Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. januar 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnesmerke på Island - over falne nordmenn



På ein kyrkjegard i Reykjavik står eit minnesmerke over nordmenn som fall på Island under verdskrigen 1939-1945. Ein av dei var Odd Batalden frå Florø. HM kronprins Olav avduka minnesmerket måndag 21. juli 1947.

Minnesmerket over falne nordmenn på Island. Det står på Fossvåg kyrkjegard kring 3 km vest for Reykjavik sentrum.

Minnesmerket over falne nordmenn på Island. Det står på Fossvåg kyrkjegard kring 3 km vest for Reykjavik sentrum.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesmerket

Minnesmerket er å finna i øvre kanten av Fossvåg kyrkjegard like i nærleiken av "Den engelske kirkegård." Det er laga til på eit sekskanta fundament med ein høg stein i midten og seks mindre i kvart hjørne. Den kring 3 meter høge sentralsteinen har plan framside med innhogde ord av Per Sivle på 8 liner:

OG DET ER * DET STORE * OG DET ER * DET GLUPA * AT MERKET * DET STEND * UM MANNEN * HAN STUPA

Hjørnesteinane er i underkant av 1 m høge med uregelmessig femkanta tverrsnitt. På nokre av sidene er det innhogge namn, førebokstavar og etternamn, i alt 37 namn.

37 namn

Av plassomsyn vart berre førebokstav/ar og etternamn skrive på steinane. Ved hjelp av bokverket Våre falne og opplysningar frå Den norske krigsgravtenesta har me funne ut kven alle var og kva våpengrein dei tilhøyrde. Over halvparten, 23, tilhøyrde flyvåpenet, 11 gjorde teneste i Handelsmarinen (Nortraship-flåten)/Sjøforsvaret og 3 var knytte til Hæren. November 1942 var den verste tapsmånaden med minst 10 bortkomne i flyvåpenet.

Frå Flora - omtale i Våre falne

På ei side på ein av hjørnesteinane står namna O BATALDEN og A A HANSEN. Odd Batalden var frå Florø. I Våre falne står denne omtalen:

ODD BATALDEN, radiotelegrafist, Florø. Fødd 1. august 1911 i Florø, son til Olaus O. Batalden, fødd 1877 i Kinn, og Kristine Andrea, fødd Ås, fødd 1882 i Florø. Mellomskule, handelsgymnas og skule i radiotelegrafi. Vart kalla inn til teneste som radiotelegrafist på Flatøy ved Bergen då krigen braut ut. Reiste så til Nord-Noreg og vidare til England, Canada og Island. Gjorde her teneste som radiotelegrafist i flyvåpenet til marinen. Sturta ned med eit fly 30. juli 1941 på Island.

18 krigsgraver i Reykjavik

18 av dei 37 mennene minnesmerket står til minne om, fekk si grav på Island. Dei 19 andre miste livet på havet og vart ikkje attfunne. Eit oversyn frå Krigsgravtenesta viser at åtte ligg gravlagde på "Den engelske kirkegård", fire på kyrkjegarden elles, fem ligg gravlagde under minnesmerket og ein ligg gravlagd på Gamla Kirkjugardur.

Skvadron 330

Odd Batalden gjorde teneste i det norske flyvåpenet. Etter kapitulasjonen i Noreg i juni 1940 tok den norske regjeringa opp frigjeringskampen ved å byggja opp militære styrkar i utlandet. Flyvåpenet utdanna folk i Canada som etter kvart blei sette inn i teneste i norske skvadronar frå Storbritannia. Skvadron 330 byrja sine operasjonar på Island i juni 1941 utstyrt med Northrop N-3 PB flottørfly. Seinare fekk avdelinga amfibiefly av merket Catalina.

Oppgåva var å gå til angrep med bomber i fall tysk invasjon på Island. Dessutan skulle flya ta del i vern av lasteskip i konvoifart til og frå Murmansk og elles angripa tyske u-båtar. Tenesten var særs slitsam og ikkje minst farleg i storm og uvêr vinterstid. Det var endelause patruljetokt frå Island utover Atlandeterhavet og Norskehavet, opptil 350 nautiske mil (1 nautisk mil = 1852 m) vekk frå stasjonen. Skvadronen gjorde godt arbeid, men det kosta. Fly kom bort med heile mannskapet. I 1943 vart skvadronen utstyrt med bombesjøfly av merket Sunderland og overført til Skottland, seinare til Shetland.

kjelder:

Firda Tidend. 22.07.1947.
Våre falne. Bind 1, Oslo 1948.
Opplysningar frå Krigsgravtenesta.