Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Ytrehornsnakken - og bautaen der



Frå Ytrehornsnakken er det eit storfelt utsyn innover hornindalsbygda og nedover sjølve vatnet med grendene ikring. Denne fjelltoppen peika seg difor naturleg ut som veteplass då Håkon den gode skulle skipe eit nasjonalt varslingssystem på 900-talet.

Bautasteinen på Ytrehornsnakken med utsyn nordover Hornindals-bygda. Steinen blei reist sommaren 1914, men først høgtideleg avduka sommaren 1920.  Pr. 2020 er innskrifta uråd å lesa.

Bautasteinen på Ytrehornsnakken med utsyn nordover Hornindals-bygda. Steinen blei reist sommaren 1914, men først høgtideleg avduka sommaren 1920. Pr. 2020 er innskrifta uråd å lesa.

Datering: 2020

Fotograf: Hermund Kleppa

Bygda og fjelltoppen

Det seiest at bygdenamnet Hornindal kjem av Hornvin som var namnet på den sentrale garden nede ved vatnet. Hornvin tyder grassletta mellom fjellhorna. I dag er garden Hornvin delt i to, Ytrehorn og Kirkhorn, og fjellet på Ytrehornsida vert kalla Ytrehornsnakken.

Veten på Ytrehornnakken

Tradisjonen fortel at oppe på Ytrehornsnakken var ein veteplass i eldre tid. Det vide utsynet og det at staden var relativ lett tilkomeleg med skog ikring, gjer ei slik lokalisering svært truleg. Enno finst det folk på Ytrehorn som meiner å kunne påvise kvar vetestova stod.

Tanken om ein bauta

Dei nasjonale straumdraga var sterke i landet vårt i tida kring overgangen til 1900-talet. Eige kongedømme frå 1905 styrkte denne kjensla. 100-årsminnet om Grunnlova frå 1814 vart markert på ulik vis i landet vårt. I Hornindal bestemte nokre personar seg for at 1914 burde vere eit høveleg tidspunkt å reise eit minnesmerke - ein bauta - på Ytrehornsnakken til minne om den veteplassen som tidlegare hadde vore der. Det var Ola E. Vellene (1864-1947) som kom med ideen, og han fekk fleire med seg i arbeidet.

Bautasteinen

Hausten 1913 vart steinen som skulle tene som bauta, funnen i Fjellura nord for Nakken. Han vart kila laus og med stor mannemakt utpå vinteren køyrd på skaresnøen til staden sin. Steinen som var 6,5 m lang, 1 m brei og 0,35 m tjukk, var som skapt for føremålet. Ingenting trong gjerast med han.

Byggearbeidet

På fremste nakkehyrna vart det mura ein flat platting og midt på denne, vart steinen reist. Mykje folkemakt, taljar og reip måtte nyttast for å få steinen på plass. Merke etter jernboltar i fjellet til å feste taljane i, kan ein enno sjå. Den store patenttaljen som dei nytta til å drage dampbåten "Dølen" på land med, vart også boren opp på fjellet for å ha kraft nok til å reise steinen.

Bilete av folk ved bautaen når den vart reist i 1914.

Nytt ufredsbod

Det var olsokdag 1914 at bautaen vart reist. Etter at arbeidet var unnagjort, heldt Jon Ytrehorn ei tale. Meininga var at sjølve innviingshøgtida skulle vere helga etter i samband med seterhelg på Ytrehornssætra. Dette vart det ingenting av, for denne olsokhelga kom det melding om at ungdommen var kalla inn til nøytralitetsvakt, og folk fekk anna å tenkje på.

Avdukinga i 1920

Først i 1920 vart bautaen avduka. Det var Ola J. Ytrehorn og Ragnvald Otterdal som gjekk i brodden for det. Same personane forfatta også den innskrifta som vart hoggen inn i steinen:

"Ein varde her stod som varsla til strid
di staden skal minne om forna tid".

Ragnvald Otterdal heldt tale for dagen og ein sprek ungdom, Olaf R.Ytrehorn, kleiv opp på toppen av steinen, fekk sendt etter ei fele og spela til dans for dei andre som var til stades.

Portrettbilete av Ola Erikson Vellene.

Vetestova

Ein av brukarane på ytre Horne, Erling Tomasgard, meiner å kunne påvise kvar vetestova stod, ved ei grov like nordvest for Bekkelidnøfsa. Beresteinane i hjørna er det einaste som enno viser att. Frå plassen er det god utsikt til nabovetane i vest, Åsebønakken, og nordover til Tronstadnakken. I samband med 2000-årsmarkeringa var det på tale å reise ei ny "vetestove" på staden, men enno har ikkje det vorte gjennomført.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Tomasgard, Erling: Bautaen på Ytrehornsnakken. I: Historisk årsskrift. Nr. 5. Hornindal Historielag. 1989.

PERMANENT IDENTIFIKATOR