Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesteinen på Lægreidplassen



Sogndal kommune har tre minnesteinar over soldatar som var på grensevakt og stridde for fedrelandet i ufredsåra 1807-1814; - i Fardal, på kyrkjegarden ved Stedje kyrkje og på Lægreidplassen i Fjøra. Steinen i Fjøra er nærare åtte meter!

Minnesteinen om soldatar i ufredsåra 1807-1814 står på Lægreidplassen, framfor Lægreid Hotell. I skriftlege kjelder finn me tre andre namn brukt på plassen steinen vart oppsett: Allmenningen, Plassen og Gildevangen.

Minnesteinen om soldatar i ufredsåra 1807-1814 står på Lægreidplassen, framfor Lægreid Hotell. I skriftlege kjelder finn me tre andre namn brukt på plassen steinen vart oppsett: Allmenningen, Plassen og Gildevangen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

På Lægreidplassen

Minnesteinen på Lægreidplassen syner godt. Som ei kjempesynål ragar han bortimot åtte meter i veret. Han er kring 60 cm brei nede og smalnar eit stykke oppe mot ein spiss i toppen. Steinen stod tidlegare med skrifta vendt nedover, men då dei i 1999 flytte steinen eit lite stykke, snudde dei han 180 grader slik at skrifta vender mot Lægreidplassen og hotellet. Lægreidplassen er eit namn av ny dato. I skriftlege kjelder har me kome over andre nemningar: Allmenningen, Plassen og Gildevangen.

På steinen står innhogge: STEINEN ER * SETT TIL MINNE * UM DEI SOGN - * DØLER SOM VAR * MED OG STRIDDE * FOR FEDRALAND * OG FRIDOM * 1807-1814 * 7. JUNI 1914.

"Bautaen på Gildevangen"

SogeheftetHeimbygdi várhar opplysningar om dei to 1814-1914-minnesteinane i hovudsoknet Sogndal. Om minnesteinen på Lægreidplassen står: "Lagsmenn i Sogndals skjotarlag leita fram steinen i Langhamrane innum Kvam. 8 meter lang. Tvo hestar fyre Fossvogni drog han ut i Fjøra der han fekk romet sitt på álmenningen nær heradshuset. Han vart botna i ein 1,5 m. djup sementstøyp (..)"

Sogns Tidende om steinane

Venstre-avisaSogns Tidendekom i 1914 ut i Sogndal og Jens Kvaale var redaktør. Avisa hadde god dekning av arbeidet med å reisa minnesteinar ved 100 årsjubileet for Grunnlova, og då særleg steinen avisa fekk som nær nabo. Men det manglar noko. Me har ikkje funne noko om avduking.

I februar 1914 fortel avisa at det er køyrd fram to "gilde" steinar. Den eine skal stå på kyrkjegarden til minne om soldaten og Eidsvollsmannen Nils Loftesnes. Den andre skal "venteleg" reisast til minne om sogndøler som var på grensevakt i krigsåra 1807-1814. Det er skyttarlagsfolk som har teke seg av den siste, får me vita. Fleire skyttarar har vore med på å dra steinen laus der han låg og få han transportert ned på "Ulvahaugen". Men folk er ikkje samde om kvar steinen skal stå. Somme vil ha han på "møtestaden i Prestadalen", andre meiner han bør stå på "Plassen". Avisa fortel at steinane er kring fem alner lange (1 al = 0,62 m).

Elles støttar avisa tanken om å reisa steinar til minne om dei som stod vakt om fedrelandet og stridde i åra 1807-1814. I Årdal har dei alt reist ein slik stein. Andre bør gjera det same, meiner avisa. Steinane treng ikkje å vera særs tilhogne eller staselege. Det greier seg om dei er høvelege frå "naturi si side".

Sogns Tidende seier óg noko om kva verd slike minnesteinar vil ha å seia i framtida:
"Slike steinar vil stå som minne fyrst og framst over dei som dei er sette til minne om, men framigjenom aari vil dei ogso staa som talsmenn um tankegangen i den tid som reiste steinarne. Dei vil staa som fedralandet sine talsmenn, og binda tankar og kjenslor saman fraa ætt til ætt, fraa hundradaar til hundradaar."

Stadvalet ikkje avgjort i slutten av april

Neste gong me høyrer om steinane er 21. april. Det er framleis to meiningar om plasseringa. Avisa skriv no at det ser ut til å vera større interesse for minnesteinen over deimangesoldatane som var på grensevakt, enn steinen over deneinesoldaten og Eidsvollsmannen Nils Loftesnes. Steinen over deimangevil folk sjå på meir som ein "bygdestein", ikkje minst fordi ein veit noko om fleire av soldatane. - Men no er det på tide at det vert teke ei avgjerd, minner avisa om.

Namn på soldatar

Sogns Tidende hadde i april 1914 fått kjennskap til namna på ein del av soldatane og opplysningar om korleis det gjekk med somme av dei:

Peder Ivarson Aaberge, fekk Dannebrogsordenen for djervskap i slaget ved Berby.
Jakob Barsnes, døydde på Fredrikstad sjukehus 1808.
Sjur Dvergedal, døydde same stad, same år.
Peder Vikjen, døydde før han kom heim.
Reppen, korporal, døydde på Romerike i "Smaaleni" [Østfold].
Jens Kvam.
Nils Hansen Svedal.
Anders Åmundson Fjæren.
Johannes Grøt.
Jens Torstad
Ola Jakobson Kvale.
Anders Anderson Kvale.
Lars E. Kvale.
Erik Reppen.
Erik Ospesete.

Steinen

Det ser ut til at skyttarlagsfolka valde ein annan stein enn den kring tre meter lange steinen avisa fortalde om i februar. Lengda stemmer ikkje med steinen på Lægreidplassen, heller ikkje funnstaden. Som referert ovanfor, fortel sogeskriftet at dei fann steinen "innum Kvam", det vil seia kring fire km inne i Barsnesfjorden.

Reist utan avduking?

"7. juni 1914" står det innhogge på steinen. Av dette ligg det nær å slutta at steinen vart reist til 7. juni og avduka denne dagen. Men me har ikkje funne stadfesting på at steinen vart avduka denne dagen. I ei velkomsthelsing 5. juni til folk på besøk frå Amerika, reknar avisa opp tre minnesteinar i Sogndal: på kyrkjegarden over Nils Loftesnes [avduka 17. mai 1914] og "landsmaaldiktaren" Henrik Krohn, og på Helgheim (folkehøgskulen) over H.M. Dahl og Mette Dahl [også avduka 17. mai 1914].

Og så står det: "Ved heradsbygningen er under reising ein kjempestein over soldatarne fraa 1814." Me får ikkje opplyst kor langt dei var komne med arbeidet to dagar før 7. juni, men dersom steinen var på plass søndag, 7. juni 1914, var det likevel inga avduking. Avisa melder nemleg tysdag 9. juni i samband med to korte notisar om 7. juni-markeringar i hovudstaden og ved Haraldstøtta i Haugesund, at "i Sogndal var her ingi festtilstelling. "Dagen gjekk som vanleg. Men det var daa aalmenn høgtid derved at alle flagg var uppe i bygdi."

Greidde dei ikkje å få steinen opp som tenkt til 7. juni, eller var det storbesøket frå Amerika av eit norsk-amerikansk musikk- og songarlag som kom i vegen? Laurdag 6. juni vart det skipa til stor mottaking for gjestene, og meir enn 1000 menneske strøymde til for å sjå og høyra. Mange kom med ekstrabåt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende. 00.02, 21.04, 05.06, 09.06.1914.
Kulturhistorisk leksikon: KAL/SFF-135.1420 Minnestein i Fardal om soldatar i ufredsåra 1807-1814

PERMANENT IDENTIFIKATOR