Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnesteinar over Bolette Pavels Larsen



Bergens-forfattarinna Bolette Christine Pavels Larsen døydde 8. desember 1904. Fru Pavels Larsen var fødd i Sogndal, budde i Bergen og var ein lang periode på årvisse sommarbesøk i Fjærland. I løpet av to år blei det reist to minnesteinar, - den eine i 1905 på grava hennar i Bergen, den andre i Fjærland to år seinare.

Minnestein over Bolette Pavels Larsen

Minnestein over Bolette Pavels Larsen (1847-1904) i Fjærland. Steinen vart flytta til denne staden, Mundal sentrum, hausten 2014.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Hermund Kleppa

Forfattar og målkvinne

Bolette Christine Pavels Larsen, forfattarinne, dotter av sakførar Jonas Lund og Inger Marie Munthe, var fødd i Sogndal i Sogn 18.10.1847 og døydde i Bergen 08.12.1904. Ho flytte til Bergen 17 år gamal. Ho vart gift i Gloppen 6.11.1874 med Ole Johan Larsen, fullmektig i Norges Bank si avdeling i Bergen. Dei hadde ikkje born.

Bolette Larsen var sterkt engasjert i målrørsla, og var med og sette liv i Vestmannalaget etter ein dvale fyrst i 1880-åra. Ho oversette folkelivsforteljingar frå svensk og skreiv eigne folkelivskildringar på sognemål. Bolette Larsen var elles ein flittig litteraturmeldar i Bergens Tidende, og hadde ein omfattande korrespondanse med Garborg, Hamsun og andre forfattarar.

...værne om Bolettes Minde...

Ole J. Larsen kom i djup sorg då kona døydde berre 57 år gamal. Det blei straks svært om å gjera for han, ja, ei livsoppgåve, å ta vare på minnet hennar. I eit brev til venen deira i Fjærland, hotelleigar Olaus Dahle, skreiv han ved årsskiftet 1904/1905:

"... Der står en tom Stol ligeoverfor mig ved Skrivebordet. - Jeg forstaar ikke, hvorledes jeg skal kunne holde dette ud. - Det eneste jeg nu har at leve for, det er at værne om Bolettes Minde"

Og i det same brevet kastar han fram tanken om eit minnesmerke i Fjærland, og spør om Dahle kan tenkja seg å få istand ei nemnd til å samla inn pengar. Larsen hadde og tankar om å reisa kona si eit minnesmerke i Sogndal, barndomsbygda hennar.

Mektig gravmæle i Bergen

Minnesteinen i Bergen kom fyrst på plass. I august 1905 reiste ektefellen ein kring 3 meter høg gravstein av granitt - "en bautasten", sa han sjølv - på grava hennar på Møllendal kyrkjegard. Ein omgangsven, målaren Ivar Rusti, laga form til innskrifta. På framsida står vertikalt: BOLETTE C PAVELS LARSEN. På baksida står: 1847 - 1904.

O. J. Larsen drivkrafta

I Sogn svara hotelleigar Dahle ja til å leia arbeidet for eit minnesmerke i Fjærland. Han skreiv til kjende menn i distriktet med oppmoding om å stø opp om tiltaket ved: a) å setja namnet sitt på opprop som skulle kunngjerast i Sogn og i Bergen og b) ved sjølv å yta bidrag. Ikkje alle var like ihuga. Ein mann orda frampå om "nymotens greier" og at det etter hans meining var i snøggaste laget. Men dei aller fleste stødde godt opp. Olaus Dahle sette seg elles i sving med å sjå etter emne til stein, og fekk etter kvart mange gjeremål med å få steinen tillaga og oppsett.
Men det var i Bergen primus motor heldt til, enkjemannen O. J. Larsen. Han skreiv brev, kom med framlegg og påbod om gjeremål, etterlyste resultat og tykte til sine tider at meir kunne vore gjort og at det gjekk altfor tregt.

Avdukingshøgtida

I god tid før olsokafta 1907 var steinen på plass, tett attmed ein gamal ferdselsveg innover mot Mundalsdalen. I ettertid har det vorte sagt at steinen slett ikkje var meint å stå der den vart sett i 1907. Han skulle ha stått ein stad i nærleiken av der skulen står no, men sidan dei i vårløysinga køyrde seg fast under transporten, vart det til at ein like godt reiste steinen der køyrekarane måtte gje opp.

Redaktør Jens Kvåle i venstrebladet Sogns Tidende skreiv om avdukinga olsokafta 1907. Eit par hundre menneske var tilstades, og det var ein mykje samansett flokk, skriv Kvåle. "Her var vener fraa Fjærland, maalmenn fraa Sogn, slektfolk og vener fraa ymse kantar av landet, og her var engelske og tyske kvinnor og menn, soleis ein engelsk prest og ein tysk professor."

Til opning song festlyden Garborgs fedrelandssalme "Gud signe Norigs land". Deretter gjekk lærar og klokkar Anders B. Vamraak fram til steinen og heldt avdukingstalen. Han tolka Bolette C. Pavels Larsen sitt livsyrke som ei brubygging mellom bondekultur og bykultur. Ei venninne av fru Pavels Larsen, frøken Bølling, hadde det ærefulle oppdraget å avduka minnebautaen.

Hotelleigar O. Dahle fortalde så om Bolette Pavels Larsen sine sommaropphald i Fjærland og la elles særleg vekt på arbeidet hennar med sognemålet. Bankfullmektig Larsen takka mot slutten alle som på eit eller anna vis hadde vore med å reisa minnet, og ordførar Tjugum tok imot steinen som ein eignelut bygda (Balestrand kommune) alltid ville verna om.

På programmet stod og høvesongar av Anders Hovden og Jens Tvedt, og framføring av diktet Fjærlandsfjord av O. J. Larsen til tone av Olaf Paulus harmonisert for blanda kor med solist.

Steinen flytta

I 1982 blei "Bolette-steinen" flytta til leikeplassen ved Fjærland skule. Dei som stod føre arbeidet var Anders Aarskog, Sjur Mundal og Oskar Brunborg. Grunnen til flyttinga var at mange meinte steinen stod på "ein lite høveleg stad" attmed den gamle ferdselsvegen innover mot Mundalsdalen.

Det skriftlege kjeldematerialet inneheld ikkje beinveges opplysningar om at steinen blei reist på ein annan stad enn planlagt, men det står eit par setningar om plasseringa. I eit brev datert i januar 1906 skriv Larsen til Dahle at han inderleg ynskjer at steinen skal reisast på ein stad dei har snakka om, ein stad Bolette gjerne brukte å gå til. Han hugsar godt ein av dei siste gongene dei var der. - Det må ha vore nær sjøen, for som han skriv, "Fjorden laa der saa blank og skiftet hvert Øieblik."

Korleis det no enn er, så finst det ikkje spor av misnøye med staden steinen vart reist, snarare tvert om, Larsen sjølv er godt nøgd, "den har faat en god Plads", skriv han i eit brev etter å ha motteke fotografi av steinen ferdig oppsett til avdukingshøgtida.

Flytta for tredje gong

Hausten 2014 vart Bolette-steinen flytta frå leikeplassen ved barneskulen til Mundal sentrum. Ei informasjonsplate er festa på ein liten stein tett attmed. Her kan folk lesa følgjande:

BOLETTE CHRISTINE PAVELS LARSEN (1847-1904), forfattar og litteraturmeldar. Ho var den første som fekk utgjeve tekstar på sognamål. Bolette vart fødd og voks opp i Sogndal. I sytten-årsalderen flytte ho med familien til Bergen der ho budde resten av livet. Ho vart gift med Ole Johan Larsen. Frå 1891 var Bolette Pavels Larsen fast sommargjest i Fjærland og her henta ho inspirasjon til diktinga si. Sogningar reiste denne steinen 1907 til minne om henne. Steinen vart flytta til denne staden hausten 2014.

kjelder:

Norsk Alkunnebok. Oslo 1956.


Norsk Biografisk leksikon. Bind 8, Oslo 1938.


Sogns Tidende. Sogndal. 30.07.1907.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv SFF-87001 Mundal Hotel.


Gjerdåker, Johannes: Orda våre. I Årbok for Sogn. Sogndal. 1996.


Larsen, Bolette C. Pavels: Sognablo


Idar Stegane: Bolette Pavels Larsen. Artiklar og forteljingar. Eide Forlag. Bergen 1997.