Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. november 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Rasmus Flo



Rasmus Flo (1851-1905) voks opp i grenda Flo i Stryn. Han gjekk lærarskulen på Stord og studerte språkfag ved universitetet i Oslo. Sidan arbeidde han som lærar i 10 år, deretter som skribent og nynorskforkjempar i hovudstaden. Han døydde i 1905, berre 54 år gamal. Straks etter tok folk i Flogrenda opp arbeidet med å reisa ein minnestein.

Minnesteinen er komen på plass, 14. april 1908. Emnet til steinen vart sprengt ut or berget eit stykke ovanom gardshusa. Biletet gjev eit godt inntrykk av at arbeidet med å reisa steinen ikkje var noka enkel oppgåve. Tjue vaksne karar er med på biletet.

Minnesteinen er komen på plass, 14. april 1908. Emnet til steinen vart sprengt ut or berget eit stykke ovanom gardshusa. Biletet gjev eit godt inntrykk av at arbeidet med å reisa steinen ikkje var noka enkel oppgåve. Tjue vaksne karar er med på biletet.

Eigar: Liv Fridtun.

Datering: 1908.

Fotograf: K. A. Aaning.

Rasmus Flo

Rasmus Flo (1851-1905), lærar, målgranskar og bladstyrar, tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1871, artium ved landsgymnaset på Voss 1873 og filologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo. Han arbeidde som lærarar i 10 år før han busette seg i Oslo. Flo skreiv tidleg på bygdemålet sitt. Han vart assistent for Moltke Moe i arbeidet med stil og rettskriving i Rolfsens lesebok, og han arbeidde i fleire år for Det Norske Samlaget. Flo var og med i den fyrste rettskrivingsnemnda for nynorsk saman med Arne Garborg. Han var i mange år bladstyrar for Syn og Segn, der han og skreiv mykje sjølv. Flo omsette fleire islandske skaldekvad. I det heile fekk Rasmus Flo ikkje liten innverknad på nynorsk skriftmål.

Nokre ord av Halvdan Koht

Halvdan Koht, ein nær medarbeidar i fleire år, har m.a. skrive desse orda:

"Rasmus Flo var den verste bokormen du skulde kjend; alltid sat han og grov i bøkene og las og skreiv. Det (kan vel tenkjast), at det var all denne innesitjingi i tronge hybelrom og stram tobakseim, som tok på helsa hans. (..) Men han hadde kvikna godt til siste året. Han sat uppe hjå meg eit par timar um onsdagskvelden den 29. november; me gjorde upp um "Syn og Segn" for næste året, og han var glad og lentug. Um morgonen etterpå låg han død i sengi."

Minnestein-nemnd

Kort tid etter at Rasmus Flo døydde, tok sambygdingen Jon Fridtun opp arbeidet for å få reist ein minnestein på fedregarden. Dei sette ned ei nemnd med Rasmus A. Nedre-Flo (Bendikt-Rasmus) som formann og Jon Fridtun som skrivar og forretningsførar. Etter brevskifte med Arne Garborg var det Fridtun som laga innskrifta på steinen. Nemnda sende ut oppmoding om å gje gåver til å dekkja kostnadene. Emnet til steinen fann dei i eit berg like ovanom husa på garden, og i april 1908 stod minnesteinen ferdig reist og klar til avduking.

Avdukingshøgtida

Datoen for avdukinga vart sett til søndag 2. august 1908. Nemnda kunngjorde hendinga og sende mange innbydingar til aviser og einskildpersonar. Det kom mykje meir folk enn nokon hadde venta. Dampbåten "Fridtjof Nansen" gjekk i skytteltrafikk mellom Mindresunde og Flo. Nær 1000 menneske var tilstades, somme kjelder opererer jamvel med 1500.

Folkehøgskulestyrar Elias Melvær heldt avdukingstalen. Elles var det tale av professor Nikolaus Gjelsvik, lærar Haakon Aasvejen, lærar Anders A. Lothe, m.fl. Det kom mange helsingstelegram, og det vart sunge tre songar laga særskilt til høgtida, to av Anders Hovden og ein av Jon Fridtun.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lothe, Anders A: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.
Norsk Allkunnebok. Band 4. Oslo 1952.
Fridtun, Liv: Jon Fridtun 1867-1914. Målmann, diktar og idealist. Storfagsoppgåve i nordisk. Volda 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR