Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mai 2001

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om gardbrukarar i Eitorn



Ved Skorane i Eitorn står ein vel tre meter høg bautaliknande stein av etter måten ny dato. Den siste brukaren på garden sette han opp kring 1950. På sida som vender oppover, mot gardstunet, er der ei uvanleg fin og forseggjort innskrift.

Lars J. Nornes (Eitorn), fødd kring 1814 i Sogndal, kjøpte garden Eitorn i 1847. Lars var gift to gonger, 1. gong med Ingeborg Eriksdotter Haug, 2. gong med Ingeborg Simonsdotter Bøyum (biletet). Han hadde to born i fyrste ekteskapet og fem i andre.

Lars J. Nornes (Eitorn), fødd kring 1814 i Sogndal, kjøpte garden Eitorn i 1847. Lars var gift to gonger, 1. gong med Ingeborg Eriksdotter Haug, 2. gong med Ingeborg Simonsdotter Bøyum (biletet). Han hadde to born i fyrste ekteskapet og fem i andre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Steinen

Den vel tre meter høge bautaliknande steinen på Eitorn står kring 100 meter opp frå riksvegen på eit sva i nedre kanten av dyrka jord. Han er 70 x 30 cm nede, smalnar litt mot toppen på eine sida, og er tilnærma bein på den andre. Steinen står i ei utsprengd hole i berget, kilt fast med stein og festa med betong. På sida oppover, mot gardstunet, står: LARS J. NORNES * KJØPTE GARD NR 42 * BRNR. 2 EITHUN 1847 * HANS J. NORNES * BRNR 3 1851. Skriftteikna er særs fint forma i antikva og opphavleg måla med svart farge. I år 2001 er skriftteikna målingslitne og delvis overgrodde med lav.
Merknad: Lars J. Nornes, fødd kring 1814, kom frå Nornes i Sogndal. Den to år eldre broren Hans, budde på bnr. 3.

Bilete av "bautesteinen."

Lars Eithun reiste steinen

Det var Lars Eithun (1886-1950), nest siste brukaren på garden, som sette opp steinen kring 1950. Ein mann frå Bergen, Adolf Hansen, steinhoggar og emissær, var på staden og hogg ut innskrifta og hjelpte til med reisinga. Hansen hadde visstnok òg arbeid hjå Vestlandske Stenhuggeri i Bergen, som mellom anna laga gravsteinar.

Eddy Eithun fortel

Eddy Eithun, f. 1919, Leikanger aldersheim, fortalde 22.05.2001:
Steinen kom fram under dyrkingsarbeid nedom huset. Eirik Helleland, frå Feios, syskenbarn til Lars Eithun, var med og drog han nedover og sette han opp. Han står ein god halvmeter nedi berget. Adolf Hansen var på besøk eit par dagar. Ein kveld heldt han oppbyggjeleg møte i skulehuset.
Lars Eithun gjekk i 1906 på Sandved hagebruksskule, Sandnes i Rogaland, og byrja sjølv med planteskule året etter. Han odla fram og leverte epletre, pæretre, litt plommetre og morelletre, mest i Indre Sogn. Eit eple fekk jamvel namn etter garden og grenda, Eitorn-eplet. Eitorn-eplet var eit stort Torstein-eple, men det var utsett for prikk-sykje, som kom til syne nett som det skulle vore skote på det med hagl.

Bilete frå "Det norske fylkesleksikon. Sogn og Fjordane fylkesleksikon" vedrørande Eitorn garden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. Bergen 1934.
Det norske næringsliv. Sogn og Fjordane fylkesleksikon. 1953.
Opplysningar frå:
Eddy Eithun, Leikanger.
Trygve Eithungjerde, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR