Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gjelsviksteinen



Professor Nikolaus Gjelsvik (1866-1938) var fødd på garden Gjelsvik i Vevring kommune, no Askvoll kommune. Han vert rekna som ein dei største juristane landet har fostra. Gjelsvik la og ned eit stort arbeid i målrørsla, ungdomslagsrørsla og fråhaldsrørsla. I 1941 reiste folket i Sunnfjord ein minnestein på fødestaden.

Gjelsviksteinen står i Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Han vart reist av folket i Sunnfjord og vart avduka 24. august 1941. Gjelsvik vart gravlagd i Oslo, men urna vart seinare flytta og gravsett ved minnesteinen. Fredrik Gjelsvik har laga trappa opp til steinen og murgjerdet.

Gjelsviksteinen står i Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Han vart reist av folket i Sunnfjord og vart avduka 24. august 1941. Gjelsvik vart gravlagd i Oslo, men urna vart seinare flytta og gravsett ved minnesteinen. Fredrik Gjelsvik har laga trappa opp til steinen og murgjerdet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1996.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Matias Gjelsvik vart fødd på Sørgarden i Gjelsvik 11.4.1866. Foreldra var bonde Øystein Eirik Olavson Gjelsvik og Malene Andreasdotter Selvik. Han tok juridisk studenteksamen ved Stavanger Katedralskole i 1887 og vart juridisk kandidat ved universitetet i Kristiania i 1893. Seinare studerte han fleire gonger i Tyskland og Frankrike, og vart dr. jur. i 1896. I 1897 vart han dosent i rettsvitskap og alt i 1906 professor.

Alt frå 1898 heldt Gjelsvik førelesingar i folkerett, og i 1905 var han folkerettskunnig sekretær ved forhandlingsdelegasjonen i Karlstad. Han skreiv fleire juridiske fagbøker og skapte gjennom fleire år eit juridisk rettsmål på nynorsk.

Nikolaus Gjelsvik kom tidleg med i målreisingsarbeidet og den frilynde ungdomsrørsla. Han vart formann i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag samt fleire andre samskipnader til fremjing av ungdomslagsarbeid og målreising. Gjelsvik var elles heile livet ein aktiv fråhaldsmann gjennom organisasjonen IOGT.
Nikolaus Gjelsvik døydde i Oslo 14.11.1938. Han etterlet seg kone og 8 born.

Steinen

Bilete av bronserelieffet på steinen.

Gjelsviksteinen står i Gjelsvika, like ved Sørgarden, oppå ein 4-5 meter høg bakkekam like ved bygdevegen som tek av frå riksveg 609 på sørsida av Førdefjorden. Ei tropp fører opp til den kring 5 meter høge minnesteinen som er omkransa av ein kvadratisk mur av naturstein. På framsida er eit ansiktsrelieff i bronse over innskrifta:

Professor 
NIKOLAUS GJELSVIK 
1866 - 1938
Han reiste det norske rettsmålet 
Gud evigt signe Norigs land,
det er mitt siste ord

På baksida står:

Sunnfjord reiste steinen

Minnestein-nemnd

Tanken om å reisa Nikolaus Gjelsvik ein minnestein vart målboren i eit lesarinnlegg til "Firda Folkeblad." Sunnfjord Ungdomslag tende på tanken og valde tre medlemmer i ei nemnd til å ta seg av saka. Vevring kommunestyre valde eitt medlem. Nemnda var samansett slik: Lærar Mads Flokenes, stortingsmann G.A. Hegrenæs, lærar Kristian Ramstad og redaktør Ludvig Botnen. Nemnda valde sjølv Flokenes til formann.

Dei fann emnet til steinen på garden Hovland i Askvoll. To ungdomslag hjelpte til med å frakta han inn til Gjelsvik. Ungdomslaget Framhug på Grytøyra sytte for å få steinen til sjøs og få han frakta sjøvegen til Hegrenes. Her tok ungdomslaget Vårvon i Gjelsvik over og fekk han fram til endestaden.

Bilete frå eit stykke i Bergens Tidende om Gjelsvik.

Del 2 av bilete over.

Avdukinga

Gjelsviksteinen vart avduka søndag 24. august 1941 med meir enn 400 menneske frå heile Sunnfjord til stades. Enkja, fru Eugina Gjelsvik, var der saman med to døtre og ein son. G. A Hegrenæs opna minnehøgtida. Abraham Strømmen las prolog skriven av Mads Flokenes før professor Gustav Indrebø heldt avdukingstalen. Han understreka særleg arbeidet til Nikolaus Gjelsvik med å skapa eit rettsmål i nynorsk målform. Etter avdukinga heldt formannen i minnestein-nemnda, Mads Flokenes, ein tale om Nikolaus Gjelsvik og Sunnfjord.

Urnenedsetjing

Nikolaus Gjelsvik døydde i Oslo hausten 1938. Etter at minnesteinen var reist på fødestaden i Gjelsvik, ynskte den næraste familien at urna kunne verta sett ned her. Dette vart det søkt om og gjeve løyve til. Urna vart flytta frå Oslo og gravsett framfor steinen.

Vevring kommune tok på seg å stella om minnesteinen og grava.

Minnemarkering 25 år seinare

Den 11. april 1966, på hundreårsdagen etter at Nikolaus Gjelsvik vart fødd, vart det skipa til ei minnehøgtid. Mellom dei frammøtte var det to søner av professoren, ein soneson og ein sonesonsson med namnet Nikolaus. Det vart lagt ned kransar frå slekta, Gjelsvikgrenda, Askvoll kommune, Sunnfjord Ungdomslag og Firda Mållag.

Bilete av Nikolaus Gjelsvik på eit brevmerke.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Litteratur nytta til artikkelen:
Botnen, Ludvig: Gjelsviksteinen. I Sunnfjord Ungdomslag gjennom 75 år.1973.
Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.1950.
Bergens Tidende. 15.11.1938.
Kvaale, Anne Johanne: (...) Nikolaus Gjelsvik 1866-1938. I Jul i Sunnfjord. Førde 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR