Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over årdøler i ufredsåra 1807-1814



På ein grøn flekk like ved porten inn til Årdal kyrkje står ein høg bautastein. Innskrifta fortel at steinen vart reist i 1914 til minne om dei årdølene som stridde for Noreg i åra 1807-1814. Det har vore vanleg å ha markering ved steinen kvar 17. mai.

Kransnedlegging ved bautasteinen over årdølene som stridde for landet i ufredsåra 1807-1814. Barnetoget gjer kvart år ein stogg ved dette nasjonal-minnesmerket.

Kransnedlegging ved bautasteinen over årdølene som stridde for landet i ufredsåra 1807-1814. Barnetoget gjer kvart år ein stogg ved dette nasjonal-minnesmerket.

Eigar: Jonny Asperheim.

Datering: 17.05.1987.

Fotograf: Jonny Asperheim.

Sjur Asperheim fyrst ute

1914 er eit av dei store jubileumsåra i norsk historie. Hundreåret for Eidsvoll-grunnlova vart feira med ei rekkje tiltak nasjonalt og lokalt. I mange bygder reiste dei bautasteinar til minne om soldatar som var austover på grensevakt. Mange var med i trefningar og somme kom aldri heimatt.
Våren 1914 gjekk fleire personar i Årdal ut i lokalpressa og stødde eit opprop frå oberst Henrik Angell om å reisa bautasteinar. Sjur Asperheim avsluttar eit innlegg i februar med desse orda: "Lat oss hugsa paa at utan hine gutar med deira heltemod, hadde me ingen 17. mai havt, og utan 17. mai hadde me ingen fridom havt. Difyr, lat os reisa dei ein bauta til hundradaarsdagen 17. mai 1914."

Anders Aarebru visste om høveleg stein

Ein kveld tidleg i mars var sokneprest Garmann Nagelstad på besøk hjå Anders Aarebru. Anders visste om ein stein som kunne passa. I Seimsdalen hadde dei nett kila ut ein stein til Sogndal Folkehøgskule. Det var rikeleg att av den lyse granittblokka til ein bautastein til. Med små kostnader kunne det la seg gjera å få ferdig ein bauta til 17. mai. Presten hadde oppskrifta: "Me kjem saman 30-40 mann i Seimsdalen og dreg steinen til sjøs, det kostar ingen ting utan litt sveitte, so leiger me Ola Lægreid sin steinbaat og motor til å føra steinen til Tangen, og so dreg me han paa plassen."

Uhell under transporten

Erik Hæreid, f. 1904, fortel at det var D/S Vangsnes som frakta steinen den korte vegen frå Seimsdalen til Tangen. Av avismeldinga går det fram at presten tenkte å få Ola Lægreid til å frakta steinen på steinbåten hans. Kor som er ser det ut til at dei hadde eit uhell under transporten. Steinen for på sjøen, men ikkje på djupare vatn enn dei fekk han oppatt. I eit stykke i Sogns Tidende 21.4 om reising av bautasteinar i fleire bygder i Sogn, blir transportuhellet nemnt. Hæreid fortel også at då dei fekk steinen på land på Strondi, la dei han på rullar og skuva han med handemakt oppover til kyrkja.

Avduka 17. mai 1914

Dei greidde det, årdølene. På Grunnlovsdagen 17. mai var steinen på plass ved kyrkja og klar for avduking. Erik Hæreid var sjølv tilstades. Erik Anfinsson Nundal heldt avdukingstalen. Han avslutta med dei kjende orda frå Per Sivle sitt dikt Tord Foleson: - og gjev det aldri maa verta sagt, at landet ligg utan vardevakt. Då duken fall, kunne folk lesa denne innskrifta: MINNE * UM * DEI * AARDØLER SOM * STRIDDE FOR NOREG * 1807 - 1814. * REIST 17 MAI 1914.
Orda som står nedst på steinen, avslutningsorda i talen til Nundal, stod visstnok ikkje på steinen opphavleg. Men ein tykte dette var så høvelege ord, at dei burde koma med på steinen. Ein steinhoggar frå Ofredalen var inne og utvida innskrifta like etterpå.

Kven var dei?

I Jon Laberg si bok Årdal i Sogn står det meir om årdølene det blei reist bautastein over i 1914. Likeeins er det nemnt fleire årdøler i boka av H. J. Barstad frå 1909 om bergenhusingar i felten 1807-1811, og i boka av Henrik Angell som kom ut i 1901 om kaptein Jürgensen og lærdalskompaniet hans. Den best kjende i ettertid var tvillaust premierløytnant Hans Lem. Han har fått sin eigen minnestein inne på kyrkjegarden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Asperheim, Jonny: Bautaen. I Årdal Før og No, nr. 11, 1998. Årdal Sogelag. Årdalstangen.
Sogns Tidende Fleire nummer. 1914.
Angell, Henrik: Kaptein Jürgensen og leirdølerne hans. Kristiania 1901.
Angell, Henrik: Syv-aarskrigen for 17de mai 1807-1814. Kristiania 1914. Faksimileutgåve, Bjørn Ringstrøms Antikvariat. Oslo 1995.
Laberg, Jon: Årdal i Sogn. Bygd og ætter. Bergen 1932.
Barstad, H.J.: Bergenhusingerne i felten 1808-1811. Kristiania 1908.

PERMANENT IDENTIFIKATOR