Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. oktober 2013

Sist oppdatert 01. desember 2019

Kategori

Rå-data

The Pencil Monument – minne om slaget ved Largs 1263



«Medan bardagen [slaget] stod på, var stormen so hard at kong Håkon såg seg ikkje synt til å få folk i land. Men Ragnvald og Eiliv i Naustdal rodde på ei skute inn åt land. Eiliv for på land i ein båt; men Ragnvald veik attende til skipet sitt.» Slik står det i soga om Håkon Håkonsson, i skildringa av slaget ved Largs i Skottland, 2. oktober 1263. Det var fleire med frå Sogn og Fjordane. Sommaren 1912 avduka skottane eit minnesmerke.

<p>The Pencil Monument, ved landsbyen Largs, Skottland. Monumentet vart reist i 1912 til minne om Slaget ved Largs 2. oktober 1263. Arkitekt: James Sandyford Kay. D&aring; biletet vart teke, var det vedlikehaldsarbeid p&aring; t&aring;rnet</p>

The Pencil Monument, ved landsbyen Largs, Skottland. Monumentet vart reist i 1912 til minne om Slaget ved Largs 2. oktober 1263. Arkitekt: James Sandyford Kay. Då biletet vart teke, var det vedlikehaldsarbeid på tårnet

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesmerket

The Pencil Monument er den populære nemninga på steintårnet ved landsbyen Largs; reist til minne om slaget ved Largs 2. oktober 1263. Det blyantforma tårnet er 21 meter høgt og utforma som dei runde tårna frå mellomalderen som det finst mange av på dei britiske øyane, særleg i Irland. The round towers vart bygde som forsvarsverk og eit karakateristisk trekk er at inngangsdøra er plassert eit godt stykke over bakkenivå. Minnesmerket vart avduka 12. juli 1912.

Kongen med Noregsveldet

Håkon Håkonsson, den gamle (1204-1263), var konge i Noreg i tida 1217-1263. Det var Håkon Håkonsson som bygde Håkonshallen i Bergen og det var Håkon Håkonsson som rådde over Noregsveldet, eit større rike enn nokon annan norsk konge. I vest høyrde Grønland, Island og Færøyane til den norske kongen, saman med Hjaltland (Shetland), Orknøyane og Suderøyane (Hebridene og øya Man). Utover på 1200-talet vart Suderøyane ei utanrikspolitisk sak. Skottekongen ville ha herredømmet over øygruppa. I 1263 reiste Håkon Håkonsson i vesterveg med ein stor flåtestyrke.

Slaget ved Largs og freden i Perth

Begge kongane Alexander I og sonen Alexander II, sende utsendingar til Noreg, utan at det kom til semje. Sommaren 1262 fekk Håkon Håkonsson melding om at skottane hadde teke til med herjingar på Suderøyane. Det gjorde at kongen baud ut leiding, og 5. juli 1263 sette ein svær leidangsflåte til havs. Krigsflåten var framom Hjaltland og Orknøyane før styrken passerte vestspissen av Skottland 11. august. Skottekongen låg med hærstyrken sin lengst inne i Clydefjorden. Han var så og seia utan skip.

Det drog ut med eit avgjerande slag, og ut i september tok det til å minka på matforsyningane til nordmennene.

Håkon måtte tenkja på å trekkja seg attende. Ei større avdeling blei sendt på land og herja nord i Clyde, medan kongen med resten av flåten la seg til ute i fjordgapet. Ein av dei første dagane i oktober blæs det opp ein sterk storm og fleire av skipa dreiv på land. Straks var skottane over dei og det kom til eit slag mellom rundt 1000 nordmenn og kan henda like mange skottar. Vêret gjorde at det var uråd å kome til med forsterkningar frå skipa.

Slaget enda med at begge partane drog seg unna, utan at nokon hadde vunne avgjerande siger. Kongen drog nordover med heile flåten og kom fram til Orknøyane 10. oktober. Storparten av leidangsskipa for straks heimatt til Noreg. Håkon Håkonsson vart verande på Orknøyane og døydde der, 16. desember 1263.

Kong Magnus Lagabøte følgde ikkje opp med nye maktdemonstrasjonar, og ved freden i Perth, underskriven 2. juli 1266, ga kongen frå seg herredømmet over Suderøyane mot ein større pengesum ein gong for alle og ei årleg avgift. Pengesummen vart aldri betalt fullt ut og den årlege avgifta tok og snart slutt. Freden i Perth var i røynda eit forlik.

 

Menn frå fylka Sogn og Fjordane

Leidangsflåten som styrde til havs frå Bergen og «Solundarhavet» sommaren 1263, talde over 100 skip. «Det var (…) ovgod bør og fagert vêr, Floten var ovleg brikjande å sjå til», står det i den islandske soga om Håkon Håkonsson. Kongen hadde mykje utvald mannskap på skipet sitt. Mellom dei opprekna mennene er minst to frå Sogn og Fjordane; «Brynjolv Jonsson» og Eiliv i Naustdal». Og utanom desse to namngjevne kongsmennene kom utskrivne sogningar og fjordingar på skipa frå skipreidene i Sygndafylket og Firdafylket.

«Eiliv i Naustdal»

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har mellom anna dette om «Eiliv i Naustdal»:

«I Naustdalsætta var det tre menn etter kvarandre som heitte Eiliv. Dei er omtala i dokument og skrifter på 1200- og 1300-talet. Den første av dei tre Eiliv’ane var lendmann: I 1263 var Eiliv frå Naustdal med kong Håkon Håkonson til Skottland for å hevde norske rettar der, og i 1276 var han med kong Magnus på hærferd til svenskegrensa. Året etter vart denne første Eiliv’en av ukjend grunn drepen. Men segna vil ha det til at han miste livet etter ei trette med baron Audun Hugleikson frå Jølster.»

«Brynjolv Jonsson»

Brynjulv Jonsson var son til Jon Stål frå Kvåle i Sogndal, lendmann og ein av kong Håkon Håkonssons fremste menn. Brynjulv vart som faren, lendmann og ein av Håkons næraste menn. Brynjulv Jonsson er nemnd i skriftlege kjelder i mange høve, mellom anna: kroninga i Bergen 1247, Magnus Lagabøtes kroning i 1261, i opprekninga av mannskapet på kongsskipet på ferda til Skottland sommaren 1263, og då kongen døydde 15. desember 1263, dessutan var han ein av underskrivarane i fredstraktaten i Perth 1266.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, del 1. 1901.


Tordarson, Sturla: Soga um Håkon Håkonsson. I serien Gamalnorske bokverk. 1928.


Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660. 1961.


Bugge Alexander: Norges historie. 2. bind, 2. del. 1916


Det norske samlaget: Gulatingslovi. I serien Norrøne bokverk. 1981

PERMANENT IDENTIFIKATOR