Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein over Anna Vereide - søndagsskulearbeidar i Nordfjord



Året 1895 var ein merkedag på garden Tystad i Gloppen. Då samlast born for fyrste gong til søndagsskule i Nordfjord. Anna Vereide var ei av fleire bak tiltaket. Fleire søndagskular følgde snart etter, - på Sandane, andre stader i Gloppen og vidare. Anna Vereide var heile tida ei drivkraft. I lange periodar VAR ho søndagsskulen i Nordfjord. Ho døydde i 1945, og to år seinare reiste søndagsskulekrinsen i Nordfjord ein minnestein.

Anna Vereide (1877-1945), søndagsskulearbeidar og sydame. Ho var fødd og voks opp i Andersstova på Rasmusbruket under prestegarden på Vereide. Anna vart buande her heile livet, i Paktarstova, opphavleg ei røykstove som vart riven i 1947 i samband med ei vegomlegging.

Anna Vereide (1877-1945), søndagsskulearbeidar og sydame. Ho var fødd og voks opp i Andersstova på Rasmusbruket under prestegarden på Vereide. Anna vart buande her heile livet, i Paktarstova, opphavleg ei røykstove som vart riven i 1947 i samband med ei vegomlegging.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1940-talet.

Fotograf: Ukjend.

Minnestein på grava

Minnesteinen over Anna Vereide står på grava hennar på Vereide kyrkjegard. På steinen står namnet hennar samt datoar og årstal for fødsel og død, 19-3-1877 og 12-8-1945. Deretter står orda

FOR DET Å LEVA ER FOR MEG KRISTUS * OG DET Å DØY ER EI VINNING

Orda byggjer på Paulus brev til filipparane, 1.21. Nedst på steinen står: ELSKA OG SAKNA

Budde på Vereide

Anna A. Vereide var dotter til Anders Abrahamson Aske, f. 1839 og Ane Helene Eliasdotter Alme, f. 1846. Foreldra busette seg på Indre Vereide der Anders pakta Rasmusbruket under prestegarden. Anna var nummer to i ein syskenflokk på fem. Den yngste broren døydde som barn. Den eldste, Abraham, f. 1886, utvandra til Amerika der han utdanna seg til prest og vart særleg kjend for arbeidet sitt med den etter kvart internasjonalt vidgjetne bønefrukost-rørsla.

Paktarstova på prestegarden på Vereide vart fram mot århundreskiftet 1900 ein samlingsplass for kristeleg arbeid, mellom anna ved at det vart halde meir eller mindre regelmessige "småmøte". Anna vart buande i denne stova til ho døydde i 1945. Huset vart rive nokre få år seinare i samband med ei vegomlegging.

Fyrste søndagsskulen på Tystad

Anna vart i ung alder sterkt oppteken av søndagsskule. Ho kjende seg kalla av Gud til denne oppgåva. Saman med systera Inger og nokre andre var ho med og fekk i gang den fyrste søndagsskulen i Nordfjord. Det var i stova til Gunnar Tystad. Gunnar hadde snikra benker og laga tavle til å skriva på.

Søndagsskulearbeidar

Bygdeboka for Gloppen nemner Anna Vereide som søndagsskulearbeidar. Det passar godt. Heile livet arbeidde ho for søndagsskulen, dei fyrste åra med nye søndagsskular rundt i Gloppen, og i åra 1923 - 1940 som fast reisande 5-6 månader i året i Nordfjord krins av Norges Søndagsskoleforbund, skipa 1909 og reorganisert i 1921.

Skrift om søndagsskulearbeidet

På krinsmøtet i 1952 i Hornindal kom tanken opp om å samla stoff om søndagsskulearbeidet i Nordfjord. Kristiane Lotsberg tok på seg arbeidet både med å samla stoff og skriva hefte. Sidan det ikkje fanst skriftleg tilfang før etter 1921, måtte ho basera seg på eigne minne og munnlege kjelder, ikkje minst slikt Anna Vereide hadde fortalt henne. Heftet er framstilt i forteljande form, og mange stader høyrer me om Anna. Ein stad kjem fram ei særleg evne ho hadde som barnearbeidar.

"Anna Vereide var ein meister i forteljekunst. Ho reiv alle med seg, og aldri var ho i beit for nye, gode forteljingar."

Minnestein i 1947

Anna Vereide døydde 12. august 1945, 68 år gammal. To år seinare reiste Nordfjord krins av Norsk Søndagsskoleforbund ein minnestein på grava hennar. Det skjedde i samband med krinsen sitt årsmøte på Sandane 3. og 4. mai 1947. Søndag kl. 10 samlast deltakarane ved grava og prost Olav Kvåle, som òg var ein engasjert søndagsskulearbeidar, heldt minnetale. Han teikna eit klårt bilete av denne varmhjarta, kloke og framfor alt brennande kristne kvinna. Kvåle slutta med orda som står innhogge på steinen: Det å leva er for meg Kristus og det å døy er ei vinning. Etterpå vart det lagt ned blomar frå krinsen ved Jon Austrheim og frå Norsk Søndagsskoleforbund ved Sverre Jensen.

kjelder:

Lotsberg, Kristiane: Sundagsskulen i Nordfjord. Frå 1895 og frametter. 1954.
Fjordabladet. 13.05.1947. Nordfjordeid.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band IV, s. 332. Sandane 1992.
Opplysningar frå:
Asbjørn Gjengedal, Gloppen.