Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. april 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kong Sverre - Minnestein om slaget ved Fimreite



Det gjekk hardt føre seg i Sogndal sommaren 1184. Kong Sverre og birkebeinarane hans kom på besøk for å krevja bot for at sogndølene hadde drepe sysselmannen hans eit halvt års tid i førevegen. Då dei nekta, svara Sverre med å svi av alle gardane oppover frå Sogndalsfjøra. Det var borgarkrig i landet. Fleire kongsemne konkurrerte om makta. Kong Magnus Erlingsson kom uforvarande på birkebeinarkongen, og det kom til kamp ved Fimreite. På dagen 800 år etter, avduka kong Olav V ein minnestein om sjøslaget.

Fimreitebautaen på Nornes.

Fimreitebautaen på Nornes.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

På Sveravodl

Minnesteinen om Fimreiteslaget står på Nornes, på ein haug eit stykke oppe i bakken frå naustrekkja ved sjøen. Der er fritt utsyn mot Fimreite og utover fjorden. Staden heiter Sveravodl. "Eg skal seia det er ein fin plass de har funne til denne bautasteinen", sa Steinar Hagen då han våren 1983 var med folk frå teknisk etat i Sogndal kommune og sette steinen på plass. Det er råd å køyra bil ned frå riksvegen til nausta, og i 1999 laga kommunen ein gangveg av plank og singel opp til bautasteinen.

Stein frå Balestrand

Dei arbeidde raskt og effektivt dei som reiste steinen. Den drivande krafta framfor nokon var Carl Lauritz Lund-Iversen. Det byrja med at dei hausten 1983 skipa ei nemnd med namnet Aksjon stein Arbeidsmålet var å reisa ein bautastein, eit Fimreiteminne, på Nornes til sommaren 1984. Nemnda ynskte seg ein smal, høg stein, nokolunde med same form som fleire bautasteinar som stod på Nornes så seint som på 1800-talet.

Dei fann eit høveleg emne i eit tidlegare steinbrot på Lindane, ikkje langt frå Nessane. Jakob Feten kunne tilby ein stein uthoggen i 1908, som mælte 6 m og vog rundt 4,5 tonn. Tysdag 24. januar 1984 kom steinen til Nornes. Sogn Billag frakta han gratis, og Kjell Bergheim og Tor Einar Rude Johannessen var på plass på Nornes då lastebilen kom. Dei la steinen mellombels i vegkanten ved ungdomshuset.

Kvar skulle steinen stå?

Det var delte meningar om kvar bautasteinen skulle reisast, på Fimreite eller på Nornes. Nemnda heldt på Nornes og grunngav med to ting: a) det var på Nornes dei falne vart tekne i land og gravlagde, og b) det var lettare folk folk å koma fram til Nornes enn til Fimreite. (Fimreite hadde ikkje bilveg). Andre meinte at steinen sjølvsagt måtte stå på Fimreite, der slaget stod.

Det vart Nornes. Etter at det var ordna med innskrift, kom folk frå teknisk etat med heisekran og løfta steinen på plass i eit solid betongfundament.

Allsidig program

Nemnda arbeidde gjennom heile vinteren med å få til eit rikhaldig program til avdukinga. I god tid før den store dagen lokka ei stor avisannonse med programpostar i tre dagar til endes på fleire stader, - ei kulturmønstring med konsert, avduking av bauta, sogespel, kunstutstillingar, folkefest og sogevandring. Elles kunne folk kjøpa seg eiga Fimreite-plate med nyskriven Fimreite-vise, skaffa seg Fimreite-stempel på posten og Fimreite-t-skjorte hjå arrangørane.

Ordførar Trygve Bjørk skreiv helsing på vegner av Sogndal kommune. Han rosa og takka alle som hadde vore med og slutta med desse orda: "Ordføraren vil ynskje alle tilreisande og kommunen sine innbyggjarar hjarteleg velkomne til arrangementa desse dagane og vonar at lukka vil fylgja nemnda og arrangementa." 

"eit minne om samkjensla"

Første punkt på programmet var "Avduking av bautastein på Nornes ved H.M. Kong Olav V", fredag 15. juni, kl. 14.30, på dagen 800 år etter slaget ved Fimreite.

Vel 500 menneske var tilstades og på fjorden kryssa Ragnar Torsheim og mannskapet hans med knarren sin, "Saga Siglar". Magne Urheim hadde komponert tonen som han bles på lur til opninga. Fylkesmann Ingvald Ulvesth helsa kongen velkomen.

"Slaget som stod her markerer eit av dei store skiljeliner i norsk historie. Slaget ved Fimreite var byrjinga på slutten på borgarkrigen i Noreg og gav grunnlaget for det samlande riket me kjenner i dag", sa kong Olav mellom anna i talen sin, og slutta med desse orda: "Må denne bautasteinen vera eit minne om samkjensla og samhaldet i det norske folket og vera ein brubyggjar mellom fortid, samtid og framtid".

Kven var kong Sverre? Nedanfor følgjer ei kort oppsummering.

Kong Sverre

Kong Sverre, fødd ca 1151 i Bergen, kom fem år gammal til Færøyane der han voks opp og fekk presteutdanning. Då han var 24 år gamal, kom mor hans, Gunhild, til Færøyane og fortalde at det var kong Sigurd Munn som var far hans. Han var kongsson.

I 1177 reiste han til Noreg og vart teken til hovding for birkebeinar-flokken som hadde mista leiaren sin, Øystein Møyla, i slaget på Re same året. Etter at han hadde vorte teken til konge på Øyretinget, fylgde ein årelang strid mot Erling jarl og sonen hans, kong Magnus Erlingsson. Erling jarl fall i slaget på Kalvskinnet, medan Erling Magnusson miste livet i slaget ved Fimreite, fredag 15. juni 1184. Seinare måtte kong Sverre kjempa mot andre kongsemne og flokkane deira. Særleg langvarig var striden mot baglarane under leiing av bisp Nikolaus Arneson, ein strid som og galdt kongsmakt mot kyrkjemakt.

Norsk Allkunnebok seier om m.a. dette om Sverre Sigurdsson:
"Sverre var ein av våre største kongar i mellomalderen, klok, human, vel opplyst og med ei genial evne til å løysa vanskar. Ein avgjerande vanske var den sterke tvilen som rådde om han var kongsson. Det er eit historisk problem det ikkje finst løysing på.
Sverre sin historiske innsats ligg i at han bremsa dei vidtgåande privilegium til beste for kyrkja og det gamle lendmannsaristokratiet, og slik sikra grunnlaget for ei sterk sentralisert statsmakt under seinare kongar av Sverre-ætta."

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. Fleire nummer 1983-1984 og 1999.
Avisa S/SA. Sogningen.Sogns Avis. Fleire nummer 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR