig: - Jeg visste du ville klare det Thor, for jeg har bedt til Gud for deg hele veien ..." 

Thor Solberg døydde 26. februar 1967, og er gravlagd på kyrkjegarden i Florø. Vegen til flyplassen er også oppkalla etter han. Solberg er tildelt Riddarkorset av St. Olav.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. S. 192. Førde 1999.
Solberg, Thor: Med Norge som mål. Oslo 1939.
Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. S. 192. Førde 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR